Nyheter

Statsvitskapens glødande guru

KRONIKK: Den nye biografien om Stein Rokkan viser kvifor vi gjorde rett i å ville forstå Rokkan, skriv Svein Tuastad, statsviter og førsteamanuensis ved UiS.

Den intellektuelle arven etter Stein Rokkan er enorm. Men kvar har det vorte av teoribyggjande norske statsvitarar i dag? Vi sit i eit grupperom på Sydnes skole på Nygårds-høgda, på folkemunne også kalla for Leninhøgda, i Bergen midt på 1980-talet. Det er kollokviegruppe for grunnfagsstudentane i samanliknande politikk. Temaet er stats- og nasjonsbyggingsmodellen til Stein Rokkan, pioner og guru i det samanliknande studiet av politikk. Ein av medstudentane mine heng seg opp i det kollokvieleiaren nettopp har sagt, at modellen om stats- og nasjonsbygging, av alle ting, er tredimensjonal.  Ein ting er altså prosessane som må til for å få i bygd staten og deretter nasjonen. Men å få det inn i hovudet at det er tredimensjonalt? Krisekjenslene breier seg. Etter kvart prøver vi alle å forstå mysteriet, at modellen til Rokkan om korleis eit land blir eit ekte land med nasjonalkjensle og skattesystem, er tredimensjonal. Kombinasjonen av ærefrykt og ungdommeleg fagleg begeistring, gjorde at Rokkan sin modell, den måtte vi berre forstå. Vi var trass alt «sampol-studentar», og det var vi stolte av. Det er eg for så vidt enno.

Den nye biografien om Stein Rokkan viser kvifor vi gjorde rett i å ville forstå Rokkan. Å bruke ekstra tid på å trenge igjennom ganske lite lesarvennlege tekststykke var verdt strevet. Rokkan gav valuta for pengane.

Biografi som er Rokkan verdig 

Den flunkande nye biografien om Rokkan, skriven av Arild Stubhaug, fyller eit tomrom. Tidlegare har ein av dei statsvitarane som personleg lærte mykje av Stein Rokkan, Bernt Hagtvet, fått samla eit utval av dei viktigaste tekstane til Rokkan og gitt dei norsk språkdrakt, i boka «Stat, nasjon, klasse. Essays i politisk sosiologi» (1987). Det Stubhaug maktar i si nye bok, i tillegg til å gjere greie for dei tradisjonelle biografiske opplysningane om Rokkan sitt liv, er å vise både kor ideane til Rokkan kom frå, og kva som var det vesentlege i tekstane hans.

Slik Rokkan sjølv stundom kunne vere det i tekstane sine, er også boka om han i overkant detaljert for den jamne lesar. Men alle som er interesserte i samfunnsvitskap, vil kunne glede seg over å lese om, og gjennom lesinga kunne forstå endå betre, ein av norsk samfunnsvitskap sine viktigaste premissleverandørar gjennom tidene.

Rokkans bidrag

Dei store forskingsbidraga til Rokkan galdt særleg korleis veljarane og partia reflekterer historisk bestemte skiljelinjer. 
Skiljelinjene gjaldt ikkje berre mellom klassar. Også kulturelle skiljelinjer og motsetningane mellom sentrum og periferi utgjorde premiss for politisk orientering. I sum kunne kvart land si samansetjing av skiljelinjene vere med og forklare kvifor eit parti fekk oppslutnad i det eine landet, men ikkje det andre. Rokkan laga teoretiske forklaringsmodellar som framleis har stor relevans til dømes for å forstå oppslutnaden om Senterpartiet.

Dessutan laga han modellar, jamvel tredimensjonale altså, over korleis stats- og nasjonsbygginga har gått føre seg. Han fornya samfunnsvitskapen ved å bruke historiske data til å forstå notida og ved å samanlikne land for å finne fram til mønster som gjeld alle.

I tillegg til dei eigne, nye faglege bidraga han utvikla, var Rokkan også ein av dei store institusjonsbyggjarane i norsk samfunnsvitskap. Han oppretta personlege band, reiste på møte frå Paris til USA og tilbake att til Berlin for å følgje opp det som skulle bli store datasamlingar. Dei skulle igjen gjere det mogleg å samanlikne utviklinga i land. Kva er mønsteret som går att? Kvifor vart partisystemet slik i Nederland, men ikkje i Sverige? Kva forklarer skilja mellom landa? Rokkan prøvde å gje svar i store samarbeidsprosjekt. I datasamlingane låg det løynd skattar for dei gullgravarane som leita godt nok, meinte han. Han var sjølv ein av dei.

Dei gode forskingsspørsmåla

Ein av dei klassiske tekstane til Stein Rokkan handlar om korleis demokratiet fungerer – røystene tel, men ressursane avgjer, er den fyndige oppsummeringa til Rokkan. Teksten illustrerer kor skarpt Rokkan analyserte og kor gode, i tydinga relevante, forskingsspørsmåla var. Dei ikkje-sosialistiske partia taper det eine valet etter det, andre, det må vere trøysteslaust for veljarar og partimedlemmer, konstaterte han som oppsummering av dei første tiåra i etterkrigstida. Men kvifor kjenner dei seg ikkje kua som i ein eittpartistat? Vinn dei fram på andre måtar slik at det gir meining å drive med politikk?

Og analysen hans var nettopp at det gjorde dei. Partipolitikk er viktig. Men måten organisasjonane samarbeider på, gjev stor innverknad for samfunnsgrupper jamvel om «deira» gruppe ikkje hadde politisk fleirtalsmakt. Organisasjonskanalen supplerte den politiske kanalen og batt sentrale samfunnsaktørar saman i eit felles system.

Meistermøte

Jens Arup Seip var ein ruvande historikar som Rokkan beundra. Dei to veksla brev og tankar, og på Røros på forsommaren i 1974 fann det stad eit meistermøte det sidan gjekk gjetord om. Då kom Seip med det mange oppfatta som ein grunnleggjande kritikk av sentrale modellar Rokkan hadde utvikla, i gjennomgangen galdt det først og fremst skiljelinja hans mellom sentrum og periferi. Det var ei for enkel skiljelinje, for røyndomen var meir kompleks, hevda Seip. Og dei ulike slaga av motkulturar sprang ikkje alltid ut av den same einsarta periferien som Rokkan opererte med. Rokkan vart eit offer for, som Seip pregnant formulerte det, modellane sitt tyranni.

Rokkan hadde lese kritikken på førehand. Han oppfatta kritikken som konstruktiv, og gjekk i beste akademiske tradisjon inn i ein byggjande dialog med Seip. Konklusjonen hans der han kvitterer ut mot å åtvare mot detaljane sitt tyranni er klassisk i samfunnsvitskapens historie i Noreg: «Kanskje kan vi  da i fellesskap underkaste oss modellenes ytterst temporære tyranni – for nettopp å kunne stå sterkere i kampen mot det permanente, det langt farligere tyranni, detaljenes.» (side 365).

Teoribygging før og no

Det verkar ikkje alltid som om Rokkan slapp heilt unna det siste tyranniet heller, i alle fall ikkje for studentar som strevar seg igjennom svært detaljrike Rokkan-tekstar. Men det var like fullt ei fagleg leiestjerne for Rokkan å byggje teori. Han kunne typisk spørje, etter at dei hadde fått samla inn og analysert valdata frå ulike kommunar: «Men hva har vi fått ut av alt dette materialet: hva har vi kunnet vise av nye resultater, hva har vi kunnet gi av ny innsikt, av nye teoretiske perspektiver?» (side 348).

Kvifor er det så få norske samfunnsvitarar som går i spora til Rokkan når det gjeld å byggje teori?

Kanskje det heng saman med utforminga av universitetspolitikken. I dag er det typisk for framgangsrike samfunnsvitarar å gå i djupna på ganske innsnevra faglege tema. For Stein Rokkan var det omvendt. Rokkan lagde mange modellar baserte på breitt tverrfagleg tilfang – det var ein del av hans ide om kva samfunnsvitskapen skulle vere.

I sosiologi og statsvitskap utvikla det seg utover på 1960- og 70-talet to tradisjonar, den tekniske og den lærde kjerne, som Rokkan kalla det. I den eine tradisjonen sat dei sat med nasa nedi tala; dei andre løfta blikket og kom med luftige oversyn; dei kunne sin teori. Rokkan ville – og makta – byggje bru og kombinere dei to verdene.

Særleg i første delen av den akademiske karrieren sin flaksa Rokkan som ein sommarfugl frå det eine store emneområdet til det andre. No var ikkje det fordi han nødvendigvis sjølv ville det skulle vere slik. Men han måtta ta dei moglegheitene som baud seg, og då han etter kvart stifta familie, kunne han ikkje spare pengar ved å sove med frakken på slik han og studiekompisen ofte hadde gjort på loftsrommet i Oslo. Ein gong hadde studiekompisen brukt pengar på ved slik at det blei godt og varmt. Då vart Rokkan litt gretten. Kva om dei vende seg til å ha det varmt, no? Då ville jo den jamne kvardagen verte eit vonbrot. Ja, den studietida krev sine offer.

Ein annan grunn til at det er lengre mellom drammane med omsyn til ny statsvitskapleg teori, kan ha å gjere med korleis påskjøningssystema i universitetssektoren er i dag. Under New Public Management er talet på artiklar telt, ført nøye rekneskap med og påskjøna. Det fremjar kvantitet, men knappast kvalitet og heller ikkje nødvendigviv alltid relevant forsking. Lærebøker eller arbeid som drøfter viktige samfunnsspørsmål, er det nærast åtvara mot i dei departementale incentivsystema. Nokre av dei norske tidsskrifta Rokkan publiserte i, som til dømes Samtiden, får ikkje utteljing i dagens system fordi dei er for orienterte mot samfunnet.

Det kjennest godt å lese kor befridd Rokkan si universitetspolitiske tenking var, til dømes frå dagens innovasjonssvada. Rokkan oppmoda om å slå ring om «universitetene som arnesteder for pluralistisk, konfliktaksepterende forsking og for uhemmet spredning av motekspertise» (side 274). Samfunnsfaga skulle vere eit fellesskap for kritisk utforsking av samanhengar og utviklingstendensar i samfunnet, meinte han  (side 275).

Framsynt om studentane

Eg finn fram att modellen vi diskuterte slik i kollokviegruppa på 1980-talet; den er no ikkje så vanskelig som vi ville ha det til. Den gongen var eg litt over 20 år.  Seinare har eg skjøna at det beste rådet til studentar er det motsette av det vi heldt på med den gongen: Gjer det heller enkelt. Forstå det på din måte og vi merksemda di til verkeleg å forstå det viktigaste.

Då Stein Rokkan i dei tidlege etterkrigsåra var i 20-åra, var han alt i gang med å planlegge korleis samfunnsvitskapen skulle bygge det nye Noreg. I samfunnsvitskapen var verda ennå ung. 
  
Det er underleg å lese om kor framsynte dei pedagogiske ideane Rokkan ikkje berre gav uttrykk for, men også praktiserte, var. Vi må trekkje med studentane i forskingsarbeidet, få dei til å vere med på dei delane som kan passe, sa han. Og undervisninga var ofte seminarbaserte samtaler der skiljet mellom forelesar og student delvis løyste seg opp i ein felles-akademisk samtale. Rokkan heldt fast på prinsippa også etter at også etter at studieeksplosjonen endra universiteta om til masseproduksjonsbedrifter, og då det ikkje lenger berre var 10-15 andektige studentar som gjekk med han på kafé etter forelesinga for å halde fram med samtalen.

I dag er nettopp desse tankane om å trekkje med studentane på ny i skotet, heldigvis, etter at våre politiske styresmakter i årevis har innført det eine mekaniske utteljings-systemet etter det andre for å få universiteta til å produsere flest mogleg studentar på billigast mogleg måte. Dei samfunnsfaglege universitetsinstitutta måtte for alt i verda ikkje verte «en fabrikk for produksjon av eksperter og teknokrater», meinte Rokkan. Spørsmålet er om ikkje vi i akademia alt har latt det gå for langt i den retninga Rokkan åtvara mot, om vi har godtatt for mykje.

Breie skuldrer 

It is better to burn out, than it is to rust, song Neil Young. Stein Rokkan fekk aldri tid til å ruste. Han brann for vitskapen frå han stod opp til han la seg. Til slutt brann han ut. Helsa svikta, han døydde berre 58 år gamal. Men flammen vert bore vidare.

I vitskapen står vi på skuldrene til dei som fann ut ting før oss. I metaforisk forstand er det knapt nokon norske samfunnsvitarar som har hatt breiare skuldrer til å bere med enn Stein Rokkan.

Den nye biografien om Stein Rokkan viser kvifor vi gjorde rett i å ville forstå Rokkan.

Mer fra Dagsavisen