Debatt

Statens vegvesen: – Utskjelling og sjikane er ikkje greitt!

DEBATT: Statens vegvesens medarbeidarar opplever høglydt sjikane, trugsmål, trakassering og ukvemsord frå publikum, skriv direktør Arve Tjønn Rinde i Statens vegvesen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Arve Tjønn Rinde, direktør for trafikant- og køyretøyavdelinga Statens vegvesen Region vest

Fleire av mine medarbeidarar opplever høglydt sjikane, trugsmål, trakassering og ukvemsord frå publikum.

Dei siste åra har me opplevd mange oppslag i media om politikarar og andre offentlege personar som blir utsett for knallhard hets, sjikane og trugsmål. Det ser rett og slett ut som respekten for folk i offentleg teneste har blitt meir og meir borte. På TV skjermen ser me dagleg hendingar der einskilde personar blir hengt ut, og der ein stadig tøffare retorikk blir brukt for å markere sitt standpunkt. Grensa for kva som er innanfor blir stadig flytta, og den såkalla gråsona blir stadig utvida!

I Statens vegvesen opplever me at fleire av våre medarbeidarar blir høglytt utskjelt og sjikanert på grunn av at dei samvitsfullt berre gjer jobben som dei er sett til å gjere.

Ein tilsett i Statens vegvesen er ein offentleg tenestemann og utfører dermed oppdrag på vegne av samfunnet.

Kvar veke har me hendingar der våre tilsette får ufortent mykje kritikk. Vi har døme på at kontrollørar langs vegen blir skjelt ut av sinte sjåførar når me påpeikar feil eller farlege forhold i ein kontroll. Me har kontrollørar som blir omtalt som totalt ubrukeleg, og får høyre at dei verken kan lesa eller skriva. Dette har skjedd når kunden ikkje fekk godkjent køyretøyet sitt under kontroll på ein av våre trafikkstasjonar. Me har og fleire saker der kundar kjeftar på våre tilsette fordi dei meiner regelverket vårt er for strengt.

Unge saksbehandlarar blir skjelt ut høglytt i skrankane av sinte kundar som har blitt avskilta og må kjøpe prøveskilt. Dette fordi vedkommande sjølv ikkje har klart å betale forsikring og årsavgift tidsnok eller utført EU-kontroll. Sensorar har opplevd kandidatar som tar tak i og trugar sensorar som rettmessig har strøket ein kandidat frå ein førarprøve. Diverre har me også eksempel på kundar som går så langt at dei kontaktar våre medarbeidarar på telefon eller heng dei ut i sosiale media. Dette gjer sjølvsagt noko med den som er tilsette hos meg for å gjere denne jobben.

Me har full forståing for at ein kan oppleve ubehag når vi gjer kontrollar eller tilsyn. Særskilt dersom ein veit at ikkje alt er heilt på stell. Nokon legg mykje prestisje og forventningar i det å køyre opp til ein førarprøve. Då er fallhøgda stor om ein sensor seier at ein ikkje sto på førarprøven. Våre sensorar er trena på å formidle den dårlege bodskapet på ein profesjonell måte, men opplev diverre at kandidaten ikkje alltid er mottakeleg eller førebudd.
Likevel rettferdiggjer det ikkje å skjelle ut, sjikanere, truga eller på anna måte trakassere ein tenestemann som gjer denne jobben. Statens vegvesen har ikkje toleranse for slik åtferd, og alle forhold blir rapportert som uønska hendingar og vidare meld til politiet.

Statens vegvesen forvaltar ei rekkje lovar og forskrifter som handlar om trafikktryggleik langs vegane. Me skal sørge for at trafikantar har nok kunnskap og kompetanse til å køyre ein bil, motorsykkel, buss eller trailer når dei set seg bak rattet. Me er eit kontrollorgan overfor køyretøy som bilar, bussar, lastebilar og trailerar, og vi har kontrollmyndigheit til å sjekke at du som førar ferdast i eit sikkert køyretøy med gode dekk og bremsar, og at teknisk tilstand og sikring av last er i tråd med lova.

Me driv tilsyn med trafikkskolar og verkstader. Dette gjer vi for at alle innbyggjarar skal vere trygge på at alle som køyrer bil har fått ein god og riktig føraropplæring. Like viktig er det at dei som eig bilar får reparert bilen sin av eit godkjent verkstad som har personell med riktig kompetanse og kvalifikasjonar til å utføre dette arbeidet.

Statens vegvesen forvaltar eit komplisert og omfattande regelverk som stadig er i endring. Nokon opplev difor at ting kan bli gjort annleis enn sist gong, og at våre faglege vurderingar gir eit anna utfall ein dei hadde sett føre seg. Sjølvsagt kan vi gjere feil, og då ønsker me raskast mogleg å rydde opp i det. Me er open for faglege diskusjonar og set stor pris på å få saklege tilbakemeldingar i form av ris og ros. Dette skal då løftast til ein leiar i Statens vegvesen og ikkje råka ein tilfeldig sakshandsamar.

Som alle andre arbeidsgivarar har me eit viktig ansvar for å ta vare på våre medarbeidarar. Dette gjeld helse, arbeidsmiljø og sikkerheit. Eg vil ikkje at mine medarbeidarar skal føle seg utrygg verken på jobb eller på fritida. Tilsette i offentleg sektor skal sleppe å oppleve høglydt sjikane, trakassering og truglar fordi dei gjer ein teneste for deg og resten av samfunnet.

Mer fra: Debatt