Debatt

Parken på Siriskjeret

DEBATT: Stavanger øst er i ferd med å få ein fin park, men kvifor stoppe der?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Jarl Wåge

Hadde eg vore ung, hadde eg tatt baklengs salto i pur glede over at Stavanger kommune driv og utviklar ein flott park på Siriskjeret i Stavanger øst. Ikkje minst fordi eg er så heldig å bu slik til at eg har utsikt utover parken og kan leggje ut på daglege vandringar gjennom herlegdomen.

I min alder er ein slik park nettopp ein stad der ein kan vandre og bruke kroppen. Eller sitte på ein benk og kontemplere, nyte utsikta, sjå på andre som oppheld seg der, på svanene som har annektert kanalen og stadig glir majestetisk forbi og ta stemningsbilde av bygningar på Lervig-sida som speglar seg i blankt vatn. Men denne parken er ikkje tenkt for bare sånne som meg. Det ligg heilt sikkert planar klare for vidareutvikling. Sidan eg ikkje veit kva desse planane går ut på, vil eg komme med nokre innspel.

Ved det som i dag er enden av parken ligg det ein diger uinnbydande plass dekt med grus. Nokon har fortalt meg at det der skal komme eit digert nybygg. Då streikar alt i meg. Dei har vel ikkje tenkt å tilrane seg parken si utsikt mot fjorden, båttrafikk og blånande Ryfylke-fjell i det fjerne? I ein bydel i stadig vekst treng bebuarane utsikt, ikkje fleire veggar å glane inn i. Med eit nybygg der vil parken i hovudsak bli nettopp for sånne som meg i staden for ein stad der folk frå heile byen kan boltre seg.

Kvifor ikkje tenkje større enn som så? Stavanger kommune bør sørge for å innlemme denne plassen i parken og gje han eit ansikt mot fjorden. Kva med ei diger badebrygge ytterst med trappetrinn ned til vatnet og eit stupebrett? Ein stad der ungdom kan komme og henge på godversdagar. Eit slags Mini-Sørenga, denne gigantsuksessen av ein badearena som er utvikla i Oslo.

Innanfor kunne ein byggje opp eit leike- og klatreapparat. Ikkje eit kva som helst slags slikt apparat. Men eit som er så stort, så spennande, så utfordrande, så ekstraordinært at barnefamiliar frå heile byen legg turen dit så barna får utfalde seg. Så spektakulært at når dei har vore der ein gong, så tiggar barna om å få dra attende.

Så til det estetiske. Langs Siriskjeret har det grodd fullstendig igjen med eit villniss av buskar. Dei står der som ein ugjennomtrengeleg vegg mellom gata og parken. Eg håper dette skal fjernast. Det er allereie planta nokre tre innanfor. Kva med fleire tre i tillegg? Eit par epletre, japanske kirsebærtre, nokre rhododendrobuskar?

Ut mot gata kunne ein kanskje byggje nokre korte «leveggar» med litt avstand mellom der kunstnarar kan få utfalde seg med gatekunst som Stavanger by har så mykje av allereie.

Stavanger øst er i ferd med å få ein fin park. Og det er fabelaktig at det blir satsa på slikt. Men kvifor stoppe der? Kvifor ikkje bestemme seg for at dette skal bli ein park det går gjetord om? Ein park som byr på opplevingar utanom det vanlege, ein magnet og ein tumleplass for alle som bur i denne flotte byen?

Mer fra: Debatt