Leder

Nynorskstryk for UiS

LEIAR: Kjensla av at det ikkje er så farleg med den hersens nynorsken, har fått lov til å leva altfor lenge i universitetsmiljøa, skriv Bjørn G. Sæbø.

Dette er en leder. En leder er en kommentar som gir uttrykk for avisens meninger og holdninger.

Det ligg i dagen at universiteta er mellom dei statlege institusjonane som lettast kan tilpassa seg krava i mållova om 25 prosent nynorsk. Medan Vegvesenet, forvaltninga og Skatteetaten i ganske stor grad held seg innanfor krava, slit universiteta. Universitetet i Stavanger har til dømes berre 11,8 prosent av artiklane på nettstaden sin på nynorsk, medan andre tekstar ligg på eit endå lågare nivå.

Det er ikkje berre UiS som trøblar med nynorsken. I fjor skreiv Forskerforum om Universitetet i Agder som kom med framlegg om å dempa nynorskkravet fordi dei bruker så mykje tid på å utarbeida og omsetja informasjon til engelsk. «Det går på bruk av ressurser», sa UiA-direktøren til Forskerforum. Kva dei UiS-tilsette har av orsakingar er uvisst, men medan nynorskmotstand i andre samanhengar kan forklarast, er motstanden i akademia truleg utslag av snobberi og intellektuell latskap.

Nettopp UiS utmerka seg ved semesterstart i fjor haust, då opninga gjekk føre seg på engelsk. Omsynet til utanlandske studentar er til å skjøna, men dette kan ein handtera på andre vis enn å utradera sitt eige språk. Det er ein logisk brest når elles velutdanna menneske som skriv utmerka bokmål, engelsk og anna fint ikkje maktar å uttrykka seg slik mållova krev. Ifylgje Aftenbladet uttalar Iselin Nybø (V), statsråd for forsking og høgare utdanning, at «nå er det skjerpings».

Det gjer Nybø rett i å seia, men det er påfallande at ho ikkje gjer anna enn å vera uroa. Konkrete tiltak vert som vanleg ikkje snakka om. På alle andre område enn krava til 25 prosent nynorsk, vert universiteta sett grundig i korta. Kjensla av at det ikkje er så farleg med den hersens nynorsken, har fått lov til å leva altfor lenge i universitetsmiljøa. Den nye UiS-rektoren er nynorskbrukar og kan nok finna fram spanskrøyret, men frå regjeringa bør det koma tyngre tiltak enn eit «skjerpings». LES OGSÅ: Nye Stavanger-plan for nynorsk - men ingen tvang

Mer fra: Leder