Debatt

Er rusen hovudproblemet, eller?

KRONIKK: Det er underleg at debatten ikkje i større grad tek oppi seg det førebyggande aspektet.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Anne Kristin Bruns, utvalsmedlem Helse- og velferd, KrF Stavanger

Har du ein du er glad i som drikk for ofte eller for mykje? Er du bekymra for nokon som røyke hasj eller bruke andre ulovlege rusmidlar? Kvar skal ein då gå for å få hjelp?

I desember 2019 vart det lagt fram rapporten «NOU 2019: 26 Rusreform – fra straff til hjelp». Mykje av debatten i etterkant har handla om spørsmålet om avkriminalisering av rusbruk.

KrF er einige i hovudkonklusjonen i rapporten  om at vi skal flytte prioritering i ruspolitikk frå straff til hjelp. Samtidig vil vi ikkje gjere noko som kan senke terskelen for rusbruk eller legalisere bruk av rusmidlar.

Vi i KrF vil auke fokus og prioritering på hjelp til rusmisbrukarar. Auka rusbruk i dei yngste aldersgruppene er bekymringsfult. For enkeltpersonar og samfunnet har det stor betydning at vi lukkast med tidleg innsats på rusområdet. Sjølvsagt skal dei som har eit langvarig rusmisbruk få den rette hjelpa dei treng, men her handle det om unge i risikosona.

LEDER: «Sjynnare» å kjøre buss + bysykkel»

Allereie i 2015 stod KrF bak oppretting av et prosjektet Tett på. Målgruppa var unge rusmisbrukarar i Stavanger kommune. No ønsker vi at dette skal brukas som modell i resten av landet.

Tett på vil hjelpe unge brukarar av lovlege og ulovlege rusmidlar til å være sjef i eige liv. Ungdom i alderen 16-25 år som står i fare for eller har eit rusproblem, får ei samordna og tett oppfølging til å endre sin rusadferd og bli i stand til å utføre skule/arbeid. Det blir sett inn store ressursar (ytelsessjokk) i ei avgrensa periode for å motivere ungdommen til å sjå at der er moglegheiter for å endre kurs.

Samordna og målretta hjelp gjennom prosjektet ser ut til å ha ført til ein positiv utvikling for mange unge brukarar med rusproblem. Samarbeid med vidaregåande skular, helsesøster, helsestasjon for ungdom, utekontakten o.s.v. har vore viktig for å få til eit koordinerande samarbeid for den enkelte ungdom. Kontakt med ungdommane skjer gjennom eit samarbeid med andre etatar. Ungdommane blir henvist frå NAV gjennom  bustadkonsulent, ruskonsulent, Rupo (rus/psykiatrisk poliklinikk) for å nemne nokre. I tillegg kan det vere utekontakten eller pårørande som tek kontakt. Dei har ei eiga Facebook-side med informasjon som gjer det lett å kome i kontakt med fagkonsulentane.

I Stavanger kommune sin Ruspolitiske handlingsplan som vart vedteke i bystyret juni 2019, står det at prosjektet blir vurdert forankra hos K46  (Kongsgt.46) som er eit utvida tilbod nettopp til den same gruppa.

DEBATT: Flere eldre skal bo hjemme, noe som betyr at «varme hender» må erstattes med «kald teknologi»

Tett På jobbe med det som ein kalle «Recovery-orientert praksis», eller bedringsprosessar. Recovery er ei haldning innan rus og psykiatri som støtter opp moglegheiter og tru på at menneske kan leve meiningsfulle og tilfredsstillande liv til tross for psykiske problemer eller lidingar. Vere sjef i eige liv. Målet er altså ikkje rusfrihet for alle, men å støtte unge for å oppnå betre fungering og rammer, som igjen gjev betre livskvalitet. Rammene er ofte å skaffe bustad, organisere kvardagen gjennom arbeid eller kome tilbake til skulegang. Dette er for å få orden på ein del stress i kvardagen slik at ungdommen kan tenke framover.

For mange unge i dag kan rusen vere ein type sjølvmedisinering for å dempe smerte av angst og stress. Ein må røyke hasj for å få sove, eller ein drikk alkohol for å dempe angsten. Når ungdomar får hjelp til å minske stresset og får orden på livet, kjem også andre ting på plass. Mellom anna erfare ungdommane at rusen blir mindre viktig og ikkje er hovdeproblemet. Som ei sa det i eit intervju i Gatemagasinet Asfalt (2017) «Før var det mye narkorus, og mye tenking på penger. Nå føler jeg meg mer menneskelig, eller mer vanlig om du vil. Jeg er ikke helt utenfor samfunnet lenger.» 
Arbeidet med disse ungdommane starte ofte med uformell kontakt. Ein vil flytte fokus vekk frå rusen og lovbrotet, og heller fokusere på ungdommen sin situasjon. Alt skjer i nær og tett dialog med ungdommen sjølv, der ein i enkelt tilfelle også kan henvise til behandling. Fagkonsulentane hjelpe ungdommen å navigere i sitt eige liv.

I vår by har vi menneske som ikkje kvalifisere for psykiatribehandling, men som likevel streve med livet, er i ein sårbar situasjon og har utfordringar med rus, og i dag er det cirka 50 ungdomar i dette prosjektet.

Som kommunepolitikar er eg særleg oppteken av rusførebygging. Førebygging har alltid vore ei viktig sak for KrF, og det er underleg at debatten i det offentlege rom ikkje i større grad tek oppi seg det førebyggande aspektet i forhald til rus og rusbruk. Når vi då veit at haldninga blant fleire og fleire ungdommar som kjem i kontakt med rus er at «dette er ikkje så farleg, det blir snart legalisert» synest eg at dette tek debatten i feil retning.

DEBATT: «Sverd i fjell bør bli nytt kommunevåpen»

KrF sitt mål er å beskytte menneske som treng det og redusere skadeverknadane ved bruk av rus. Og det ser også ut til å vere ein av utvalet sine intensjonar i  rapporten. Slik eg les rapporten er det akkurat eit tilbod som Tett På-kommunane bør ha i framtida. Her tenke eg at ein er med på å endre kursen for enkelte ungdommar, slik at rusen ikkje lenger er eit problem.

Mer fra: Debatt