Nyheter

Munnbind er nettopp det; munnbind

DEBATT: Kva er det med folk i Stavanger-området? Trur vi at vi er dyppa i ei vernande væske som krigaren Achilles i gresk mytologi? Ei væske som gjer oss fullstendig usårbare?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Jarl Wåge.

Eller kanskje vi trur vi har ein skytshelgen som vernar oss mot alt vondt? Ein slags hårfager Sankt Harald som vaktar over og forsvarer kvar einaste rogalending?

Om det ikkje er slik at vi har fått med oss eit halvt ordtak og trur det bare heiter «betre etter snar»?

I så fall er vi skikkeleg ute å kjøre. Vi må huske at Achilles hadde ein sårbar hæl som ikkje var dekt av det vernade fludiumet. Ein hæl som på tragisk vis blei hans bane. Ikkje trur eg vi skal sette vår lit til Sankt Harald heller. Same kor gjerne vi vil, så er han ein saga, blott. Og dette ordtaket vi sjonglerer med; det heiter: «Betre føre vâr enn etter snar».

Sist veke var eg på gjennomreise i Hansa-byen Bergen på veg frå Nordfjord til Stavanger. I det eg gjekk på land i Vågen, følte eg umiddelbart at eg var blant mine eigne. Ikkje på grunn av dialekten min, ikkje for måten eg var kledd på eller tedde meg på. Rett og slett fordi eg ikkje følte meg som ein kuriositet, ein outsidar, ein raring fordi eg gjekk med munnbind.

Det gjorde nemleg veldig mange andre byen òg. Ikkje nødvendigvis når dei var ute i gatene, men munnbindet kom automatisk på når dei gjekk inn i ein butikk. Folk som steig av bussar, hadde munnbind alle som ein. Eg kikka inn i ei bybanevogn. Samtlege passajerer hadde dekt seg til. Truleg fordi det var påbode. Folk som jobba i butikkar, frisørar, apotekpersonale, dei som serverte meg ein dobbel cappucino på ein café med c, alle som ein visste at dei hadde ein Achilles-munn eller -nase. Difor hadde dei på seg munnbind.

Sjølvsagt fordi Bergen har vore ille ute når det gjeld koronapandemien. Fordi byen er raud sone. Fordi smittetala har auka. Fordi myndigheitene har vore nøydde til å stramme inn og stille strenge krav til innbyggjarane for at smitten ikkje skal spre seg enda meir.

Tilbake i Stavanger var alt ved det gamle. Det var veldig få å sjå med munnbind. Igjen var eg ein kuriositet. Ein som skilde meg ut frå mengda. Ein som fekk blikk; undrande, overberande, mistenksame.

På den amerikanske tv-kanalen CNN gjentek dei følgjande bodskap fleire gongar om dagen: «Eit munnbind er ikkje eit politisk standpunkt. Det er ganske enkelt eit munnbind.» Noko Trump sjølvsagt er usamd i. På dei fleste kanalar gjentar leiande medisinske ekspertar stadig: «Ha på deg maske. Det og å halde avstand er sikraste måtar å unngå smitte på». Norske ekspertar seier nøyaktig det same. Ja, i alle land er det dette som er sjølve nøkkelen i kampen mot pandemien så lenge vi ikkje har ein vaksine.

Vi har vore flinke i Stavanger og resten av fylket. Veldig flinke. Folk har vore lojale til myndigheitene sine retningslinjer. Vi har endra samversform og måten å leve på. Og vi har vore heldige. Smittetala har månad etter månad vore lave. Så lave at det har vore freistande å gje litt slakk. Gje litt faen. Få litt spenning tilbake i livet.

Akkurat no er smittetala aukande i vårt distrikt òg. Ikkje alarmerande. Ikkje dramatiske. Men aukande. Då bør varsellampane lyse. Det må justeringar til for å unngå at smittetala ikkje skal bli alarmerande og dramatiske. Det er ikkje snakk om radikale endringar. Det er ikkje snakk om ny nedstenging, men rett og slett tiltak for å hindre at vi hamnar i raud sone. Gjer vi det, må det meir radikale tiltak til.

Eg merkar at eg blir ei moralistisk, prektigprippen Tante Sofie-utgåve. Kvifor i all verda strøymer folk til matbutikkar og andre forretningar utan munnbind? Tidvis er det masse folk innom dørene samtidig. Så mange at det er umuleg å halde nødvendig avstand. Kvifor bruker ikkje dei tilsette munnbind? Nærkontakt med kundar er ofte uunngåeleg når dei må vise til rette. Då kan det smittast begge vegar.

Kvifor går ikkje apotektilsette føre med eit godt eksempel? Det virkar underleg at dei sel vernande munnbind, men ikkje tykkjer det er nødvendig for dei sjølve å bruke dei.

Lista er lang. Kva med frisørar som kjem tett på klientar? Lærarar som kvar einaste dag er omgjevne av hundrevis av elevar? Serveringspersonale som står på pinne og serverer oss mat og drikke. Munnbind vil vere ei billig forsikring for dei sjølve og oss som nyt godt av tenestene deira.

Ein drosjesjåfør som hadde på seg maske (alle har vel det?), sa til meg: «Det er som om folk tykkjer det er flaut med munnbind. Som om dei skammar seg. Som om munnbind er eit teikn på svakheit. Litt som dei som påstår at solfaktor er femi».

Covid-19 er dessverre framleis ein del av kvardagen vår og vil vere det ei stund enno. Viruset blir ikkje borte om vi er aldri så leie av det. Situasjonen krev stadig ein innsats av oss. Munnbind bør i større grad vere ein del av den innsatsen.

Om vi tykkjer det er flaut, pinleg, pinglete, får vi ta ein titt inn i alle bussane som forflyttar folk i området vårt. Veldig mange av passasjerane har tatt poenget:

Munnbind er bare det, eit munnbind.

Mer fra: Nyheter