Navn i nyhetene

– Forholdet til Russland vil bli som i den kalde krigen, om ikkje verre

Øyvind Nordsletten meiner invasjonen av Ukraina er eit vegskilje i internasjonale politikk.

Kven: Øyvind Nordsletten (77)

Kva: Brynemannen var Noregs første ambassadør i Ukraina. Han har også vore ambassadør i Russland. No er han pensjonert diplomat.

Kvifor: Torsdag morgon invaderte Russland Ukraina.

— Kva tenkjer du om det som skjer i Ukraina no?

— 24. februar 2022 vil gå inn i europeisk historie som ein mørk og tragisk dag då eit fredeleg Ukraina vart offer for den store naboens aggresjon. Vi står overfor eit vegskilje i internasjonal politikk. Det vil ikkje bli som før.

Øyvind Nordsletten

— Korleis vil du beskrive situasjonen i Ukraina og Russland no?

— Det er krig i hjarta av Europa der målet er å fjerna den lovleg valde regjeringa i Kiev. Eit land vert øydelagd og folk lir.

— Hadde du trudd at denne konflikten skulle gå så langt som den no har gjort?

Ei stund trudde mange at det ikkje ville kunna skje noko så drastisk. Etter kvart vart det klart at ingenting kunne utelukkast. Slik er det blitt, det verste alternativet slo til.

— Kva trur du kan skje framover no? Er det noko du er spesielt bekymra for?

Russerane vil truleg vinna krigen, og setja inn eit nytt styre i Ukraina. Forholdet mellom Russland og Vesten vil verta som under den kalde krigen, om ikkje verre.

— Trur du invasjonen kjem til å påverka Noreg på noko vis? Eventuelt korleis?

— Absolutt, forholdet til Russland vil bli meir komplisert og krevjande. Men, vi har ei 198 km lang felles grense, er naboar og må samarbeida på område av vital interesse for begge partar. Vi kan ikkje berre stengja av.

— Vil dette få nokon konsekvensar elles i Vesten eller resten av Europa?

— Definitivt, vi vil få eit kaldare og meir konfrontatorisk klima i internasjonal politikk som vil krevja solidaritet og samhald på vestleg side. Og så må vi styrkja forsvaret.

— Korleis følgjar du sjølv med på det som skjer no?

— Eg snakkar med folk, og les norske, russiske, ukrainske og andre lands media pluss heimesidene til leiarane i dei mest rørte ved statane.

— Kva er det verste utfallet som kan koma av dette?

At Ukraina opphøyrer å eksistera som fullverdig sjølvstendig stat, at bruk av makt og vald triumferer, og at det oppstår ei uoverstigeleg kløft mellom folk og land i Europa. Det vil vera ein stor tragedie.

— Kva er det beste scenarioet no etter invasjonen er i gang?

— At det vert slutt på krigshandlingane og dei menneskelege lidingane. At Ukraina blir fritt og sjølvstendig igjen. Og så må ein våga å tru at det til sist gjennom diplomati og forhandlingar trass alt let seg gjera å skapa ei betre og tryggare framtid for Europa og verdssamfunnet. Men, lett vert det ikkje.

— Kjem du til å delta i nokon form for markering knytt til dette?

— Eg har gitt mitt syn til kjenne i mange intervju, fordømt brotet på folkeretten og åtaket på eit fredeleg land.

— Korleis trur du NATO kjem til å følgja med og handtera denne situasjonen?

— NATO har gjort det klart at dei ikkje kan støtta Ukraina med soldatar som deltek i krigen. Ganske enkelt fordi Ukraina ikkje er medlem av alliansen. Men, NATO sender nå forsterkningar for å styrkja forsvaret av dei medlemslanda som grensar mot Russland, dvs. dei baltiske statane, Polen og Romania. Også Noreg deltek og aukar talet på norske soldatar som er utplassert i Litauen.

— Så har me dei faste spørsmåla. Kva bok har betydd mest for deg?

— Alt Olav H. Hauge har skrive.

— Kva gjer deg lukkeleg?

Samværet med mine kjære, at andre menneske lukkast og blomstrar, å arbeida med jord, og å lytta på musikk.

— Kven var din barndomshelt?

— Askeladden og Elvis.

— Kva mislikar du mest ved deg sjølv?

— At eg av og til kan vera utolmodig og tåsjen.

— Kva gjer du når du skeiar ut?

— Hentar meg inn igjen.

— Kva er du villig til å gå i demonstrasjonstog for/mot?

— For fred og demokrati og norsk natur.

— Et det noko du angra på?

— Ja, opptil fleire ting, men eg trøystar meg med den store russiske diktaren, Lev Tolstoj, som sa at alle har godt av å dumna seg ut sånn omtrent ein gong i månaden. Av det vert du visare.

— Kven ville du helst stått fast i heisen med?

— Helst ville eg ikkje stått fast i heisen i det heile tatt, men om eg så måtte, måtte det vera med den gilda kånå.

Mer fra Dagsavisen