Debatt

Meir til dei som er minst

KRONIKK: Forskarar verda over er no samde om at dei 1000 fyrste dagane, frå fosterliv og opp til barnet er omtrent to år, er ein periode med ei hjerneutvikling så rask og omfattande, at dei kan omtalas som den viktigaste perioden i ditt liv. Det skriver Ingrid Kristine Aspli (SV) i sin kronikk

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Ingrid Kristine Aspli, barnepsykolog og andrekandidat for Stavanger SV. 

Dei 1000 fyrste dagane av ditt liv hugsar du ikkje mykje av, men likevel var dei dei aller viktigaste.

Forskarar verda over er no samde om at dei 1000 fyrste dagane, frå fosterliv og opp til barnet er omtrent to år, er ein periode med ei hjerneutvikling så rask og omfattande, at dei kan omtalas som den viktigaste perioden i ditt liv.

Dette skuldas rett og slett at vi kjem til verda med ein uferdig hjerne, som byggas i rekordfart dei aller fyrste leveåra. Hjernen byggas nedanifrå og opp. Og nettopp denne byggeprosessen utgjer grunnlaget for vidare bygging seinare fram mot ferdig vaksen hjerne. Dette veit alle som har bygd eit hus. Grunnmuren må på plass fyrst, og om det er hol i denne, får det følgjer for heile resten av byggverket.

Vi veit også at hjernen er bruksavhengig. Det betyr at dei erfaringane hjernen får i denne perioden, påverkar korleis hjernen byggas. Dei erfaringane spedbarnshjernen får, vil slik påverke heile resten av livet. Det betyr at om stressnivået vert for høgt over tid, så fungerer det som gift for hjernebygginga. Dette kallar fagfolk ”toksisk stress”.  Og kven avgjer kor høgt stressnivået skal vere? Det er dei vaksne som utgjer barnet sin kvardag.

Denne kunnskapen må vere grunnlaget for korleis vi riggar til reiret for barnehjernen, korleis vi prioriterer politisk. «Barneomsorgen er ikke bare foreldrenes ansvar, det gjelder samfunnet som helhet» skreiv Torild Skard i Dagsavisen (08.07.2019). Vi som samfunn bør verkeleg lene oss fram og vere opptatte av korleis denne hjernebygginga går. Fordi, om den går skrekkeleg dårleg, så veit vi at det er noko vi må betale frykteleg dyrt for om nokre tiår.

Eg har møtt barn som etter eit svangerskap i rus og vald, også har blitt svikta totalt etter at dei kom ut. Barn som har blitt neglisjert og fysisk mishandla heime. Som er påfallande aggressive i barnehagen, som heng etter språkleg og motorisk.  Som skremmer vettet av medelevar på barneskolen, og får lærarar til å sjukmelde seg. Som flyttas frå fosterheim til fosterheim, og til slutt må bu åleine på institusjon. Barn som blir kriminelle ungdommar. Barn som blir unge vaksne som tek andre sitt liv, og til slutt sitt eige liv.

Og når eg møter dei, som går rundt som ein vaksen andre er veldig redde for, då tenker eg ofte at du har også vore smårolling ein gong. Du har også strevd for å kome deg opp på to bein. Du har også hatt behov for eit trygt fang og plaster og lovnad om at alt ordnar seg. Men kva var det som gjekk gale? Kven kunne gitt hjernen din ein anna grunnmur å stå på?
Foreldra er det innerste reiret. Å setje foreldre i stand til å forvalte omsorgsrolla med omhu, og forstå kor enormt viktige dei er for barnet sitt, det er heilt avgjerande. Dette kan neste lag i reiret sikre; vi som lokalsamfunn. Og kva er det vi har å by på desse 1000 dagane?

Det er svangerskapsomsorgen hjå jordmor. Det er fødselsomsorgen på sjukehuset. Det er konsultasjonane på helsestasjonen. Det er barnehagestarten.

Difor riv det i meg når det verkar som det er nasjonal konkurranse mellom dei store sjukehusa om kortast muleg liggetid etter fødsel. Fødselsomsorga byggas ned, med det argument at kommunane skal ta over oppfølgjinga av mor og nyfødt. Kommunane roper tilbake at nei, vi har slettes ikkje jordmødre nok til å gjere det. Stavanger er på Norgesbotnen i jordmoroppfølgjing. Kun 1 av 8 nyfødte får heimebesøk innan tre dagar etter fødsel, slik retningslinene seier at ein skal.

Vi må ta på alvor at folk ikkje bur saman med storfamilien lenger. Det står ikkje eit korps med familiemedlem på trappa med nyvaska hus og rømmegraut på bordet, når mor kjem heim etter fødsel. Folk flest bur åleine med partnar og barn. Eg har møtt mødre som har rista babyen sin. Som har kontakta helsestasjonen i desperasjon etter altfor mange vakennetter på rad. Som har fått tilbod om psykologtime, om 6 veker. Det hjelper lite når klokka er 03.00, kolikkgråten gjallar i veggane, og far er på nattevakt.

Reiret for barnehjernen kan fort blir for skjørt, i den aller viktigaste byggefasen. Difor tek SV kampen for å verne om liggetida på sjukehus etter fødsel. Vi tek kampen for å ruste opp jordmortenesta og helsestasjonane våre.

Så kjem barnehagestarten. Den kjente barnepsykologen Magne Raundalen har uttalt at barnehagar burde heite «kommunale avdelingar for hjernebygging». Dei som skal passe på barnehjernen frå eitt år og utover, må vere rusta for det enorme ansvaret det utgjer.

Då kan det ikkje vere ein på jobb når 10 smårollingar ramlar inn tidleg mandag morgon, og to ikkje kan halde ut at pappa går frå dei. For då byrjar leppa å dirre på tre andre og, så sitt ein barne-og ungdomsarbeidar der og skal prøve å førebu frukost med fem som gret, og fem som ser på.

Omgrepet «bemanningsnorm» har liten verdi for dei små, om dei ikkje er folk på plass i den avgjerande leveringssituasjonen.  SV vil kjempe for ein bemanningsnorm som gjeld for heile barnehagedagen, ikkje berre midt på dagen, når smårollingane søv. Og vi vil få på plass eit makstal for kor mange barn det skal vere på ei avdeling. Små hjernar treng små forhold.

SV vil verne om dei 1000 fyrste dagane, og sikre at vi gir meir til dei som er minst.

Vi har ikkje råd til noko anna.

SV tek kampen for å ruste opp jord-mortenesta.

Mer fra: Debatt