Debatt

Løft blikket i sommar

Har du tenkt over det når du køyrer langs fjordane på Vestlandet, når flyet landar på Sola, når Hurtigruta anløper dei ulike stadane langs kysten, eller når du nyt utsikta frå toget som tar deg frå A til Å i store delar av landet?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Marit Epletveit, leder av Rogaland bondelag

Har du tenkt over at det er landbruket som har forma det landskapet du ser?

Forfedrane våre flytta seg dit forholda låg til rette for å leve av naturressursane, og busette seg der matjorda låg. Difor har vi i dag gardar av ulik storleik i heile landet, drive og eigd av familiar i generasjonar. Gardar med beitedyr som i over hundre år har pleidd kulturlandskapet og halde utsikta ved like, bønder som har halde jorda i hevd ved å dyrke korn, grønsaker og gras til dyra, gardar som har bidratt til busetting og arbeidsplassar i dei små bygdene langs kysten og inst i landet.

Landet hadde ikkje sett ut som det gjer utan matjorda, utan menneska som driv ho eller utan dyra som beitar. Men landet hadde heller ikkje sett ut som det gjer utan ei rekkje politiske verkemiddel som syt for at vi har moglegheit til å produsere mat i heile landet. Landbruket er i høgste grad ei politisk næring, og både kva vi produserer og kvar og korleis vi gjer det, er avhengig av dei som legg dei politiske føringane. Å produsere mat er mykje meir komplisert og langt mindre føreseieleg enn å produsere spikar.

For landbruket er også ei biologisk næring som treng langsiktige og føreseielege rammevilkår. Bonden må vere sikra avsetjing av råvara, til same pris, same kvar han eller ho bur og uavhengig av situasjonen i marknaden. Det tar fleire år frå kalven blir fødd til bonden kan selje kjøttet frå det same dyret. Kornavlingane kan svinge frå eitt år til neste, og det er stor variasjon på kvaliteten. Og veret og klimaet varierer stort.

På same tid som bonden på Austlandet i år slo det første graset som skal bli til fôr til vinteren, venta bonden i Finnmark på at snøen skulle smelte slik at våronna kunne starte. For vestlandsbonden har denne våren og sommaren bestått i mange kompromiss. Veret har ikkje spelt på lag med oss, og det med å vente til jorda er kjørbar har til slutt måtte vike, for å i det heile få berga fôret. Der er mang ein bonde som har hatt vondt langt inn i sjela denne sommaren.

Gjennom fire år med ei blåblå regjering har mange av dei viktigaste verkemidla i landbrukspolitikken blitt utfordra. Eigedomsregelverket som sikrar at landbrukseigedomar blir eigd og drive av bonden, er hola ut. Marknadsordningane som sikrar bonden føreseielegheit ved at han eller ho får levert råvara si, er fleire gongar forsøkt svekka. Importvernet skal utjamne kostnadsforskjellane mellom eigen matproduksjon og produksjonen i dei store eksportlanda. Denne våren ga regjeringa bort norske marknadsandelar, ved at EU fekk større tilgang til å eksportere varer til Noreg.

Det har også blitt gjennomført endringar som gjer det lettare å drive store enn små gardar, både gjennom at store gardsbruk har fått større overføringar som går ut over dei små, og at grensene for kor mykje ein enkelt gard kan produsere, har blitt auka. Bondeorganisasjonane braut jordbruksforhandlingane med regjeringa i år, fordi regjeringa ikkje var villig til å satse på det landbruket som bidrar til matproduksjon, busetting og arbeidsplassar i heile landet.

Landbruket treng føreseielege vilkår som gjer det mogleg for bonden å tenkje langsiktig. Så tenk på det når du reiser rundt i Noreg i sommar. At det er politikk som ligg til grunn for at landet ser ut som det gjer. Tenk også på det når hausten kjem og du skal røyste i stortingsvalet. Det er nemleg ikkje all politikk som vil bidra til at vi i framtida kan halde fram med å produsere verdas reinaste mat i heile Noreg.

God sommar!

Mer fra: Debatt