Levekårsundersøkinga for Stavanger

DEBATT: Forskjellar og fattigdom er som gift for barnehelsa, skriv SVs Ingrid Kristine Aspli.

Av Ingrid Kristine Aspli

Som småbarnsmor på Våland grøssar eg når eg les den nye levekårsundersøkinga for Stavanger: Min bydel har hatt ei auke av barn i låginntektsfamiliar på over 80 prosent.

Levekårsundersøkinga viser at Eiganes og Våland var i perioden frå 2014-2017, den bydelen med flest barn i låginntektsfamiliar. Undersøkinga viser ei auke på 86,2 prosent frå 2014 til 2017. Det er rått.

Samstundes har utstillinga «Vokse opp i verdens rikeste land» opna på Barnemuseet nede i gata. Ei utstilling om nettopp barnefattigdom. Litt av ei timing.

Vi har vore barnefamilie på Våland i åtte år, og ja, eg kan sjå for meg nokre av menneska bak all statistikken.

Eg klarer ikkje sjå for meg at det går an å vere barnefamilie på Våland, og seie at vi har svært dårleg råd, men ellers er alt i skjønnaste orden.

Kjerneomgrepet er levekårsstress. Dårleg råd over tid, det påverkar kva du et, kva du opplever, korleis du føler deg, kva du tenker på, og til og med kor trygg forelder du blir overfor barna dine. Difor blir fattigdom som gift for familien, for barna.

Du ser kanskje ikkje dette levekårsstresset på Våland skole i dag, når det snart er sommar. Men du kan sjå det når minusgradene kjem, då ser du ser kven som har Bergans boblejakke og kven som frys.

Du kan sjå det, om du går inn i klasserommet og tek ein kikk oppi matboksane.

Du kan sjå det på 17.mai. Kven har hatt overskott til å førebu seg i dagesvis. Og kven har ikkje det? Og kven er ikkje å sjå i barnetoget i det heile tatt?

Du kan sjå det når skoledagen for dei minste er over i halv ett-tida, og du ser kven som går heim, kven som blir på SFO, og kven som syklar avgarde til den ekstraordinære fotballfritidsordninga eller hockeyfritidsordninga, då ser du det.

Du kan sjå det den dagen i månaden SFO drar på svømming, og nokre tek svømmeknappen fordi dei har gått i svømmehallen kvar veke i heile sitt liv, mens andre har nok med å halde seg flytande.

Du ser det fyrste skoledag på Kannik ungdomsskole, der overraskande mange har ytterjakke frå Parajumper til den nette sum av 10.000 kroner. «Det er denne alle skal ha no», sa ein 9. klassing til meg.

Det er relativ fattigdom. Slik blir aukande forskjellar giftig for barnehelsa. Du merkar det av og til, men dei som lever i det, merkar levekårsstresset kvar bidige dag. Og kva gjer vi med det?

Stavanger kommune har laga ein plan for inkludering av barn i familiar med låg inntekt. I planen kan vi lese kva fagfolk har funne ut om kva som er klokt å gjere:  (...) de mest virkningsfulle tiltakene er universelle, åpne og ikke-stigmatiserende tilbud med lav eller ingen deltakeravgift. Tiltakene må videre være attraktive med høy kvalitet, slik at både målgruppen og andre ønsker å delta.

Dette er SV sitt kompass. Vi trur på færrast muleg stakkars-deg-ordningar, færrast muleg søknadprosessar og møte kor du må sørge for å få understrekt godt nok kor dårleg det står til.

Vi trur på dei tiltaka som ikkje gjer deg skamfullt synleg; tiltaka som er universelle og frie for stigma.

Fordi: Barna merkar levekårsstresset litt mindre...

... når SFO arrangerer Hei verden-kafe, og skriv klokt på plakaten at her vippsar vi så mykje vi vil. La oss vokte gratisprinsippet som ein diamant!

... rundt bordet i Våland barnehage, kor alle får frukost og lunsj og frukt kvar dag, og plukkfisk på onsdag. La det bli mat til alle i barnehagen og på skolen!

... på rennebilløpet Våland down, det er gratis å sjå på, det er gratis å vere med. Alle som vil får ballongfigurar og ansiktsmaling. La oss løfte nærmiljøaktivitetar utan inngongsbillett!

For desse barna er det også avgjerande at familien får stabilt meir pengar på konto, slik at ein kan handle inn til bursdag i dag, få vaskemaskina reparert i morgon, og kjøpt ny sykkelhjelm i helga.

Difor har SV mellom anna lenge kjempa for ei auke av barnetrygda generelt, og for at barnetrygda skal takas ut av reknestykket når ein reknar ut sosialhjelp.

Vi trur ikkje på veldedighet. Vi trur på verdighet. Vi trur på fellesskap. Vi trur på førebygging. Og vi kan få det til.

SV har kampen mot forskjellar og fattigdom som ei av sine hovudsaker. Difor er eg ikkje i tvil om at valdagen i september blir ein viktig dag. Det hastar med eit politisk skifte i Stavanger.