Debatt

Krumspring med abort

DEBATT: Erna Solberg driv eit høgt spel. Eit spel ho vanskeleg kan vinne. Og om ho no skulle ta heim potten, har alle til sjuande og sist likevel tapt.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Jarl Wåge

I fem år har ho Erna Solberg stått til rors på skuta Noreg. Fem år i all slags ver. Enkelte gongar har kraftige brottsjøar sendt skakingar gjennom skipet. Men sjølv ein som meiner ho har fått oss på feil kurs på grunn av defekt kompass, må motviljug vedgå at ho manøvrerer med ganske sikker hand gjennom ureint farvatn.

Å halde ei fleirpartiregjering samla, krev si kvinne, og ho har vist seg å vere ein betre staurberar enn fordums statsminister Per Borten var.
Men av og til har ho navigert fregatten rett mot farlege skjær og båar. Skroget har fått sår og flengjer, og kapteinen har heller ikkje sluppe unna utan stygge riper i lakken.

Eit felt der ho verkeleg har vore på kollisjonskurs og utvist elendig, politsk handverk, er abortsaka. Tre gongar har ho skapt bruduljar rundt dette spørsmålet. Noregs mektigaste kvinne vågar ikkje å stole på at hennar medsøstrer veit best. Ho vegrar seg mot å godta at vi må overlate til kvinnene sjølve å bestemme over eigen kropp. Ikkje berre ein, men tre gongar, har ho forvilla seg ut i og gått seg fast i abortmyra.

Tre gongar har ho gjort kvinner forvirra, fortvila redde og rasande fordi ho klarer å skape usikkerheit rundt om ei godt fungerande abortlov skal få lov å halde fram med å vere nettopp det; godt fungerande.

I 2013 blei det fremja eit forslag på landsmøtet til Høgre om at funksjonshemming ikkje skulle vere eit sjølvstendig grunnlag for å søkje abort. Det blei vel eit rabalder. Prominente høgrekvinner tok sterk avstand frå forslaget, og Solberg og hennar meiningsfellar gjekk på eit sviande nederlag.

Året etter kom forslaget om at fastlegar skulle ha reservasjonsrett når det gjaldt å tilvise til abort. Igjen blei det eit kolossalt engasjement. Tusenvis av menneske tok til gatene og protesterte mot forslaget, og igjen måtte Solberg og Co sjå seg slått. Dei kom fram til eit kompromiss som sa at kvinnene skal søke sjukehusa direkte om å få utført abort.

Og så levde alle lukkelege. Trudde dei fleste. Men Eva fekk ikkje vere lenge i paradis. Ei regjeringskåt Erna Solberg innsåg nyleg at hennar dagar som regjeringssjef ville vere talde om KrF valde å gå i regjering med Ap. Difor sa ho seg viljug til å kaste abortlova i forhandlingspotten om ho fekk dei over på si side. Eit løfte som var medverkande til at eit fleirtal på det ekstraordinære landsmøtet til KrF valde å gå for blåblå regjering.

Solberg har altså rykka tilbake til start. Igjen har ho gjort kvinner forvirra, fortvila, redde og rasande fordi ho enda ein gong har sett spørsmålet om funksjonshemming som sjølvstendig grunnlag for å søkje abort i spel. Sjølv har ho vore usedvanleg vag og ullen om kor store abortinnskrenkingar ho er viljug å godta for å få KrF med på laget. Ho påstår hardnakka at abortlova ikkje vil bli forandra på ein måte som vil få dramatiske konsekvensar for kvinner i ein fortvila situasjon.

Kjell Ingolf Ropstad, forhandlingsleiar for KrF, krev derimot ei lovendring som har som konsekvens at det blir færre abortar om KrF skal med på laget. 
Solberg har konsekvent sagt nei til intervju og å delta i debattar om saka, noko som gjer kvinner enda meir frustrerte. I staden har ho sendt sin helseminister og våpendragar, Bent Høie, ut i felten for å sette ting på plass. Men han må ha gløymt å slipe sverdet, for aldri såg vi vel sløvare sverdhogg.

Ein gong på 1980-talet var det gode, velmeinande, tolerante mennesket, Wenche Foss, invitert til å tale på opninga av Homodagane i Oslo. Der sa ho mellom anna at ho forstod godt korleis det er å vere homofil, for ho hadde ein son som var psykisk utviklingshemma.

Bent Høie har teke i bruk Foss-liknande retorikk i sitt forsvar for endringar i abortlova. Ei lov han meiner er diskriminerande mot folk med Down`s Syndrom. Han seier at han, som homofil, veit korleis det kjennest å bli diskriminert imot. Difor forstår han kvifor folk med Down`s Syndrom opplever paragraf 2c i abortlova som diskriminerande.

Wenche Foss hadde ingen baktankar då ho snakka til oss homofile den gongen. Bent Høye driv derimot eit ureint politisk spel på vegne av statsministeren for å tvinge fram endringar i abortlova og dermed garanti for at KrF blir med i regjeringa.

Det har vore «hysj, hysj, ver stille som mus» frå leiande Høgre-kvinner i denne prosessen. Dei som høglytt stod på barrikadane i 2013, har ikkje gjeve frå seg eit pip denne gongen. Bortsett frå ei; Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot. Ho har vore forbilledleg klar og tydeleg på at Høgre har eit landsmøtevedtak om å ikkje endre abortlova. Difor talar ho sin eigen sjef modig midt imot. Etter at ho lenge hadde vore einsleg faneberar, kom endeleg Heidi Nordby Lunde på banen og erklærte si fulle støtte til Bruflot. Dei andre Høgre-kvinnene er framleis meiningslaust tagale. Som østers.

Solberg driv eit høgt spel. Eit spel ho vanskeleg kan vinne. Og om ho no skulle ta heim potten, har alle til sjuande og sist likevel tapt.

Mer fra: Debatt