Debatt

Kronikk: No har vi sjansen til å gjere noko stort for dei små

Barna vår er ikkje som ei pakke som skal oppbevaras, skriver Ingrid Kristine Aspli (SV).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Ingrid Kristine Aspli, Bystyrerepresentant Stavanger SV

Overskottet på barnehageplassar i Stavanger gir oss mulegheit til å redusere talet på barn per avdeling, og slik gi barna mindre støy og fleire vaksne. La oss ikkje kaste bort den sjansen.

Som barnehagemamma og politikar har eg tenkt mykje på barnehagekvalitet dei siste åra. Kva er det som gjer at mi dotter på 4 år trivas i barnehagen? Kva skal til for at  at eg skal vere trygg på at ho er trygg der? Er det fordi byggmassen er så lekker? Fordi dei har så fancy leiker? Overhovudet ikkje.
Det er fordi ho har vaksne der som har kjent ho sidan ho var eitt år. Vaksne som eg trur at liker ho. Det er fordi ho har vener der, ho har til og med bestevener understreker ho. Ho har jamaldringar som kjem springande når ho kjem om morgonen, som roper hadet og følgjer ho til porten når ho går, som spør om å få bli med ho heim.

No vil kommunen legge ned barnehagen hennar. Fordi talet på barn har gått ned i Stavanger. Difor har vi plutseleg over 200 barnehageplassar for mykje, og Rådmannen vil dermed nytte høvet til å legge ned seks heile barnehagar. Mi dotter sin barnehage er ein av dei, mellom anna fordi kommunen meiner bygget er slitent, og fordi barnehagar med mindre enn seks avdelingar visstnok ikkje er «fagleg robuste» nok.

Mitt barn er heldig, for ho har god helse og utviklar seg i takt med alderen sin. Likevel veit eg at ho, som alle andre førskolebarn er sårbar ved store forandringar. Det var forferdeleg skummelt å gå frå småbarns- til storbarnsavdeling i fjor. Eg veit at å bytte til eit nytt miljø, med heilt nye vaksne, og heilt nye barn, er risikosport, rett og slett fordi ho er berre fire år.
Foreldre ved dei aktuelle barnehagane protesterer. Utdanningsforbundet likeså. Forbundet har lansert at vi heller må redusere talet på barn per avdeling, framfor å legge ned heile barnehagar. Eg synes vi skal lytte til dette. Eg synes vi skal tenke: Ah, dette er ein kjempesjanse. No kan vi heve kvaliteten. No skalerer vi ned talet på barn på dei ulike barnehagane dette gjeld. No gir vi barna litt mindre støy, no gir vi dei vaksne litt færre barn å følgje med på samstundes, no gjer vi køa til eit ledig fang litt kortare. No har vi sjansen, til å betre kvardagen for mange, mange små barn i vår by.

«Det er himmelsk», sa ein pedagogisk leiar til meg. Ho fortalte meg nyleg om korleis dei skalerte ned frå 13 barn til 9 barn på hennar småbarnsavdeling. Ho heldt fram: «No ser vi barna mykje betre, rett og slett fordi det er færre barn i rommet.»

SV meiner at nøkkelen til barnehagekvalitet er små barnegrupper og høg kompetanse hjå dei tilsette. I Stavanger kan vi ta eit steg i den retninga no. Stavanger SV la i november fram vårt alternativ til kommunebudsjett. Der var vi tydelege på at situasjonen i Stavanger no, med eit overskott av barnehageplassar, er ei mulegheit til å prioritere kvalitet. Vi vil heller senke talet på barn per  avdeling, enn å legge ned heile barnehagar. Ved å legge ned heile barnehagar flyttar vi barna over til andre barnehagar som på nytt er fylt til randen. Vi lager ein krevande overgong for svært mange barn og familiar, og utfordringane våre med vaksentettheit held fram. Om mitt barn skal flyttas over til ein ny barnehage, så vil ho kome til ei ny storavdeling, sannsynlegvis i ein større barnehage. Loven seier at det skal vere ein pedagog på 14-18 barn på stor avdeling, i Stavanger opererer vi med 18. Loven seier at det forøvrig skal vere «forsvarleg» bemanning, Øie-utvalet har tilråda tre vaksne på 18 barn på stor avdeling. I Stavanger har vi i følgje Utdanningsforbundet i snitt 2,5 vaksne i ei så stor gruppe.

Barna vår er ikkje som ei pakke som skal oppbevaras. Ein kan ikkje berre spørre seg, er det meir plass på dette lageret, om vi berre blir litt flinkare i «Tetris»? Flinkare til å stable. Så får vi mest muleg inn på minst muleg plass, og går derifrå stornøgd med eigen evne til å legge kabal.

For nokre av dei nedleggingstrua barnehagane er argumentet at barnehagane er så små, at dei ikkje er «fagleg robuste» nok. FAU-representantar ved dei barnehagane dette gjeld, har argumentert med at det er ein skilnad på  ein såkalla «robust barnehage» og ein barnehage med robuste barn. Dette er viktig. Er det slik at barn i til dømes barnehagar med 20 avdelingar utviklar seg betre enn i til dømes barnehagar med fire avdelingar? Eg har mine tvil.

I mi dotter sin barnehage er det fire avdelingar, tilsaman om lag 50 barn. Min 4-åring kan namnet på alle barna i barnehagen. Når eg kjem og hentar ho, er det alltid ein flokk med kjente og ukjente små fjes som veit kven eg er mammaen til. Forstår vi vaksne kor viktig det er? Å ha oversikt i kvardagen sin? Å vite kven dei andre er? Å bli tiltalt med namn frå alle som er rundt deg? Forstår ein kva det gjer, og kva mangel på det same kan gjere, med stressnivået hjå eit lite barn?

Kontinuitet, forutsigbarheit, og stabilitet er ikkje honnørord, som berre er fine på trykk. Dei er ord som skildrar oppskrifta på god psykisk helse hjå barn. Ordet «robust» derimot, er eg meir usikker på. Effektivisering likeså, eg ser verkeleg ikkje den umiddelbare samanhengen mellom «robuste barnehagar» og «effektiviseringskrav» og god barnehelse. Muleg fordi samanhengen ikkje eksisterer.

Kva ville barna sagt i denne debatten? Mitt barn ville nok sagt la meg vere der eg er. Med dei eg kjenner. Men gi meg gjerne litt meir ro, og gi dei vaksne meir tid til å sjå kor fint eg har teikna og kome raskare til når eg dett og slår meg.

Vi politikarar har sjansen no, til å gjere noko stort for dei små. Den sjansen må vi gripe.

Mer fra: Debatt