Debatt

Kronikk: Fire år og feminist

Noko har blitt betre, noko burde ha, men har ikkje forbetra seg det grann, skriv Ingrid Kristine Aspli (SV) i sin kronikk.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Ingrid Kristine Aspli, Stavanger SV

«Korfor skal vi dit mamma?» spurte du.
«Vi skal dit fordi det alle skal få bestemme over sin eigen kropp», sa eg.
«Og fordi at folk må vere snille med kvarandre» sa pappaen din.
Difor måtte du sitte på pappa sine skuldre på Stavanger torg, mens regn og vind forsøkte å tippe deg ned. Fire år og på demonstrasjon for kvinner si rettssikkerheit, 8.august 2016.

«Alt eg vil seie
er kanskje sagt før
av tusen andre mødre»
skriv Marit Tusvik i diktet «Ungen min». «Alt eg no vil seie, er sagt før, av kvinner i lange tider: Eg håper det står betre til med verda når du vert vaksen, barnet mitt.»

Når du blir eldre skal eg fortelje deg om Hemsedalsaka og demonstrasjonane landet over, og då håper eg du svarer: Herlighet, enda godt at verda har gått framover sidan då. Eg er samstundes rimeleg nervøs for at det ikkje er grunn til å svare det.
Då eg var liten som deg, fekk eg eit kort av mor mi til 2-årsdagen: Eit kort med ein svart-kvitt illustrasjon av ei sterk kvinne, «Kvinne, stå på!» sto det. Det var i 1985. Då var ein oppteken av likelønn, vald mot kvinner, prostitusjon, permisjonsrettar og barnehageplass. Noko har blitt betre sidan då. Noko burde ha, men har faktisk ikkje forbetra seg det grann.

Sal av kvinner er framleis verdas tredje største illegale industri, etter våpen og narkotika. Vald og overgrep mot kvinner er framleis eit enormt samfunnsproblem. Ein forskingsrapport frå 2014 viser at 1 av 10 kvinner i Noreg har opplevd valdtekt. Rapporten fortel at valdtektstala ikkje har gått ned dei siste 50 åra. Talet på anmeldte valdtekter er meir enn dobla sidan 90-talet. Men 75% av dei anmeldte vert henlagt. I vår tid er det slik at 99 av 100 valdtektssakar endar utan fellande dom. Det kallas fullstendig fråver av forbetring.
Når det gjeld likelønn tener kvinner i dag 86 kroner for kvar hundrelapp men tener, mot 84 kroner I 1997. På det området har verda har også stått stille dei siste tiåra.

Så over til framgongen: På 80-talet var det lovleg å kjøpe sex i Noreg. Det er forbudt no, og har vore det sidan 2009. Takk og lov. Men! Seinast i år var det ny diskusjon, fleire politikarar ville fjerne forbudet og gjere bordell lovleg. Verda går framover, med kronisk fare for å rykke tilbake til start. Då eg var like gammal som du er no, var det kamp om barnehageplassane, eg fekk plass i korttidsbarnehage to dagar i veka. På 80-talet var under 30 prosent av barn mellom 1 og 6 år i barnehage. No har du og alle andre små over 1 år rett på barnehageplass, og 90 prosent av barna er i barnehage. Her har vi fått til noko.

På byrjinga av 80-talet hadde mi mor tre månader med foreldrepermisjon, så måtte eg til dagmamma. Pappa var ikkje heime i det heile teke. Då du vart født, kunne eg og pappa dele på, og slik vere saman med deg til du byrja i barnehage litt over eitt år. Pappa hadde ei kvote på 14 veker i 2013. No er denne redusert til 10 veker. Verda har igjen gått framover, og så byrja å sige sakte bakover. Det er ingen grunn til å slappe av, ein må stadig heve fanane, igjen og igjen.
Difor sto vi der i regn og blæst og høyrte på appellantane som igjen krever slutt på vald mot kvinner. Dei krever at du skal kjenne deg like trygg når du ferdas rundt omkring som om du var ein gut. Og om det skjer deg nok urett, så skal du bli trudd. Dei krever rettssikkerheit no!
Framskritt byrjar med trua på at det som er naudsynt, også er muleg. Vi er forplikta til å tru på at vi kan utrydde valdtekt, på lik line med andre helseskadelege og farlege fenomen vi har blitt kvitt dei siste tiåra.

Vi har slutta å røyke inne i fly. Det dreiv dei også med på byrjinga av 80-talet. No er det forbudt, og vi synes at røyking på fly er heilt galskap. Vi veit at det kan vere både helseskadeleg og brannfarleg. Vi har slutta å la spedbarn sove på magen. I dag veit alle at det kan vere livsfarleg, og vi legg spedbarna våre på ryggen. Difor er førekomsten av krybbedød kraftig redusert. Det var fyrst då eg var 6 år, i 1989, at det vart påbudt å sikre barn i bil. Ingen køyrer i dag med barna usikra i bilen, fordi vi veit det er forbudt, og livsfarleg.

Vi har jo fått til ein heil del sidan eg var like gammal som deg, men! Sjølv om valdtekt også er forbudt, helseskadeleg og kan vere livsfarleg, så let vi det skje igjen og igjen, med omtrent ingen konsekvensar for utøvaren.
Det er ingen grunn til å lene seg tilbake og erklære Noreg for eit likestilt land kor alle er like trygge. Det er all grunn til å framleis vere feminist.

«Kom, lille mamma»
seier du og ser på meg
med tusen år gamalt blikk,
skriv Tusvik vidare i diktet om toåringen sin. Barn er kloke. Barn synes at rettferd er sjølvsagt. Barn synes at fråver av vald er sjølvsagt. Min 4-åring veit at det er noko som heiter stopp-regelen. Ho veit at om noko uønska skjer skal ein snarast springe til ein vaksen og så vil den vaksne sørge for at det tek slutt. Ho reknar med at vi vaksne ordnar opp. Det er det vaksne er til.

Om 4-åringen kunne fått mikrofonen der på Stavanger torg, så ville ho nok difor ha sagt til oss: Eg forventar at dykk vaksne stoppar valdtekt av jenter og kvinner. Det er dykkar jobb.

Mer fra: Debatt