Debatt

Kronikk: Alt kan skapast, til og med kommunar

Det skal være eit levande demokrati der me bur. Det kjem ikkje av seg sjølv.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

av: Fredrik Sele

For ein enkel vestlandsgut, virkar det som bakmenna og -kvinnene i kommunesamanslåingsplanen i rein desperasjon etter å få legitimert samanslåingsplanane sine, har gjort  samanslåingsprosessen omtrent like forståeleg som eksempelvis eigarstrukturar i eigedomsbransjen eller kvantefysikk.

Det er blitt eit stort prestisjeprosjekt, og det er ikkje måte på kor mykje fordelar ein har ved å fusjonere kommunane med fleire av dei allereie samanslåtte kommunale selskapa våre.

Snart er det folkeavstemming, men heldigvis har eg hørt at sjølv dei lærde strides om kor bindane ho skal være. Då er det hvertfall ikkje så viktig som det burde være, eventuelt korleis kan det bli viktigare enn at ein kun snakkar om dei praktiske og tekniske detaljane, som må løysast etter at ein har banka saka gjennom.

Skal ein fortsette å diskutere namn og kor rådhus skal stå? Kven skal få bestemme tapeten på den nye ordføraren sitt kontor? Skal han ha sjåfør? Kva skal me gjere med rådhuset? Det hadde visseleg gjort seg som avlastningssenter for mottaket på Forus. Kan den nye storkommunen realisere tunnellar med ljos i begge endane og endeleg gjere Stavanger landfast igjen? Me treng vel strengt tatt ikkje bekymre oss for det, for framtida kjem mot oss, og med mindre noken sjølvoppnevnte frelsarar på mirakuløst vis klarer starte ein ny gullalder med ti tusen jobbar, så skal me nok litt brutalt få fast kontakt med landjorda igjen.

Difor burde det være vel verd å sjå kva vær det er ute, før ein forlater heimen vår på reisa mot nye kommunale størrelsar. Nett no har me ei regjering som helst vil legge ned eit forvaltningsledd i Staten Noreg fordi det er så grueleg ineffektivt og gammaldags.

Ein kan diskutere opp og ned til evig tid alle detaljane rundt desse prosessane med innsparing, effektivisering, nedskjæring, oppkutting, bortsleping og avhakking av kva det enn no er ein er så grueleg engasjert for å kvitte seg med.

Om det med å spare pengar, så kan det jo nevnast at  me skal bruke ca. 38 millioner kroner på legevakten i året, til samanlikning skal me bruke ca. 46 millionar på folkevalgte. Eg er sikker på at me toler å omstille ressursbruken hjå dei folkevalgte uten at det gir negativt utslag på demokratikvaliteten.

Eg trur det er rom for nokre skikkelig saftige effektiviseringstiltak i det feltet. Noter det bak øyre ditt, i tilfelle kommunesamanslåinga strander og krisa tvinger fram nye sparetiltak.

Det er ikkje nytt at ein ynskjer å stryke fylkeskommunen som forvaltningsledd for regionane. Ein har jo arbeida med å gjere fylkeskommunane så lite viktige som mogleg så lenge eg kan hugse. No om dagen skal jo alt helst være ein spade, og skulle ein kalle «fjerningen av et forvaltningsledd» for ein spade, måtte det være å fjerne eit av dei tri demokratiske laga i den norske staten. Det meiner eg fører til mindre demokrati og større avstandar mellom folk og makt. Det er jo ikkje nytt at dei mektige synst det kan være greit med litt avstand. I enkelte felt kan det og gjerne være klokt, med tanke på legitim maktutøvelse, barnevern og liknande, men ikkje mellom folk og politikk.

Eg les at bydelsutvala skal bli mykje meir viktige i den nye storkommunen. No er det slik at ein allereie i dag kan flytte litt ansvar og makt til bydelsutvala, og det trur eg hadde vore lurt. Det hadde vore stas for demokratiet i Stavanger å spreie makta ut på fleire hender.

Frykt ikkje, me treng ikkje ligge vakne om nettene av den grunn; Det er berre ei viktig realitet eg trur me ofte gløymer i ei tid kor folk blir bombardert med forbrukarpropaganda om å leve her og no i trua på den evige veksten. Millom fransk flaskevatten, langreist plastikk frå kommunistrepublikken Kina og andre strengt tatt grunnleggande nødvendige artiklar som marknaden har skjenka oss, finn eg ofte motstand mot å løfte blikket mot framtida og sjå føre seg eit anna samfunn enn det me har i dag, og det hender folk blir anklaga for å være både uopplyste, naive og utopiske når dei gjer det.

Faktum er at samfunnet i framtida kjem til oss, og me kan til dels velge korleis me vil det skal være.

Stavanger kommune skal sveisast saman med noko som på kartet ser mistenkelig ut som eit oversyn over dei mest folkerike delane av Rogaland fylke. Noken meiner det skal heite Nord-Jæren (eg ville helst på skjemt at det skulle heite Jord-Næren, men det hadde vel vore i overkant festlig). Det ærligste namnet må uansett være Stavanger fylkeskommune. Då er me godt skodde for å ta over fylkeskommunen, det er jo det som er kjerna i saka; makt vil vekse seg stor, og tru det eller ei, når noko veks, går det utover noko anna. Kan hende sit det folk der ute og drøymer om eit vestlandsk keisardøme kor sola aldri går ned. Det hadde sikkert vore staseleg og fornemt det og.

Uavhengig av den saka, så burde ein tenke seg om heile tri ganger. Alle gode ting er framleis tri, fem eller sju og så bortetter; slik vil eg gjerne ha det i framtida og. Ikkje fordi eg er i overkant glad i oddetal, men fordi oddetala er ei forutsetning for rettferdig usemje og diskusjon der kor ein faktisk skal prioritere korleis me vil heimstaden vår skal bli, anten det er Stavanger Kommune, Rogaland Fylkeskommune eller Staten Noreg.

Me har ein storkommune, og den heiter fylkeskommunen, og det er der det regionale demokratiet lev, men enn så lenge er det mange som ikkje bryr seg om ho.

Forøvrig om kommunesamanslåinga så er det eigentleg berre to standpunkt som er gyldige i Noreg om kommunenedlegging/samanslåing/ekspandering, eller kommuneimperialisme om du vil, og det er at ein er for anten med bruk av tvang eller ved folkeavstemming (den som ikkje er bindande),  difor kunne ein jo, berre for refleksjonsøvinga si eiga skuld, late som ein inntar standpunktet om å auke antall kommunar i Noreg, nærmare Stavanger: Rudlå Kommune, Engøyholmen Kommune, og ikkje minst Preikestolen Kommune, kor det ikkje skal bu noken, men har ein liten, innovativ og utruleg effektiv administrasjon på 20 årsverk. Eg trur det hadde vore ein utruleg lønnsom kommune over tid.

Uansett, alt kan skapast og alt kan øydeleggast.
På alle måtar er Stavanger eit godt namn på ein liten by, i ein relativt liten kommune, kor det er kort veg til makta. Det er forøvrig Sandnes, Randaberg og Sola og.

Mer fra: Debatt