– Fødsel og barsel, starten på livet, er ein salderingspost, både lokalt og nasjonalt, skriv Ingrid Kristine Aspli (SV). Illustrasjonsfoto: Lise Åserud /NTB scanpix

Kor fort skal vi føde barn?

KRONIKK: Fødsel og barsel, starten på livet, er ein salderingspost, både lokalt og nasjonalt. Det rystar meg, skriv Ingrid Kristine Aspli (SV).

Rogalandsavis

Av: Ingrid Kristine Aspli, Levekårspolitikar og bystyrerepresentant for Stavanger SV

Å føde barn er verdas viktigaste jobb. Starten på livet er den viktigaste fasen i heile livsløpet. Likevel møter mange fødande og nyfødte eit sjukehussystem som seier «Kom inn så seint som muleg, dra heim og klar deg sjølv så tidleg som muleg».

Liggetida på sykehus etter fødsel har gått drastisk ned dei siste åra. Då eg vart fødd på byrjinga av 80-talet, fekk eg bli ei veke gammal før eg måtte heim. I 2009 var gjennomsnittleg liggetid i Noreg 3,1 døgn. Sidan er den ytterlegare redusert. Kortast tid får kvinnene som er innlagt ved dei største sjukehusa. Jordmødre har i media uttalt at dei fryktar «fød-and-go»-tilstandar.  Det vi og veit er at i same periode som at liggetida er meir enn halvert, har snittalderen for fyrstegongsfødande auka med 10 år. Det betyr at det er fleire fødande med risiko for helseplager no enn før.

Og korfor er liggetida redusert? Er det fordi vi har forsking som viser at kortare liggetid fremmar helse hjå mor og barn? Nei, det har vi inga forsking som viser. Er det fordi sunn fornuft seier at det skulle vere bra for små og store? Eller er det nok ein gong slik at økonomi og «effektivitet» i helsevesenet får bety meir enn faglegheit?

Effekta av tidlegare heimreise kjenner vi ikkje til enno, men vi kan godt vere skeptiske.  Ifølgje helsedirektoratet  er god oppfølgjing etter fødsel svært viktig. Forsking viser at kroppskontakt og ro etter fødsel er avgjerande for mødrehelse og barnehelse. Det er ikkje i denne fasen ein skal vere på farten, overlett til seg sjølv. Forsking fortel oss at grundig oppfølgjing etter fødsel kan førebygge fødselsdepresjon hjå mor, det har mykje å seie for tilknytinga mellom mor og barn og det kan vere avgjerande for å få til amming. Dei siste åra har stadig fleire usikre mødre teke kontakt med Ammehjelpen. Det tek jo nokre døgn å kome skikkeleg i gong med amminga, og liggetida gjer at ein rekk ikkje det før ein må reise heim. Ammestatistikken viser at talet på barn som fullammas ved to vekers alder har gått ned, frå 94 prosent i 1998 til 84 prosent i 2013. Jordmødre koplar dette til nedgang i liggetid.  I verste fall kan kortare liggetid slik føre til tilfelle kor spedbarn kjem tilbake til sjukehuset på nytt nokre dagar etter at dei har reist heim, fordi dei er alvorleg dehydrerte.

God stønad er avgjerande for at det skal kjennas gledeleg å få eit nytt liv i armane som er fullstendig prisgitt sine omsorgspersonar, og for at det skal kjennas sant at dette store ansvaret, det meistrar eg som forelder. Det er vanskeleg å glede seg over noko ein synes at ein ikkje får til.  

Så om ein ikkje skal følgjas opp på sjukehuset, førutsett tidleg heimreise god oppfølging etter heimkomst. I 2014 fekk vi nye retningsliner for fødsels – og barselomsorgen som skulle sikre dette. Retningslinene sa at oppfølgjinga etter heimkomst skulle trappas opp, med minst eitt heimebesøk frå jordmor i løpet av dei tre fyrste døgna, både for fyrstegongsfødande og fleirgongsfødande. I tillegg skal familien få heimebesøk frå helsesyster innan to veker. Forsking viser at individuell oppfølgjing er betre enn gruppebaserte løp, og at heimebesøk er betre enn polikliniske konsultasjonar. Verdien av heimebesøk er openbar.  Familiane slepp logistikken med å reise til helsestasjonen, det vert meir ro over konsultasjonen, samt at helsepersonell får oppleve familien i sin naturlege kontekst, og slik får meir informasjon og blir betre kjent med familien. Difor er to heimebesøk, av jordmor og helsesyster, svært fornuftig. Men får alle dette? Dessverre ikkje. Det er tilsett færre enn 300 jordmødre i Kommune-Noreg. Dei skal ta seg av 60.000 gravide og enno fleire nyfødte. Nasjonalt er det både jordmor- og helsesystermangel.

Og korleis står det til hjå oss? I følgje SSB har Rogaland har dei siste åra vore det mest fruktbare fylket i Noreg, og fødeavdelinga ved SUS er ei av dei største i landet. Berre i Stavanger vart det i fjor født 1724 personar. Helseystermangelen har vore eit tema i mange år i Stavanger. Dei nye retningslinene for oppfølgjing etter fødsel kom som sagt i 2014.  Fyrst i år fekk vi i Stavanger midlar til å prøve ut dette med heimebesøk av jordmor, midlar tilsvarande kun ei jordmorstilling. Ei jordmor til 1724 nyfødte per år. Det betyr i praksis at denne jordmora må besøke meir enn sju nyfødte kvar einaste arbeidsdag om ho skal rekke over alle. Sjølvsagt er det umuleg.

Konklusjonen er klar: Nyfødte ligg kortare tid på sjukehus, samstundes som at kompenserande tiltak skrantar, fordi oppfølgjinga i kommunane er prega av for lite ressursar. Fødsel og barsel, starten på livet, er ein salderingspost, både lokalt og nasjonalt. Det rystar meg. Vi politikarar må ta dette meir alvorleg.  På SV sitt landsmøte i år, programfesta vi fire viktige punkt for fødsels- og barselomsorgen:

1. SV vil sikre retten til ein trygg fødeplass for alle fødande kvinner med jordmor til stades under heile fødselen. Alle fødande skal ha nærleik til sjukehus med akuttberedskap og gynekolog.
2. SV vil sikre retten til trygg reise for fødande. Arbeide for å fastsette ei maksimal reisetid til nærmaste opne fødeavdeling for at sjukehusa skal ha lov til å sommerstenge. Stille krav om auka ambulanseberedskap i regionar utan eiga fødeavdeling, og sikre følgjeteneste med kvalifisert fødselshjelp til alle fødande med over 1,5 time reiseveg.
3. SV vil sørge for at fødeklinikkane i tettstadane har nok jordmødre, slik at ingen kvinner i aktiv fødsel må oppleve å bli avvist.
4. SV vil sikre tidlig innsats og rett til oppfølgjing frå helsestasjonar og jordmor frå graviditet og ut barseltida. Vi vil også sikre at familiar ved behov kan få ekstra hjelp og oppfølging til barnet fyller to år.

Desse vedtaka burde vere sjølvsagte, det er utruleg at vi framleis må ta kampen for slike openbare rettar. Men det må vi faktisk, og det skal vi gjere. Starten på livet kan ikkje effektiviseras meir. Ikkje før fødsel, ikkje under, ikkje etter.