Debatt

Ja til god dyrehelse og lokal beredskap

DEBATT: Denne saka handler ikkje om dei tilsette på Veterinærinstituttet i Sandnes. Dei er kompetente folk som heilt sikkert vil finne seg anna arbeid. Saka handler om vår felles beredskap og om vilkåra for trygg matproduksjon i landet sin mest husdyrtette region.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Geir Pollestad, stortingsrepresentant Senterpartiet

Veterinærinstituttet skal flytte frå hovudkontor frå Oslo til Ås. Det er bra at det skjer ei samlokalisering av ulike einingar som jobber med dyrehelse og dyrevelferd.

Det som ikkje er bra er at det er den lokale beredskapen som må betale prisen. Veterinærinstituttet har varsla sentralisering av det tilbodet som dei i dag har i Sandnes, Trondheim og Tromsø. Årsaka til dette er at regjeringa ikkje har finansiert kostnadane knytt til flyttinga frå Oslo til Ås.

Senterpartiet meiner dette ikkje kan godtas. Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) må syte for at dei regionale kompetansemiljøene vert knuste. Det har ho fullt høve til. Regjeringa har heller ikkje orientert Stortinget om desse konsekvensane for den lokale beredskapen.

Denne saka handler ikkje om dei tilsette på Veterinærinstituttet i Sandnes. Dei er kompetente folk som heilt sikkert vil finne seg anna arbeid. Saka handler om vår felles beredskap og om vilkåra for trygg matproduksjon i landet sin mest husdyrtette region.

Det er årsaka til at både Fylkesmann, Fylkeskommune, NHO, LO, Bondelaget og mange andre protesterer mot avgjersla om å sentralisera bort tilbodet i Sandnes.

Senterpartiet forventar at landbruksministeren gjennom tydeleg politisk handling sikrer Veterinærinstituttet i Sandnes, Trondheim og Tromsø.

Når Veterinærinstituttet no flytter inn i eit nybygg til 8 milliardar kroner, så vil det vera fullstendig meiningslaust å bygge ned tilbodet i resten av landet for å spara nokre millioner kroner.

Mer fra: Debatt