Indian Summer

Så skjer det igjen. Sommaren angrar seg. Den var visst ikkje ferdig med oppdraget likevel.

Av: Jarl Wåge

Det skjer kvart einaste år. Denne hersens snikhaustifiseringa. Når ungane er vel attende på skulen og sommeren har blitt matt og sliten, då snik han seg innpå oss og slår til, den fyrste hauststormen. Som sleppt ut av ein sekk. Slår blomar som ikkje er ferdige med å bløme, nådelaust til jorda. Filleristar trea og prøver å fråvriste dei alt det vakre våren og sommaren spanderte på dei. Regnet piskar mot rutene så ein ikkje ser over til andre sida av fjorden. Når det ikkje bles, ja, då heng skyene som hetter på fjelltoppane, og regner siler ned som «pisset til ein gammal mann», som Jo Nesbø ville ha sagt det.

Motviljug må vi innsjå at det er tid for å pakke vekk utemøblane, finne fram ullsokkane, pledda, kakaoen og stearinlysa og kjenne haust-tungsinnet klø ryggrada.

Men så skjer det. Igjen. Som i fjor. Og året før det. Sommaren angrar seg. Var visst ikkje ferdig med oppdraget likevel. Han kjem rett og slett tilbake til oss. Vil vere saman med oss nokre dagar til. Indian summer.

Ein morgon oppdagar vi at himmelen pluseleg er blå. Av den tindrande blå sorten. Det skarpe ljoset som treff oss i auga, er ikkje ein lampe, men sola. Går vi ut døra, merkar vi til vår forundring at det er varmt. Sommarvarmt. Varmt nok til å sette ut att eit par av solstolane. For sjå om det ikkje er sole-seg-ver! Og bytur-ver. I den grøne kjolen med matchande sko. Eller i t-skjorte. Vi trur ikkje heilt på at det går. Men jaggu; kjole-, t-skjorte- og utepilsvêr langt ute i september.

Når no veret spelar på lag, ja, så må dei med hage fortast muleg ut og gjere slikt dei ikkje fekk gjort før hausten lurte seg opp på trammen. Eit bed her, ein hekk der, ein plen som må klippast, ein rosebusk som må skjerast til, og bjørka som veks så irriterande fort, må stussast.

Og så skal det spylast. Tun, garasjegolv, takrenner. Aldri såg ein nokon gong så ivrig spyling som her på berget. Ein regnfri dag og hageslangane blir kveila ut som gjeld det livet. Og eg tenkjer: «Omtrent ingen stad i verda regnar det så mykje som på Vestlandet. Så kvifor ikkje overlate spylinga til regngudane i staden?»

Kanskje heller ta seg ein tur på fjellet. Dalsnuten, Vårlivarden, Preikestolen, Ryfylkeheiene. Nyte fantastisk utsikt, klokkeklar luft, solstrålar som stryk oss lint over kinnet, haustfargar som flammar mot oss. 

Eller oppsøkje dei fantastiske Jær-strendene vi trudde skulle få lov til å ligge i fred til neste sommar. Pakke ut att innpakka hud. Kjenne lunken sand mot nakne bein. Legge seg i ly av ei sanddyne. Gje haustene ein pause og sola enda ein sjanse til å bake kroppen. Som ekstra bonus. Dei modigaste av oss kan til og med gysande utvide badesesongen som vi verkeleg trudde var ein saga blott.

Og surfarane, som eigentleg fangar bølgjer i all slags ver, kan no gjere det i lag med sola og ri dei til dei mistar all kraft. 

Kveldane. Forseinka sommarkveldar overgår det meste av venleik ein kan oppleve på denne kloden og byr glade amatørfotografar opp til solnedgangsafari. Skamlaust brettar naturen seg ut så hinsides forførande og lokkande at vi ikkje ville ha trudd det om vi ikkje hadde fanga det med smarttelefonen. Aldri nokon gong er det så mange bilde av brennade himlar som speglar seg i blikkstilt vatn på Insta og Face som når september gløymer at det er haust.

Vinteren er så useiande lang her på berget. Så mørk og brutal. Ikkje rart vi lengtar inderleg etter sommaren med sine blonde netter og lukt av nyslått gras. Men når han kjem, og vi har ei formeining om at han skal vare evig, så vips, er han borte att.

Ein Indian Summer er enda kortare. Så vi må skunde oss å leve, oppleve, nyte. For snart står nye lavtrykk i kø med stormar med orkan i kasta og regnbyger på tvers, klare til å jage den grøne kjolen innatt i klesskapet og solstolane innomhus ein gong for alle.

Men heldigvis, når det er på det gråaste, våtaste og vinden kvin kring husnovene, ja, då kan vi hente fram bilda frå nokre forseinka sommardagar i september og glede oss over dei anten det er for vårt indre blikk eller lagra på mobilen.