Debatt

– Hei, kan eg komma inn te deg?

DEBATT: Du verda kor godt det er å ha gode naboar. Det kan eg ikkje seie sterkt nok og med fleire strekar under.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Anne Kristin Bruns, Stavanger KrF

Ein fin vårdag var dottera mi og eg utanfor huset vårt, og heldt på å finne fram krukkene og stelle i hagen. Vi hadde i løpet av vinteren flytta inn i eit nytt hus. Vi hadde ikkje helsa på naboane ennå. På det tidspunkt hadde vi fire barn og livet var ganske travelt. Det var ikkje alltid at kvardagen gjekk i hop, enten med køyring, middagslaging eller hjelp med leksene. Mannen min og meg var begge to innflyttarar, og hadde ikkje nær familie som kunne stille opp for å hjelpe.

Eg ser over vegen, og der kjem ein av våre naboar på veg til postkassa. Eg seie god morgon til henne, introdusere meg sjølv og dottera mi. «Hei, kan eg komma inn te deg?», høyre eg toåringen min seie. Eg blir både forvirra og forskrekka. Dama som fekk spørsmålet var ei fin dame i nabohuset. Svaret hennes var: «Ja, det kan du. Berre kom». Desse to gjekk saman inn i huset, og eg stod att utanfor og tenkte: Hjelp, alle dei krystallfigurane i vindauget. Korleis skal dette gå?

Vennskapet mellom desse to har vokse over mange år. Lenge sa dottera mi at «Liv er min beste venn». Ja, ikkje berre for dottera mi, men for alle oss har Liv blitt en del av familien.   Nyleg feira vi fødselsdagen saman med henne. Ho har vore og er ein naturleg del av familien vår på feiring av åremålsdagar og markering av fullført skulegang. Ho har vore med på eldredagen på skulen, konfirmasjonar og andre viktige merkedagar. Ho tek inn posten vår når vi ikkje er heime og passe på huset vårt og vi passe på å ta inn boss spannet hennar og måke snø dei få dagane det trengs her i Stavanger.

Liv pleier å vere heime, og når dottera mi var åleine heime eller ville ha ei pause frå oss i familien, så var vegen kort opp til Liv. Ho hadde alltid brus og tid til ein koseleg prat. Eit rørande utfall av spørsmålet til toåringen har ført til ein god relasjon mellom dei to og ein rikdom for oss alle.

Ein av KrF sine grunnverdiar er nestekjærleik. Dette inneheld ei radikal grunnhaldning til korleis vi skal møte mennesker rundt oss. Det handlar om å sjå kor viktig relasjonar er.
For vår del handle verdiar i denne situasjonen om at vi hadde tillit til kvarandre, og let andre sleppe til i liva våre. Eg kunne sagt: «Nei det skal du ikkje bry deg om. Ho snakke med alle». Og Liv kunne sagt: «Nei, det passe ikkje». Vi må sjølvsagt ha lov til å gjere våre eigne vurderingar, men i vår familie har vi ein verdi på å opne opp for at fleire kan bli ein del av vår familie og ha ein nære relasjon, også til våre barn.

Det er ikkje få gongar at eg må stikke over vegen til Liv og spørje om ulike huslege ting som eg ikkje kan. Ho er som ei «reservetante» for meg. Ho veit at mannen min elske kaker og at eg ikkje er så flink til å bake. Ein heilt vanleg torsdag kom ho på døra med ei flott kake, og seie: «Eg ville berre at de skulle ha ei kake til helga».
I Norge leve vi stadig lenger. I politikken har ein altfor ofte ein tendens til å snakke om «eldrebylgja» som om dette var et stort problem, at vi blir stadig fleire eldre i samfunnet. For Kristelig Folkeparti er det viktig å trekke frem kva for ein stor ressurs eldre menneske er. Dei er rike på livserfaringar, har ofte god tid og mange har lyst til å engasjere seg. Eldre i dag er også sprekare og friskare enn dei som var eldre for 30 år sidan.

Samfunnet har også endra seg. Det er blitt større avstand mellom generasjonar. Mange barn og unge veks opp utan å ha eit nært forhold til den eldre generasjon. For mange eldre er det slik at familie og barnebarn bur andre stader i landet eller at dei ikkje har barn eller barnebarn. Då kan vi vere familie til kvarandre. I forhaldet mellom oss og nabo Liv handle det om verdien av ein gjensidig tillit og god relasjon.

Vi må ikkje oversjå dei ressursane eldre utgjer, enten det er i arbeidslivet, frivillig arbeid, som reservebesteforeldre, gode naboar eller i andre samanhengar. Saman skaper vi gode relasjonar.

Saman kan vi skape ein kultur for å ta kontakt, bli kjende og bygge gode relasjonar. Forholdet mellom dottera mi og Liv hadde kanskje ikkje blitt noko av om jenta mi ikkje hadde spurt, og fått den positive responsen; «Ja, det kan du. Berre kom».

Takk til begge to!

Mer fra: Debatt