GULag-arkipelet

DEBATT: På ein vegg i den før så skrekkinngytande tyske konsentrasjonsleiren Auschwitz heng følgjande sitat: «Den som gløymer historien, vil måtte leve han på nytt», skriv Jarl Wåge.

Overskrifta har eg lånt frå tittelen til Aleksandr Solzjenitsyn si verdsberømte bok om dei fryktelege fangeleirane som fanst som ei kjede av øyer (eit arkipel) overalt i kommunistiske Sovjetunionen.
På ein vegg i den før så skrekkinngytande tyske konsentrasjonsleiren Auschwitz heng følgjande sitat: «Den som gløymer historien, vil måtte leve han på nytt.»

Sist helg opplevde Noreg eit nytt terroråtak. Denne gongen mot ein moskè i Bærum. Gjerningsmannen, ein ung, lokal høgreekstremist, hadde Brenton Terron, terroristen som drepte 50 menneskje i ein moskè i New Zealand, som si inspirasjonskjelde. Han igjen hadde blitt inspirert av manifestet til 22/7-terroristen frå Oslo. Bare resolutt inngripen frå ein som var til stades i moskèen, hindra ein massakre i Bærum.

Drivkrafta bak all terrorisme er hat. Som avlar hat. Dei to nemnde terrorhendingane var resultat av muslimhat. Blindt, glødande hat som kjem meir og meir til syne i sosiale media. Det breier seg som E. coli-bakteriar i drikkevatn. Usynleg til det plutseleg gjer uboteleg skade. Til forveksling likt den absurde antisemittismen som var så altoverskuggande i Tyskland på 1930-talet og som lever i beste velgåande.

«Alt heng saman med alt,» sa Gro Harlem Brundtland. Listetopp for Frp på Nesodden, John Brungot, er i ferd med å bli kasta ut av partiet. På grunn av antimuslimutspel i sosiale media. Han har brukt ord som «invasjon, krig, forrædarar, beleiring, det nye herrefolket og dødsfiendar» om innvandringa av muslimar. I tillegg er han aktivist for den høgreradikale og sterkt islamfiendtlege gruppa SIAN. Alt dette i fylgje Filter nyheter.

Då dette blei avslørt, handla partiet resolutt og sa at slikt ikkje høyrer heime i FrP. Men spørsmålet melder seg: Kvifor har han ikkje blitt kasta ut for lenge sidan? Han var ikkje akkurat anonym når han stilte opp på SIAN-arrangement i norske byar. Fordi alt heng saman med alt. Han er ikkje den einaste med slike haldningar i FrP. Sjuande far I. Hagen, og sikkert mange FrP-arar med han, seier at han ser ingen grunn til at medlemskap i SIAN er noko FrP skal bry seg med.

I 2010 skreiv Christian Tybring-Gjedde og Kent Andersen kronikken «Drøm fra Disneyland». Ein tekst som osa av forakt for AP og frykt for «multikulturalisme». Mykje av tankegodset så radikalt at vi finn det att i ABB sitt manifest. I etterpå kan ein lure på kvifor kronikkforfattarane ikkje blei ekskluderte frå FrP.

Tidlegare justisminister Per Willy Amundsen skreiv på Facebook i 2011 at han frykta eit korstog (mot islam) kan bli nødvendig. Samme mann meiner at den fengsla britiske høgreekstremisten Tommy Robinson kvalifiserer til politisk asyl i Noreg. Ein innbitt innvandringsmotstandar vil altså invitere hit til landet ein mann med same type ideologi som 22/7-terroristen svergar til.

Det stoppar ikkje der. Ein annan justisminister og innvandringsmotstandar blei tvungen til å gå ut av regjeringa då ho skreiv på Facebook at Arbeiderpartiet prioriterer terroristar framfor sikkerheita til det norske folk.

Siv Jensen har lova å ta ei oppgjerd med desse haldningane, men sjølv kan ho ikkje tenke seg å ikkje snakke om snikislamisering.

Vi ser høgreradikalisering i heile den vestlege verda. I USA har ho fått eit kraftig oppsving etter at Trump blei president. Han inviterte Steve Bannon, guru for den høgrenasjonalistiske rørsla Alt Right, inn i Det kvite hus som sin nærmaste rådgjevar. Ikkje rart at KKK og andre ekstremistar jubla og siegheila. Sidan har han nørt oppunder hatet med ei rekkje rasistiske utsagn. Han vil sende farga politikarar «attende dit dei kom i frå». Truleg til land han har prestert å kalle «shithole countries».

Alt heng saman med alt. Erna Solberg slepp ikkje unna. Ho har med viten og vilje invitert innbitte innvandringsmotstandarar og antimuslimar inn i regjeringslokala. Dermed legitimerer ho haldningane deira og har aldri tatt skikkeleg avstand frå dei. Det var ikkje Solberg som tvinga Listhaug ut av regjeringa etter det famøse fb-innlegget hennar. Det gjorde opposisjonen. Dei truga med mistillit om ho ikkje gjekk av. Dermed var det ingen veg utanom.

Solberg er fullt klar over at Listhaug, som Trump i USA, har heltestatus blant mange høgreekstreme. Likevel passa ho på, så snart det baud seg eit høve, å invitere henne inn i regjeringsvarmen att. Så no kan ho risikofritt dure på med sin polariserande retorikk. Her om dagen insinuerte ho i Dagsnytt 18 at henner hatobjekt nummer ein, Arbeidarpartiet, heller vil jobbe for å innsnevre ytringsfridomen enn å motarbeide nettovergrep mot barn.

Det har utvikla seg eit GULag-arkipel av høgreradikale grupperingar her til lands. HRS, til dømes, med Hege Storhaug i spissen. FrP kjempar kvart år med nebb og klør for at bloggen hennar skal få statstilskot. Den høgreradikale nettavisa Resett blir halde liv i av mangemillionæronklar. Der dukkar det stadig opp muslimhat i kommentarfelta. Nazirørsla Den nordiske motstandsbevegelsen marsjerer i gatene. Nynazistgruppa Vigrid har eksistert i årevis. I tillegg finst høgreradikale fb-grupper som Fedrelandet viktigst og Fra folkedypet. Grupper med titusenvis av medlem.

Det bles ein høgreradikal nordasno over landet. Det må kvar enkelt av oss kjempe imot. Terrorisme kan skje same kven som regjerer. Men meir enn nokon gong treng vi politikarar som igjen og igjen, hardt og kontant, set foten ned for hat og rasisme. 

For dei har teke på seg støvlane og marsjerer igjen. Passar vi ikkje på, kan vi komme til å måtte leve historien på nytt.