Leder

Eit amputert vestland

LEIAR: Den som vil melda «Vestlandet»-fylkestinga for villeiande marknadsføring, får truleg støtte frå styremaktene, skriv Bjørn G. Sæbø i denne leiaren.

Dette er en leder. En leder er en kommentar som gir uttrykk for avisens meninger og holdninger.

Fredag vedtok fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane den vidare vegen fram mot samanslåing. I seg sjølv var dette eit varsla vedtak, trass i meiningsmålinga NRK fekk utført i Sogn og Fjordane rett før valet. 66 prosent nei i fjell- og fjordfylket tyder på eit prosjekt med eit svakt demokratisk grunnlag. Og det var nettopp den manglande, folkelege oppslutninga som førte til at Rogaland fylkesting sa nei til eit felles vestlandsfylke. Manglande avklaring om nye arbeidsoppgåver, lang veg frå sør til nord i det eventuelle kjempefylket og kjensla av at Bergen skulle verta for dominerande, er ein del av forklaringa på nei-et frå Rogaland.

Det kan godt vera at fylkespolitikarane i dei to «midt-fylka» på Vestlandet vil ha med Rogaland og gjerne Møre og Romsdal på sikt, men då må talemåten stå meir i stil med kva som vert vedteke og kva symbol som vert tekne i bruk. Å kalla to av fire vestlandsfylke «Vestlandet» er i seg sjølv historielaust og ikkje minst taktlaust viss meininga er å få med fleire medlemer i storfylket på sikt. Det er mogleg fylkespolitikarane i det såkalla Vestlandet meiner folk i Møre og Romsdal er reservetrønderar og me rogalendingar kvasisørlendingar? Symbolikken rundt fylkestingssamlinga var så tung som mogleg då Gulen vart vald til tingsete. Gulating vart skipa i Gulen – truleg på 800-900-talet – og var den lovgjevande forsamlinga for det som i dag er Sunnmøre og ned til Aust-Agder, i tillegg til Færøyene og Shetland. Den som vil melda «Vestlandet»-fylkestinga for villeiande marknadsføring, får truleg støtte frå styremaktene.

Dei fire vestlandsfylka har så mykje til felles at eit tettare samarbeid vil vera ein stor føremon. Me er retta mot vest, har dei viktigaste eksportnæringane i landet, har ei felles kulturforståing og er med andre ord skikka til å utføra tyngre arbeidsoppgåver enn i dag.

Mer fra: Leder