Debatt

Ein himmel full av stjerner

DEBATT: Lite visste eg at eit bilde frå Apollo 8 skulle gjera meg til sosialdemokrat med engasjement for klima og miljø

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Leif Kjetil Knudsen. Listekandidat, Stavanger Arbeidarparti

Eg vil gjerne byrja med å minna lesaren om det kjente bildet tatt frå Apollo 8 i 1968. Som unge ville eg sjølvsagt bli astronaut. Det revolusjonerande bildet som viste Jorda mot eit uendeleg tomrom fascinerte meg fordi det viste absolutt alt og alle me kjenner, og samtidig tomheita rundt oss. Ho som me fyller med Netflix og kvardagar.

Klimaendringane og forsøplinga av Jorda er debatten frå i går. Fornuften og fakta har vunne. Me veit kva som skjer. Me veit kva me må gjera. Pengesterke støysendarar kan ikkje skjula at endringane er over oss. Sjølv World Economic Forum har klima på toppen av lista si over ting som held på å gå skikkeleg gale. Ein kan heller ikkje skjula at innovasjon, styring og regulering verkar: me klarte utfordringar som bly og DDT, me klarte det med KFK, og me skal klara den største av dei alle: klimagassutsleppa. Utsleppa som truar med ild og is og eit stigande hav. Men me må villa det. Det er på tide med eit ungdomsopprør! Svenske Greta Thunberg har skjønt det.

Eit problem er kortsiktig frykt. Frykt for arbeidsplassar, velferd, sjukeheimar og kanskje trua på at det går. Problemet verkar så stort. Makta så liten. Tidsfrista så kort. Det oljeindustrielle komplekset så mykje større enn kvitevareindustrien.

Stoltenbergregjeringa si innovasjonsmelding om eit nyskapande og berekraftig Noreg peika alt i 2009 på klimautfordringane som ei av dei viktigaste drivarane for innovasjon. Me har lenge visst kva me står overfor, og som intelligente vesen må me omsetta problema til sin motsetnad, nemleg løysningane. Kunnskap og forsking lyser opp terrenget foran oss, politiske leiarar må gje marsjordre, slik m.a. Stavanger gjer med den nye klima- og miljøplanen.

Løysinga er transformasjon i skjeringspunktet mellom kunnskap, medverknad, politiske visjonar og vilje til styring mot eit lågutsleppsamfunn. Då er det ikkje godt nok med «et begrenset fokus på andre næringer», for å sitera ein lokal strategisk næringsplan innretta mot oljebyen. Me treng Arbeidarpartiet si erfaring og vilje til gjennomgripande endringar i samfunnet.

Det handlar nemleg ikkje berre om det endelause tomrommet, men om den uendelege verdien av fellesskapen vår og livsgrunnlaget her på Jorda. Lite visste eg den gong at eit bilde frå Apollo 8 skulle gjera meg til sosialdemokrat med engasjement for klima og miljø.

Godt val.

Mer fra: Debatt