Debatt

Det finst håp i den nye læreplanen

DEBATT: Erfaring innan servicebransjen burde vore eit krav for å kome inn på lærarutdanninga

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Marit-Elise Fossen Salte, lærarstudent ved Universitetet i Stavanger

Nest etter foreldra, er det skulen som står att med det styste ansvaret med å kunne oppseda born til gangs menneske. Sju år i servicebransjen seier meg at ein stad langs denne linja, er det nokon som har trødd feil.

Det finst heldigvis håp i den nye læreplanen.

Som komande lærar ser eg no verdien av å ha jobba over eit halvt tiår som butikkmedarbeidar. For kvart «no seier eg opp», har motivasjonen knyta til mi eiga framtidige yrkesutøving og lærarrolle auka drastisk. Skulens samfunnsmandat og styringsdokumenta som ligg til grunn, står klårare føre meg for kvar vakt eg jobbar. Sånn sett har eg mykje å takka denne deltidsjobben eg både elskar og hatar.
Som butikkmedarbeidar treff ein eit mangfald av ulike menneske kvar dag. Eit vesentleg fleirtal av desse er hyggjelege folk, der nikka, praten og latteren sit laust. Personen bak disken blir anerkjend som eit menneske, rett og slett.

Men så snik det seg dessverre inn menneske der ein endar opp med å lure på kva som har skjedd med dei. Kva gjer deg så sint at du ikkje klarer å la vere å gje uttrykk for det framfor ei tjuefire år gamal jente bak disken? Nei, det er ikkje personen bak disken som bestemmer prisane i butikken. Ei heller den nye poseavgifta. Og nei, sonen din på tolv år skal heller ikkje vere nøydd til å be deg om «å roa deg ned» når du syner til det kvinnelege kjønnsorganet for å skildra meg som person. Dei siste åra har eg sjeldan sett foreldre bli brydd av eigne ungar. Det går heller andre vegen.

Dagens læreplan understreker at skulen skal bidra til at elevane i den norske skulen skal utvikle seg til å bli meiningssøkjande, skapande og arbeidande menneske. Og kanskje framfor alt: Integrerte. Alt dette heng saman med utviklinga av det ålmenndanna menneske; noko skulen har som sitt samfunnsoppdrag å kunne leggja til rette for hos kvar einskilt elev. Slik eg forstår det, bak alt det faglege og formelle, blir altså mitt oppdrag å hjelpa mine elevar til å meistra livet når dei kjem ut i samfunnet som vaksne borgarar. Meistrar dei det, meistrar dei betre samhandlinga med andre. Og då slepp ein kanskje at ho som lagar pølse og softis skal kjøra heim frå jobb medan ho gret over ufordragelege kundar.

Ifølge Utdanningsdirektoratet er nettopp målet for opplæringa at «ho skal gi kvar elev kompetanse til å ta hand om seg sjølv og sitt liv, og samtidig overskott og vilje til å vere andre til hjelp.» Noko eg direkte tolkar som å kunne ta godt nok vare på seg sjølv til at det òg skal kome andre menneske til gode. Å meistra dette er å forstå sin eigen verdi nok til å forstå andre sin. Å meistra livet er å meistra det saman med andre.

«Grunnleggjande høfleg oppførsel og medmenneskelegdom» skal ikkje måtte vera eit eige fag i skulen. Men etter å ha observert, vurdert og samhandla med eit representativt antal vaksne menneske over fleire år, er eg redd for at mange i vår foreldre- og besteforeldregenerasjon hadde teke nytte av nettopp eit slikt fag. Aller mest er eg redd for at dersom skulen ikkje kjem på banen, er det nettopp ungane til desse enkeltmenneska som skjeller ut butikktilsette tretti år fram i tid. Og desse enkeltmenneska er det skummelt mange av allereie.

Folkehelse og livsmeistring skal inn i skulen. Med sterkare fokus på psykisk helse, ser eg lyst på smitteeffektane dette kan ha på resten av det som føregår i skulen og samfunnet elles. Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) seier at skulen er nøydd til å gje elevane den kompetansen dei treng i møte med samfunnet. Livsmeistring blir sjølve byggjesteinen i dette oppdraget. Og livsmeistring får endeleg naudsynt plass i læreplanen.

Mattelæraren min på vidaregåande sa noko eg no, seks år seinare, hugsar betre enn brøk og algebra. Han sa at han ikkje kunne brydd seg mindre om elevane hans fekk 6-arar eller måtte kara seg til ein svak 2-ar. Det einaste han brydde seg om var at ingen av hans elevar skulle ende opp på realityprogrammet «Luksusfellen» i vaksenlivet. Han sa rett ut at det viktigaste for han var at me skulle klare oss. Ingen av oss trong å bli matteprofessorar på universitetet.

Det er ikkje før no i seinare tid at eg har tenkt over kva denne læraren faktisk meinte. I lys av mi eiga lærarrolle tenkjer eg ofte over kva som blir viktig for mine elevar. For meg er det ikkje naudsynt at ein skal kunne analysera verka til Hamsun og Ibsen. Klarer eg å læra mine elevar grunnleggjande medmenneskeleg innsikt, skal eg seie meg meir enn nøgd. Dersom ein av mine elevar endar opp som dagens lyspunkt for andre, skal eg tillata meg sjølv å bli rørt.

Eitt år frå no, har eg jobba eit par månader som ferdig utdanna lærar. Eg har eit par vakter å jobba før den tid. Eg har sinte, svoltne og uregjerlege kundar å takke for korleis eg ter meg om eit år.

Kanskje er det takka vere dei, at ungane deira ikkje ein dag sjølve skal få ungar som skjemst over foreldra sine.

Mer fra: Debatt