Nyheter

Det blir jul allikevel

Vår nye ikkje-andelege, akk så materialistiske, juleversjon har blitt ein «Drøm fra Disneyland». Ein gedigen multikulturell, globalistisk kjøpefest der kredittkorta som ein fleirstemt, himmelsk hærskare syng jula inn som akkompagnement til ein endelaus kjøpefest, skriver Jarl Wåge.

Skrevet av Jarl Wåge

Jula, den kristnaste og norskaste av alle norske, kristne høgtider, er kringsett av fiendar. Fiendar som prøver å snikavjulifisere den årlege vinterfesten enkelte framleis insisterer på er proppfull av Jesu-barn, evangelium, kyrkjegong og salmesong. Ateistar, PK-eliten (i år også representert ved IKEA), globalistar og multikulturistar har visst, i år som i fjor, slipt knivane klare til juleattakk.

I ledtog med muslimane. Alltid muslimane. Desse inkarnerte julehatarane. På ytre høgre flanke roper dei «Juleulv, juleulv»! I år som i fjor. Ein gong var alt «bøgernas fel». Aids, krig, mjuk ribbesvor, forseinka tog, regn i sommarferien. Det var sabla greit. Skrullene som viftar med regnbogeflagg ein gong i året, stod så lageleg til for hogg.

No pustar dei letta ut. Dei har fått avlastning av skjeggete og svartmuska juleterroristar. Å klage soparane for å ville øydeleggje jula er i overkant fjollete uansett, sidan ingen er så opptatt av julestæsj, glitter, stas og fjas som den regnbogefarga horde. Godt då at juleforsvarsgarden fann verdige erstatningshoggestabbar.

«Jula varer heilt til påske» sa vi før i verda. Og fann ei slags trøyst i det. Sånn er det ikkje no til dags. I Australia var eg med på å feire Yule in July. Ikkje akkurat overvettes kristent, men med julemat på alle fat. Fordi det er sommar der når det er vinter her og julefeiring i over tretti graders varme ikkje akkurat er så julete.

Men jaggu blir jula stadig lenger her òg. Elevane er knapt tilbake på skulebenken etter sommarferien før julemarsipanen dukkar opp i butikkhyllene. Den raude invasjonen «made in China» startar allereie i oktober når alle handlekatedralar ringjer jula inn i håp om stadig nye omsetnadsrekordar.

Like sikkert som ulvedebatt i sauebeitesesongen og ikkje-norske-flagg-i-17mai-tog-debatt om våren, kjem juleskjendingdebatten kvar bidige haust. I år var ein utløysande faktor at kyrkjemøtet i IKEA i oktober 2019 vedtok å lansere ein produktserie som heiter Vinterfest og ikkje noko med «heilage jul».

Dermed braka det laust. Høgreradikale som ser jihadistar i heilag julekrig rundt kvar einaste einerbærbusk, gjekk i fistel over dette Ikeiske knefall for Islam og nedtoning og omskriving av den norske, oops, svenske, oops, kinesiskproduserte jula. Ein hissig tidlegare justisminister har endog forsverga at han ikkje skal setje sine såra og vonbrotne bein i eit einaste snikislamisert IKEA-julehus så lenge dei gjer seg lekre for potensielle terroristar.

Det er noko rørande over korleis desse arme riddarane av det jule bord år etter år slår ring rundt og står opp for våre norske, kristne juletradisjonar. Det er nesten så ein ikkje orkar tenkje på sjokket dei vil oppleve den dagen det med eit brak går opp for dei at det einaste norske som er att av vår fordums jul, er nissen som sit på låven med sin julegraut.

Dei har ikkje ein gong fått med seg at den kristne jula slik vi ein gong kjende ho, er i andenaud og gispar etter luft under gigantiske julegåvehaugar i dei tusen heimar. Jesu-barnet, som det heile ein gong handla om, ligg gløymd og forlatt som eit kassert leiketøy i ein stall ingen veit kvar er.

Vår nye ikkje-andelege, akk så materialistiske, juleversjon har blitt ein «Drøm fra Disneyland». Ein gedigen multikulturell, globalistisk kjøpefest der kredittkorta som ein fleirstemt, himmelsk hærskare syng jula inn som akkompagnement til ein endelaus kjøpefest. Ei dyrking av mammon så ukristeleg vulgær, så hemningslaust kommersialisert at det får dansen rundt gullkalven på Moses si tid til å framstå som uskuldig folkeviseleik.

Det er ikkje snikislamisering som raserer norske, kristne juletradisjonar. Det er amerikanisering. Som ikkje snik i det heile tatt, men kjem susande inn på ein reinsdyrslede og blir tatt imot med opne armar til basunars klang og vaiande grangreiner. Det er Santa Claus, lubben og godsleg med bomullskjegg og raude gevantar, som har blitt julehovudperson. Ikkje eit lite barn, svøpt, liggande i ei krybbe. Han seier «Ho,ho», har verkstad på Nordpolen og leverer gåver, ordentlege gåver, slike som kan kjøpast for pengar, til alle snille barn.

Det er Disney-filmar, I`m Dreaming of a White Christmas, Silent Night, Jingle Bells og Driving Home for Christmas. 
Då Rolf Just Nilsen lanserte si ironiske vise, «Julekveld i Skogen», i 1963, blei det straks ein hit. Historien om dei to einsame, gamle som sit åleine julafta i «en liten rødmalt stue heller fattigslig og arm» langt inne i skogen og manglar alt ein ikkje skal mangle på ein slik kveld, traff folk heime. Då den fortapte sonen som hadde utvandra til Amerika, plutseleg kjem gjennom skogen og overraskar foreldra med ein Amerika-kuffert full av slikt dei har å by på «over there», er det lykkeleg slutt og alt blir bra. «Det ble jul allikevel».

Den gongen kunne ein hatt bruk for nokre standhaftige ytrehøgretinnsoldatar som verna om norske juleverdiar og demma opp for Amerikakuffertar og alt anna som fløymer innover oss frå andre sida av dammen. No er det løpet kjørt. 
Men som ein Jule-Nostradamusnisse tør eg å spå at det også i år, som i fjor, «blir jul allikevel». Kva slags jul, ja, det får det vere opp til den enkelte å bestemme.  Det skulle ikkje forundre meg om ein og annan muslin ønskjer oss «God jul» òg.

Mer fra Dagsavisen