Nyheter

Dei minste borna som ikkje klare å seie kva dei treng, kva med dei?

KRONIKK: På mange måtar har vi institusjonalisert oppveksten meir og meir. Korleis skal vi som foreldre forstå vår rolle, spør Anne Kristin Bruns.

Av Anne Kristin Bruns

Foreldrerolla er i endring. Tidsrommet som foreldre har med barnet sitt er for mange avgrensa til helgane og nokre få timar etter jobb. På mange måtar har vi institusjonalisert oppveksten meir og meir, med tidlegare barnehagestart, stort aktivitetsnivå på ettermiddagstid og lengre skuledager. Korleis skal vi som foreldre forstå vår rolle? Her har vi som samfunn eit ansvar saman. Vi må bidra til å styrke foreldrerolla og deira tru på at dei er dei viktigaste for barna sine, at foreldre er dei som kjenner barnet best, og kan best vurdere korleis ein som familie skal organisere kvardagen på ein best mogleg måte for barna og heile familien.

KrF har i sitt program understreka nettopp dette gjennom å vise til at familien er det grunnleggjande sosiale fellesskap, og godt foreldreskap gjev trygge barn. Foreldre har ansvar for  sine barn og er deira viktigaste rollemodeller. Deira valg må både bli respektert og anerkjent som ein viktig samfunnsbygging. Samfunnet har gjort det slik at foreldre ofte har lite handlingsrom stilt overfor arbeidsgjevarar og studiestader. korleis familiepolitikken er rigga og alle andre føringar som ein konsekvens av den politikken som blir ført og næringslivets sine haldningar og vilje.
Dette er ei samansett problemstilling som næringslivet, politikk og krav om effektivitet har bidratt til.

Vi vil at ein skal få barn, vi har gode ordningar for foreldrepermisjon, at barnet tidleg får plass i barnehage. Eg har merka meg ein trend og ei haldning om at om ein ikkje går tilbake til jobb etter endt permisjonstid vil vi som samfunn ikkje sjå på deg som produktiv og samfunnsbyggende. Desse haldningar gjer det vanskeleg for foreldre som står midt i denne situasjonen. Presset frå alle kantar kan vere uforsonlig med det fleire av oss innerste ønske.

Eg har kjent dette dilemmaet på kroppen, som mor til fire barn. Skal vi nytte oss av kontantstøtta dei fyrste åra, eller skal barnet gå fult i barnehage? Kva er det beste for barnet? Kva konsekvenser har dette for barnets utvikling? Kva gjer dette med vår økonomi og mi yrkeskarriere? Klare vi å betale ned på huslånet etter planen? Her er mange val og spørsmål som har både praktiske og økonomiske konsekvensar for oss.

Endringane som har skjedd med tredeling av foreldrepermisjon (noko KrF var einaste parti som stemte imot) og tidleg barnehagestart har i størst mogleg grad dreia seg om mødre og fedres arbeidsliv og rettigheiter. Arbeidslinja har fått eit større rom enn familielinja, med forventning om at ein skal bruke flest mogleg timar i lønna arbeid for å styrke norsk økonomi. Det har lite dreia seg om behovet til barna mellom null til to år.

I fleire artiklar i Stavanger Aftenblad og Rogalands Avis har dette området blitt diskutert av fagfolk og foreldre. Politikarane har vore svært stille. Det er vi som har utmeisla denne politikken og måten å organisere kvardagene på.
May Britt Drugli, psykolog, tek opp dilemmaet med kvalitet i barnehagen for dei minste barna i Rogalands Avis sist veke. Drugli støttar psykolog Sissel Unger si uttalelse om at det å sende «alle» ettåringer i Norge i barnehage er eit eksperiment som vi ikkje nødvendigvis veit konsekvensane av. Drugli og Turid Suzanne Berg-Nielsen, professor i psykologi, publiserte nyleg  artikkelen «Samspillskvalitet mellom ansatte og små barn (1-3år) i norske barnehagar». Funn som artikkelen viser til syner oss at barn i norske barnehagar oppleve middels god støtte når det gjeld emosjonell og adferdsmessig utvikling og relativt lite støtte når det gjeld læring og språk. Rapporten GoBaN understøtter deira funn.
Arne Holte, professor i helsepsykologi ved UiO, er grunnleggande uenig i hennes framstilling og underbyggee sine meiningar med ulike forskningsrapporter. Det eg som lesar blir ståande att med er at vi faktisk ikkje klare å diskutere barnehagestart for dei minste under to år. Det er nemleg ikkje alle barnehagebarn eller alle barn vi diskutere. Det er dei minste som eg er enig med fleire forskarar er eit prosjekt vi ikkje veit nok om før vi sette det igang.

Drugli seier og at nivået i barnehagene ikkje er skadelig for barna, og at alt ikkje var bedre før med ufaglærte dagmammaer eller andre måtar å ordne kvardagen på.
Nei, alt var ikkje bedre før. Det meiner heller ikkje KrF, men samtidig meiner vi at når vi er i den situasjonen at «alle» ettåringer skal gå i barnehage, som samfunnet og politikere har lagt tilrette for, må vi tore å ta diskusjonen om temaet barnets beste, valfridom og tilknytning.

Det handle om utfordringa med barnehageutbygging for dei minste borna, dei mellom ett og to år, og om likestilling. Torild Skard uttalte seg nyleg om at vi har valgt å sjå barn under eitt når vi snakke om barnehageutbygging. Ho har sett seg inn i nyare forsking om hjerneutvikling og viser til at det ikkje er like heldig for barn under to år å gå i barnehage, nettopp fordi hjernen utvikle seg mest i denne tida, og barnet trenger ein trygg tilknytning til mor for å sikre ein god psykologisk utvikling. Ho meiner at vi har eit systemsvikt og ei omsorgssvikt overfor barn fram til to år. Norsk psykologiforening og den norske jordmorforening stadfestar også viktigheita for tilknytning til stabile vaksne dei fyrste 18 månadane, i første omgang mor og så far. Vi har kunnskap, men utfordringa er vel heller at den blir så lite snakka om.

På same tid må vi vere opne om at for nokre barn kan det vere bedre å gå i barnehage enn å vere heime. Mange av våre barnehagar har auka kompetanse og kvalitet i barnehagen over fleire år. KrF har jobba for bemanningsnorm som ein start, men det trengst endå større innsats her, ikkje berre antall vaksne, men også kompetanse og kvalitet. Her jobbes det systematisk og grundig i våre barnehagar.

Eit samfunn som er godt for barna er eit samfunn som er godt for alle. For KrF er gode  oppvekstsvilkår for barn og unge den viktigaste investeringa vi kan gjere, og vi har i over 20 år sagt og kjempa for at at familiar skal ha moglegheit for å velge alternativ fram til barnet er to år. Difor kontantstøtta, ei ordning som i dag gjeld for barn opp til to år. Man kan velge barnehage eller kontantstøtte, eller deltid begge stader. Samtidig må vi som samfunn legge tilrette for gode møteplasser i tida ein er heime med barnet, som til dømes opne barnehagar, babysang og babysvømming. Desse er tilbod som alle kan delta på, uavhengig av økonomi og som gjev den som er heime med barnet eit utvida nettverk. Krf vil den neste perioda jobbe for dette.

I debatten om nettopp tidleg barnehage start, har eg lagt merke til at det er få parti som set dette på dagsordenen. Eg stiller spørsmålet om det for vanskeleg å diskutere?

Tore eg og tore dei andre politikarane å framheve barnets beste perspektivet eller er vi redde for tilbakegang for likestilling mellom mor og far? Her må eg gå i meg sjølv, og eg tenkjer at i lys av nyare kunnskap bør nettopp dette perspektivet lyftast oftare fram i dei politiske diskusjonane og i debattspaltene nettopp i det offentlege rom.
KrF ønske meir fleksibilitet, valfridom og tilrettelegging for at foreldre og familiar skal kunne velje sjølv. Då må vi saman gjere det enklare og ikkje vanskelegare å vere foreldre.

Mer fra Dagsavisen