Kommentar

Vi er «barnevernet»!

KOMMENTAR: KrF sitt mål er at færrast mogleg skal trenge barnevernet.

Av Anne Kristin Bruns, Stavanger KrF

Eg skulle ønske at alle vi som har kontakt med barn og unge, både offentlege etater og vi foreldre kunne sjå på oss sjølve som barnevernet. Vi vil verne barn, ikkje sant? Vi ønsker barnets beste. På den måten er vi barnevern. Vi kan også snakke om det YTRE og det INDRE barnevernet.

Dei tilsette i barnehagar, skular, helsesjukepleiar, rusomsorga og familiesenteret er det YTRE barnevernet, saman med foreldre og andre vaksne som har med barn å gjere. Det INDRE barnevernet består av det vi i dag ser på som barnevernet.

Vi som fellesskap må jobbe for at familiar som ikkje treng å kome inni barnevernet får den hjelpa dei treng før det INDRE barnevernet må kome på banen. Det handle om våre barn. «Det trengst ein landsby for å oppdra eit barn». Vi treng kvarandre og eg heie på alle foreldre som kvar einaste dag gjer alt dei kan for at barnet deira skal ha det beste vernet. #heiaforeldre seie eg og applaudere.

I 2016 tok KrF initiativet til ein kvalitetsplan for barnevernet i Stavanger kommune. Januar 2019 vart den vedteke, ein plan for mellom anna å sikre kvalitet og gode arbeidsformer, involvering av brukerstemma og tettare samarbeid med skule og barnehage.

«Barnevernet er vårt sikkerhetsnett som skal fange opp, hjelpe og gje omsorg til barn og unge som leve under forhold som kan skade deira helse og utvikling. Barnevernet, inkludert Barnevernvakten, må sikres ressurser og kompetanse slik at barn og unge som trenger det får rett hjelp til rett tid» står det i vårt program for dei neste fire åra. Det er det vi i KrF har som utgangspunkt for vårt arbeid. Nettopp for å sikre at barn og unge og deira familiar får rett hjelp, enten gjennom det ytre eller det indre barnevernet eller begge deler.

Tertial rapporten som nyleg kom viser at rådmannen i Stavanger vil styrke barnevernet med 12 mill kroner. Auke i antall saker er grunnen for tilleggsbevilgninga.

KrF vil i budsjettarbeidet denne hausten foreslå at barnevernet i vår nye Stavanger kommune blir styrka. For oss er dette eit område der ein både må sjå på det ytre barnevernet blant barn, unge og deira familiar, men også styrke det indre barnevernet når ein må gå tettare inni familiar.

Bedre forebygging og tidlig innsats har prega Stavanger barnevern i fleire år. Trygge foreldre gjev trygge barn, og lat det vere klart at KrF sitt mål er at færrast mogleg skal trenge barnevernet.
Barnevernet kan ikkje åleine løyse alle dei utfordringane som mange av disse familiane oppleve.

Difor treng vi både eit ytre og eit indre barnevern.

Ei svært viktig stemme i ei barnevernsak er barna si stemme. Barna som treng at voksne ser deira behov, trur på dei og lytter til deira ønsker. Barna treng at også deira foreldre blir møtt med respekt og omsorg. Forandringsfabrikken har dei siste 15 åra gjort mykje for å gje barnevernets barn ei klar og tydelig stemme. Barnevernstenesta har også oppretta ei stilling som barne- og ungdomskontakt som skal gjere det enklere for barn og unge å fortelle barnevernet om ting dei er misfornøgd med.

Barnevernstenesta i Stavanger etablerte i 2011 ei Erfaringsformidlargruppe som består av foreldre som har eller har hatt kontakt med barnevernet. Gruppa består i dag av 12 foreldre. Stavanger barnevernsteneste har tatt i mot erfaringsformidlarane med openhet og respekt. Foreldrene har formidla sine erfaringar til tilsette i alle avdelingane i tenesta.

Å opne opp for brukarstemma slik som barnevernstenesta i Stavanger har gjort opner også opp for å høyre ting som kan vere utfordrande for barnevernet sine tilsette. Barna og foreldra er klare i sin tale om kva dei ønsker av endringar og barnevernstenesta i Stavanger har valgt å lytte.

Gjennom dette arbeidet er det foretatt viktige endringar både i verdigrunnlaget og i barnevernet sin praksis dei seinere år som er eit direkte resultat av samarbeidet med barne- og foreldrerepresentantene. Så langt eg veit er dette nybrottsarbeid i Noreg og vi som kommunepolitikere bør vere stolt av barnevernstenesta, barna og foreldra sin innsats.

Med barnet si stemme sammen med voksen stemmen fra foreldre, fagfolk og politikarar kan vi oppnå eit barnevern som i større grad er i stand til å gje barn og deira familier rett hjelp til rett tid på ein open, ærleg, respektfull og omsorgsfull måte. Her trengst både det ytre og det indre barnevernet å kome sterkare på bana og det er viktig for KrF framover.

Difor treng vi både eit ytre og eit indre barnevern.

Mer fra Dagsavisen