Nyheter

«Vårt blonde, nordiske håp» rider igjen

DEBATT: Knapt nokon president har splitta det amerikanske folk så mykje som Trump. Ingen norsk politikar er så dyktig på splitt og hersk som Listhaug.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Jarl Wåge, skribent

Trumprinsesse Sylvi Listhaug er på veg dit ho lenge har drøymt om å vere. Til topps i Frp. Då Siv Jensen kunngjorde at ho skal trekkje seg frå politikken, peika ho samtidig på Sylvi Listhaug som ny leiar og Ketil Solvik-Olsen som nestleiar. Neste dag passa dei to forututpeika på å halde pressekonferanse. Dermed kan vi slå fast at leiarvalet på partiet sitt landsmøte bare blir pro forma.

Eg skal bramfritt prøve meg som valforskar og spå om framtida. Sylvi Listhaug vil vere veljarmagnet i enkelte miljø. Sylvi med korset, det som på mirakulaust vis dukkar opp i halsgropa eller utanpå gensaren hennar når det kan vere lurt med eit kors i halsgropa eller utanpå gensaren, vil ha appell til kristenfundamentalistar. For eksempel dei som har søkt tilflukt i Partiet De Kristne fordi Frp ikkje er fundamentalistisk nok.

Dei, du veit, som har fått med seg bodskapen om at du skal elske din neste som deg sjølv, men definerer sin neste som kvit, kristen, heterofil, antifeministisk norsk nordmann. Andre slags nestar skal vi fjernelske. Jo fjernare, dess betre. Som Sylvi Listhaug ein gong så treffande sa det: «Jesus ville ha hjulpet dem i nærområdene,» og nærområda er ikkje på Sunnmøre, for å seie det sånn.

Listhaug vil også klare å hanke innatt mange av dei som stakk til høgreradikale Demokratene då dei ikkje fekk vere så nasjonalpatriotiske som dei ville i Siv Jensen sitt Frp. Listhaug har sagt at dei er velkomne i hennar Frp.

Listhaug har sterk appell i høgreekstreme grupper der dei ser på alle frå Erna Solberg og venstrover som landssvikarar. Mange har til og med plassert Siv Jensen blant landsforrædarar og multikulturistar fordi ho ikkje har levert når det gjeld å stenge grensene for flyktningar. Særleg slike som «Jesus ville ha hjulpet i nærområdene».

Med jamne mellomrom har eg gjort djupdykk i slike fjesbok-grupper. Og eg lover; der handlar det ikkje om å elske sin neste som seg sjølv! Hatet mot alle som ikkje passar inn i Noreg-for nordmenn-konseptet, er brunt og iskaldt. «Denne forunderlige by som ingen forlater uten å ha fått merker av den,» skreiv Knut Hamsun om Kristiania i romanen «Sult». Ingen kan heller vandre rundt i desse forunderlege fjesbok-gruppene uten å få merke av det.

Bortsett frå Sylvi Listhaug, kanskje. Ho er stjerne der. Respektert. Elska. På deira lag. Ei dei ser opp til. «Vårt blonde, nordiske håp,» som ein skreiv. Ikkje rart, forresten, at ho har heltestatus blant dei som ikkje vil ha ein flyktning i våre gater. Ho har i årevis, som ein standhaftig tinnsoldat, jobba for eit flyktningefritt Noreg og servert verbale lekkerbiskenar som «hylekor», «bere på gullstol», «lykkejegarar», «svenske tilstandar», «her i landet drikk vi sprit og et svin, «og vi handhelsar» (i desse koronatider har vi forresten fått meir Siv Jensenske snikislamiserande helsevanar).

La meg slå fast ein gong for alle så eg ikkje vekkjer trolla; eg seier ikkje at Listhaug er høgreekstremist. Ho har har fleire gongar tatt avstand frå høgreekstremisme, noko eg har applaudert. Når ho likevel scorar høgt på popularitetsskalaen i desse gruppene av grunnar ho sjølv burde ha interesse av å analysere, kan den elles så klarttalande politikaren ikkje ha vore tydeleg nok.

Sylvistane vil nok kalle meg representant for «det gode hatet» når eg seier «Trumprinsesse» Listhaug. Det får stå sin prøve. Ingen norske politikarar har så mange fellestrekk med Donald Trump som Sylvi Listhaug. Han er, som ho, populær blant kristenfundamentalistar. Dei har begge blodfans som trur på kvart ord som kjem ut av deira munn. Knapt nokon president har splitta det amerikanske folk så mykje som Trump. Ingen norsk politikar er så dyktig på splitt og hersk som Listhaug.

På same måte som Trump har ho ei eminent evne til å provosere. Som då ho fekk internasjonal merksemd som badenymfe i overlevingsdrakt i Middelhavet for å sette seg inn i (?) korleis flyktningar opplever det våte element når deira skrøpelege farkostar forliser.

Det mest groteske eksempelet var då ho nørte oppunder Ap-hatet og skapte regjeringskrise fordi ho påstod på fjesboksida si at Ap meiner «terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet». Utsagnet kom til alt overmål akkompagnert av eit bilde av islamistiske terroristar.

Aldri har «sorry seemed to be the hardest word» så til dei grader som då Listhaug blei tvinga til å seie unnskyld frå Stortinget sin talarstol for ikkje å felle regjeringa. Å seie unnskyld er ikkje Listhaugs vis. Ho har seinare sagt at ho kanskje ikkje skulle ha brukt «akkurat de ordene», men såg ingen grunn til å be Knut Arild Hareide om unnskyldning etter at ho hevda at han «sleiker imamer oppetter ryggen».

Då Trump blei president i USA, jubla amerikanske høgreekstreme. I løpet av presidentperioden hans stakk ekstremismen stadig oftare sitt stygge ansikt fram frå mørke gøymer. Tydeleg inspirert av presidenten. Det blir truleg applaudert i norske høgreekstreme grupper no når deira blonde, nordiske håp rider igjen.

Om Christian Tybring-Gjedde og Jon Helgheim skulle bli nominert på fyrste- og andreplass på Oslo Frp si stortingsliste slik det no kan sjå ut, er det ingen tvil om at nasjonalisme og høgrepopulisme vil få ypperlege veksttilhøve i partiet.

Det store spørsmålet er om det ikkje blir umuleg for den meir moderate Ketil Solvik-Olsen å fungere som samlande moderator og olje på høgreradikalt, opprørt hav som truleg er den rolla Siv Jensen har tiltenkt han.

Mer fra: Nyheter