#tingeglærerpåSATS II

DEBATT: Her i om dagen heldt eg i vanvare på å patte på ei av antibacflaskene som er plasserte ut overalt...

Av Jarl Wåge, skribent

«Eg lærer så lenge eg har elevar,» brukte eg å seie den gongen eg hadde slike. Sidan eg for lengst har lagt elevane på hylla, blir det no meir: «Eg lærer så lenge eg har lever».

Sidan eg på mine eldre dagar på nytt har byrja å frekventere treningssenter i eit slags optimistisk, arkeologisk grave-fram-att-litt-av-hine-harde-dagars-kropp-prosjekt, og til og med fortel om prosessen gjennom dagboknotat, kan eg føye til: «Eg lærer så lenge eg tar sats».

Tidlegare varma eg alltid opp på sykkel eller tredemølle. Denne gongen har eg tatt steget opp på ein steg-maskin, ein slags hybrid mellom dei to andre. Ei vennleg sjel viste meg korleis eg kunne tøtsje meg fram til eit passande program på displayet (herrejemini for eit norwegisk); kort, langt, hardt lett, bratt, flatt. Valget var mitt, og så var det bare å stege i veg. 

Ikkje før hadde eg byrja å få teken på det, så kom den vennlege sjela bort til meg igjen og sa sånn passeleg diskret: «Du driv og stegar bakover».

LES OGSÅ: #tingeglærerpåSATS

Å hoppe tau er ikkje lenger det det ein gong var. Her om dagen bivåna eg (diskret, sjølvsagt) ein medtrenar som hoppa så fort at eg ikkje såg att tauet. Men eg høyrde det. Det laga sånn storm-ved-Stad-suselyd, du veit, den som kjem når vinden kvin rundt husnovene, og vi veit at det er like før han tar tak i huset og filleristar det. Ikkje bare laga det stormy weather-lyd. Det kom eit vinddrag frå tauet. Litt sånn flau bris. Sveitten dreiv slik frå tauhopparen at eg tok meg sjølv i å nynne på Bob Dylan sin; «A Hard Rain`s A Gonna Fall».

Han slo seg ikkje til tol med tau. Her var det avansert intervalltrening på gang. Alternering mellom tau og å denge laus på ein boksesekk. Same intensitet, same fart der òg. «Dunk, dunk, dunk». Som stempelslag. «Jaggu godt du har ein boksesekk å ta det ut på,» tenkte eg i mitt stille sinn.

Om eg trenar intenst? Samanlikna med hoppetauboksesekkmannen, er mi trening for ein daffetur rundt Godalen å rekne. Samanlikna med han i sofaen som drikk cola, et seigemenn og ser på TV, susar eg mange trinn oppover intensitetskalaen.

«Training makes you happy,» står det på ein plakat. Vi har litt tungt for det og forstår ikkje så godt norsk, vi som trenar der. Happy og happy, fru Blom. Når eg kikkar på dei som er der på mi økt, vil eg trekkje validiteten til utsagnet i tvil. Det er ikkje Lykke og Fryd personifiserte eg ser på treningsapparata. Vi liknar meir deltakarar på landsmøtet for introverte. Fjerne, konsentrerte, langt inne i ei anna verd på jakt etter vår indre atlet. Ikkje er vi snakkesalege heller. Det er meir gutturale soveromsassosierbare lydar; sukking, stønning, pusting og pesing som karakteriserer kommunikasjonen vår.

Eg er definitivt for gammal til å skulde på kvalpefett. Det er nærmare sanninga at trivselsvekta har blitt litt utriveleg. Det er ikkje til å underslå at ein av grunnane til at eg slit og strevar på treningsstudio, er eit lønnleg håp om å svi av nokre hekto eg eigentleg ikkje har bruk for. 

No har eg funne ein effektiv, uslåeleg og hyperenkel ned-i-vekt-metode. Fedon Lindberg, Rohdekur, suppekur og knekkebrødkur kan bare gå og legge seg. Det er så eg vurderer å arrangere ein diger lanseringsfest med heile slankepressen til stades. Men det blir slikt eit jækla styr, så eg gjev deg rett og slett kuren gratis: Prøv ut vekta til SATS-Storhaug.  Vips er du to kilo lettare. To kilo =  20 hekto! Eg gjorde det augeblikkeleg slutt med mi eiga falske, løgnaktige, trulause vekt. Ho ligg ute på Finn.no, så er nokon interessert i ei badevekt som gjer kva pokker ho vil, får du ho billeg.

Væskebalanse er viktig. Bare spør langrennsløparar på toppnivå. I kvart einaste tv-intervju står dei med ei sponsa vassflaske opp mot ansiktet. Utstudert tilfeldig plassert med firmalogo godt synleg. Som om kva slags merke vatnet har, er viktig. Vatn som per liter kostar meir enn tre liter bensin om vi kjøper det på ein bensinstasjon.

Væskebalanse er viktig på treningssenter òg. Som koppelam pattar, suttar og syg vi på tåteflaskene våre så snart vi har ein liten pause. Sidan vi ikkje er sponsa, er ikkje merkevatn viktig. Her er det direkte frå springen som gjeld. Men at det tek bolig i ei overprisa designflaske er heilt innanfor.

Apropos flaske. Her om dagen heldt eg i vanvare på å patte på ei av antibac-flaskene som er plasserte overalt. Som ein som hadde kjøpt Trump sin bodskap om å drepe koronaviruset med rensemiddel, stod eg med flasketuten mellom lippene. Takk og pris at eg fekk summa meg. Nyleg kunne vi lese at fire amerikanarar døydde etter at dei hadde drukke antibac.

«Feel the pure awesomeness,» står det på ein annan plakat. Igjen tar dei omsyn til oss som ikkje er så stive i dette norske språket enkelte insisterer på å bruke. Dei som skal få oppleve denne vidunderlege kjensla, må riktignok ha trent to gonger i veka. Forrige veke trente eg fire gonger. Så her sit eg og ventar på at dobbeltrensa awesomeness skal komme til meg. Med eller utan antibac.