Debatt

#tingeglærerpåSATS

DEBATT: Ein regnfull dag i juli bestemte eg meg for å bli medlem i eit koronagjenopna treningsstudio.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Jarl Wåge, skribent 

Eg er over gjennomsnittet glad i å gå. Blant anna har eg lagt bak meg 450 kilometer av El Camino de Santiago i Nord-Spania. Difor er beina mine rimeleg bra vedlikehaldne. Det ville vere feil å seie det same om resten av kroppen. Etter kvart som åra rullar forbi, har musklane byrja å henge og slenge som gardiner som blafrar i vinden, og eg tenkte at sånn kan eg ikkje ha det.

Ein regnfull dag i juli bestemte eg meg for å bli medlem i eit koronagjenopna treningsstudio. Valet var enkelt. Eg ramla ned på det som ligg like rundt hjørnet frå der eg bur, eit SATS-senter

Ikkje tru at eg er novise i treningsstudiosamanheng. Å nei, du. Eg har mange år bak meg som medlem. Som støttemedlem òg. For å halde motivasjonen oppe og ikkje hamne i støttemedlemkategorien denne gongen, har eg starta «treningsdagbok» på Twitter om #tingeglærerpåSATS. Ikkje misforstå. Eg er ingen ny treningsguru a la Yngvar Andersen. Eg har ingen ting å lære bort. Det blir for det meste observasjonar frå eit treningsapparat.

«Skal du ha PT?» spurte ungdommen i resepsjonen då eg melde meg inn. Hæh? PT? «Ja, personleg trenar. Ein som kan følgje deg tett opp under treninga,» forklarte han tålmodig og trudde sikkert eg var bror til Metusalem. Eg «kjøpte» ein tre timars PT. Det kosta treningsskjorta, for å seie det sånn, men skal det vere, så skal det vel det. Han viste seg å vere ein veritabel muskelbunt. Ein sånn ein, du veit, som deltar i kroppsbyggjarkonkurransar.

Eg var nesten starstruck stilt overfor tusenvis av treningstimar som hadde materialisert seg til eit muskelberg. Han lurte på kva slags mål eg hadde for treninga. Kva eg ville oppnå. Eg vurderte å seie at eg ville bli som han, men då hadde han vel trudd at eg er fullstendig gaga. Så eg mumla noko om litt fastare i fisken, stramme brystmusklane om ikkje det er mission impossible, få magen litt mindre (Eg sa ikkje at eg vil ha fri sikt til tisse­luren igjen) og kanskje rekonstruere litt av spretten i rumpa.

Han må ha tykt eg er ganske gaga uansett, for etter ein time gjekk han ut i ferie. Dermed blei eg min eigen PT, og eg passa sporenstreks på å gje meg sjølv litt slakk.

Treningsdagboka handlar om kva eg lærer medan eg trener. Som at eg misliker intenst å trene magemusklar. Du veit sånne sit-ups der ein ligg på golvet? Eg er sjanselaus. Det å komme seg frå golvposisjon og oppatt på to, er nesten for ei treningsøkt i seg sjølv å rekne.

Eg har lyst å henge opp ein diger plakat der det står: «Mora di jobbar ikkje her»: Treningssenter tar koronapandemien på alvor. Personalet går stadig og vaskar, og det er anti-bac tilgjengeleg overalt. Sånn må det vere om dei ikkje skal bli nedstengde igjen. Skulle det likevel skje, skuldar eg på slabbedaskar som oppfører seg som om mora deira dannar baktropp og vaskar apparata dei bruker når dei er ferdige med dei.

På SATS har dei stålvindeltrapp frå eine etasjen til den andre. Det ser skikkeleg kult ut å trippe ned ei slik trapp utan å halde i rekkverket. Det såg ikkje fullt så kult ut då eg snubla i eit trinn og for gjennom lufta som ei skadeskota kråke. Heldigvis klarte eg i panikk å gripe rundt nemnte rekkverk som eg i min arroganse ikkje ville ha noko med å gjere, så eg kom meg ned resten av trappa på beina. Vel nede gjorde eg alt eg kunne for å late som om eg IKKJE hadde vondt i skuldra.

Mange, flest jenter, har med seg mobilen rundt på treningsrunden. Han fylgjer dei som ein trufast hund. Her om dagen sat det ei og såg på film medan ho varma opp på sykkel. Andre sjekkar meldingar eller insta eller snap mellom seriane på eit apparat, og jaggu klarer dei å få unnagjort ein samtale på veg frå eitt apparat til det neste.

Men ein fyr tok kaka. Han snakka då han kom inn døra. HØGT. Snakka heile tida medan han trente. Like høgt. Han blei litt sur då eg (forsiktig) spurde om han kunne dempe seg litt. Då eg var ferdig med treninga og gjekk der i frå, snakka han framleis. Han hadde riktignok pene bein. Som om det hjelpte.

Viss ein er mann og har kraftige lår, og då meiner eg K.R.A.F.T.I.G.E, er storleiken på shortsen ofte omvendt proporsjonal med storleiken på musklane. Veldig praktisk om ein får det for seg å stille seg foran ein spegel, stramme musklane, ta bilde med mobilen og så å dele herlegdomen på insta eller kvar ein no deler kraftige lår. Om eg er misunneleg? Mnjai. Eg deler ikkje låra mine på insta, for å seie det sånn.

Folk rundt meg driv og løftar vekter. 40, 60, 80 kilo. Minst. Dei konsentrerer seg noko inn i hampen, bøyer seg, tar tak rundt stanga, og vips, så er kvar einaste kilo høgt heva over hovudet på dei. Eg driv og løftar eit kosteskaft over hovudet. 3x12 gonger. Ordre frå PT. Han meiner det kan hjelpe ei slarkete skulder. Eg tenkjer i mitt stille sinn at eg truleg liknar meir på ein som øver på å fly til Bloksberg enn ein vektløftar. Men det blir som PT har sagt.

No er det på med matchande treningstøy og stikke av garde. Det står nokre treningsapparat og ventar på meg rundt hjørnet og opp ei stålsvingtrapp. Kanskje blir det fleire observasjonar òg. Om SATS leverer.

Mer fra: Debatt