Debatt

Sats på heiltidskultur

KRONIKK: No må vi ta eit krafttak i Stavanger!

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Arnt-Heikki Steinbakk, nestleiar Utval for arbeidsliv og lønn, Arbeidarpartiet  og Sølvi Ona Gjul, leiar Utval for helse og velferd, Arbeidarpartiet

Vi må ta lærdom av koronapandemien: Deltidstilsette som må jobbe på fleire arbeidsplassar for å ha ei lønn å leve av, aukar smitterisikoen ved helse- og omsorgsinstitusjonar.

Det er ikkje vanskeleg å finne stillingsannonsar for svært små stillingar, t.d. helgestilling 12-15 %, helgestilling 23,77 %. Slike små stillingar er gjerne grunngitt med at «turnusen må gå opp». Statistikk for deltid og heiltid i kommunane tyder på at det trengst eit krafttak for å redusere bruken av deltid. Nasjonale tal frå KS (PAI-registeret) viser at gjennomsnittleg stillingsstørrelse i kommunane er 81,4 %. Men av dei som går i turnus i helse- og velferd, har berre 26,3 % heil stilling, og gjennomsnittleg stillingsstørrelse er 67 %. Heiltidsandelen og stillingsstørrelsen er klart lågast for ufaglærte. Helse og velferd kjem dårlegast ut av alle sektorar i kommunane, og kommunane på Nord-Jæren skil seg ikkje vesentleg frå det nasjonale snittet.

Kva veit vi om årsaker til deltid? FAFO-rapport nr 27 frå juni 2013 slo fast at deltidsstillingar først og fremst er utbreitt ved arbeidsplassar der «produksjonstida» ikkje samsvarar med normalarbeidsdagen og ved typiske kvinnearbeidsplassar, m.a. sjukeheimar, butikkar, restaurantar og hotell. Rapporten konkluderte også med at høg grad av deltid reduserte tenestekvalitet og effektivitet, og at Noreg er eitt av landa i Europa med høgast deltidsandel. Sjølv med full barnehagedekning og ein velferdsstat og eit arbeidsliv som skulle gjere det lett å jobbe for begge kjønn, er det altså noko som gjer at kvinner framleis i stor grad har deltidsstilling. Det kan sjå ut til at kvinner blir sosialiserte inn i ein deltidskultur i helse og velferd – det er ikkje slik bruk av deltid i andre «turnus-verksemder» som t.d. politiet, kriminalomsorga, brannvesenet.

DEBATT: Folk skal føle seg trygge i hjemmene sine – i hele landet

Nokre forskarar (m.a. Brulid 2011, Nicolaisen og Bråthen 2012) har peika på at sjølve arbeidet i helse- og omsorgssektoren kan vere ein del av forklaringa på deltid der: Arbeidet er så krevjande og slitsamt både fysisk og mentalt at tilsette ikkje maktar å stå i full stilling. I staden for å gjere noko med arbeidsoppgåver, organisering og rammer, blir dette gjort til eit individuelt problem – du reduserer stillinga di. I FAFO-rapporten vart det også halde fram at små stillinger en løsning for arbeidsgivere som ikke på andre måter får turnusen til å gå opp. De deltidsansatte i små stillinger utgjør dessuten en fleksibel arbeidskraftressurs som kan rykke ut når tjenestestedene har behov for vikarer.

No treng vi eit krafttak for endring! Erfaringar knytte til pandemien inneber at det må gjerast noko straks for å redusere deltid, særleg i sjukeheimane. Mange tilsette i små stillingar som må «shoppe» vakter i ulike institusjonar, aukar smitterisikoen svært mykje. Også likestillingsomsyn tilseier endring – det er uverdig at mange kvinner i eit av dei mest likestilte landa i verda skal måtte finne seg i å samle på småstillingar for å tene nok til å greie seg. 
Vi veit at rekrutteringsutfordringane er store på dette området. Dersom vi ønskjer tilsette med god kompetanse i denne sektoren, må vi ha anna å tilby enn ein kvardag der du må shoppe vakter for å greie deg.

Kva kan gjerast? Det finst ikkje enkle grep for endring, men det er grunnleggjande med tett samarbeid og dialog mellom arbeidstakarorganisasjonane og kommunen som arbeidsgivar for å finne fram til den mest tenlege måten å organisere og leggje arbeidsdagen til rette på. Vi må ha som mål at heiltidsstillingar skal vere det normale. 
KS, Norsk Sjukepleiarforbund, Fagforbundet og Delta har i fleire år samarbeidd i eit felles prosjekt, Det store heltidsvalget, for å redusere deltidsarbeid og utvikle ein heiltidskultur i pleie- og omsorgssektoren. Samarbeidserklæringa som forpliktar partane, vart første gong underteikna i 2013, sist i 2018.

LEDER: Interkommunal ruspolitikk

Men vi må finne dei gode løysingane i eigen kommune, og fleirtalspartia i Stavanger tok heiltidskultur med i den første handlings- og økonomiplanen etter at vi overtok i 2019. Der vart et bede om ei sak og arbeid etter modell frå Fredrikstad. Dessverre kom pandemien i vegen, men Utval for arbeidsliv og lønn vil få sak om dette på nyåret i 2021.
Fredrikstad er altså godt i gang med målretta innsats, også med følgjeforsking ved FAFO. Kommunen etablerte i 2017 Team Heiltid med to fulle stillingar i tillegg til frikjøp av hovudtillitsvalde og hovudverneombod. Oppgåva er å arbeide systematisk med kulturutvikling, forankra i ulike fasar. Ordførar John Ivar Nygård poengterte nyleg i ein digital konferanse at Team heiltid er ein kritisk suksessfaktor, og at dei tilsette sin vilje til å bli med har vore ei eineståande positiv erfaring som viser at det er råd å skape varig åtferdsendring. Eit av resultata han viser til er arbeidet med turnusretningslinjer – i dette arbeidet har alle vore meir fleksible og samarbeidsorienterte enn i «klassisk forhandlingsmodus». Konseptet «Preikesjappe» er utvikla som metode for systematisk refleksjon for å oppnå forankring og endring. Fredrikstad kommune har på berre få år auka talet på heiltidstilsette i mange sektorar, m.a. i heimetenester og ved omsorgssenter.

I Stavanger er vi i startgropa, og to prosjekt som alt er i gang, vil bidra: Med betre grunnbemanning har vi tru på at sjukefråværet kan gå ned og dermed også behovet for vikarar. I prosjektet Friare faglegheit og mindre byråkrati skal det m.a. satsast på å organisere heimetenestene i faste, mindre team, noko som vil bidra i rett retning. 
No må vi ta eit krafttak i Stavanger! Heiltidskultur vil både gi betre likestilling, betre rekruttering og betre smittevern, og koronapandemien har vist oss at det må handlast raskt.

Mer fra: Debatt