Saman om viktige tiltak

DEBATT: I desse dager er det mange store offentlege organisasjoner som jobber med tverrpolitiske tiltak for å møte krisa som vi står midt i.

Av Henrik Halleland, gruppeleder Stavanger KrF

Vi som er politikarar i Stavanger må kome opp med tiltak som gir hjelp til næringsliv og arbeidsplasser, og likviditet er eit sentralt tema. Utbetaling av lønn blir fort krevande når inntektene svikter. Dei fleste små og mellomstore bedrifter tåler ikkje dette veldig lenge. Permitteringsregler kan hjelpe ei stund, men i lengre løp er det ikkje nok.

Også dei kommunale avgifter ligg til forfall i desse dager. Ein utsettelse på desse vil vere til stor hjelp for mange slik vi ser det.

Jordbruket vil i løpet av våren få store utfordringar om dei ikkje får hjelp. Stavanger er ein av Noregs største jordbrukskommunar, og også her må det tiltak på plass raskt. Ein annan sektor som blir ramma først er reiselivet. Det er på denne tida av året dei legg grunnlaget for inntekter som kjem resten av året. Hvis vi ikkje gjer tiltak , kan det bli dramatisk for denne bransjen også. Dette er bare nokre få grep som eg trur at alle parti kan støtta., og dette kan vi drøfte saman. 

Dei ulike politiske parti i kommunen har mykje kunnskap innan dei fleste sektorar der kommunen har oppgåver, og denne ressursen bør takast i bruk.

Stavanger KrF meiner det er avgjerande viktig at det politiske miljøet no raskt kjem opp med ein tiltakspakke som er tverrpolitisk fundamentert.  Det er no det gjeld å ha ein samla bodskap som trygger næringsliv og arbeidsplasser. 
Ombudsrollen er viktig for oss lokalpolitikarar.

Dei tradisjonelle kanalane med spørsmål og interpellasjonen i politiske møter har fristar som gjer at det fungerer dårleg i krisesituasjoner. Det er derfor viktig at det blir lagt til rette for møteplassar,  dette kan ein ta  i desse samtalene.

Direktøren orienterte formannskapet om moglege auka utgifter og reduserte inntekter på størrelsesorden 500 millioner. Dette er tap på 5 prosent av kommunens inntekter/utgifter. Skal ein klara å landa dette dei neste ni månadane som gjenstår av budsjettåret må vi handla no.Stavanger KrF er klare til samarbeid i ein krevande tid.