Debatt

Risikogruppe

KOMMENTAR: Koronaviruset spør ikkje etter legning eller kjønn. Det diskriminerer ikkje.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Jarl Wåge

Det kom bod frå Kina om at eit nytt virus hadde dukka opp i Wuhan. Ein by med 11 millionar innbyggjarar som eg aldri hadde høyrt om. Kina er jo så inderleg langt borte, så dette var ingen ting å ta på veg for. Det viste seg imidlertid at viruset ikkje hadde vett til å halde seg i Kina. Det spreidde seg som eld i tørt gras og var snart ein verdsomspennande pandemi.

Det kom med ein bodskap som stadig blei gjentatt: «Alle over 65 år er risikogruppe.» Kvar gong eg høyrde det, var det som det rann ein iskald dråpe nedover ryggrada. Eg var i fare og kjende på ein diffus angst. Til eg ein dag tok meg sjølv i nakken og gav meg ei skjennepreike: «Ta deg saman», sa eg. «Er ikkje mottoet ditt at dei fleste problema dine blir det ingen ting av? Du skal prise deg lykkeleg som har hatt eit langt, godt, utfordrande og spennande liv. Og skulle det verste skje, ja, så kan du ikkje gjere noko frå eller til!» Pep-talken har faktisk hjelpt. Eg har funne ein indre ro og trivst faktisk i sjølvpålagt tilnærma eremitt-tilvere.

TV er viktig tidtrøyte i desse koronatider. Å sitte i timesvis i sofaen og sjå episode etter episode av gode seriar er både underhaldande og avslappande. No har eg nettopp sett serien «When We Rise» på HBO. Om homokamp i San Fransisco på 1960-70 talet og om den dramatiske situasjonen byen hamna i då HIV-viruset gjorde sitt inntog der.

Serien vekte til live sterke minne, for koronapandemien er ikkje den fyrste eg har vore midt oppe i. Frå 1981 ramma HIV-epidemien verda med full kraft. På verdsbasis har godt over 35 millionar menneskje døydd av AIDS i fylgje UNAIDS. I dag lever minst like mange med HIV-viruset, og sjølv om det finst medisinar som gjer at folk no kan leve med HIV, er det ikkje alle som har tilgang til desse. Framleis døyr om lag ein million menneskje årleg av AIDS-relaterte sjukdomar. Det merkelege er at dette er noko vi knapt høyrer om. HIV-epidemien er den gløymde epidemien.

Til å byrje med trudde mange at det bare var homofile som blei ramma. Så eg var i risikogruppe den gongen òg. «Homopesten» blei epidemien kalla. «Det er Guds straffedom mot homofile», sa religiøse leiarar verda over heilt til dei oppdaga at det på verdsbasis var flest heterofile som blei smitta.

Det var truleg ryktet om «homopest» som gjorde at mange politikarar i årevis toa sine hender og ikkje gjorde noko for å stoppe epidemien. Donald Trump har med rette blitt kritisert for ikkje å ville ta innover seg kor farleg koronaviruset er. Ronald Reagan, som var president frå 1981, sa ikkje ordet AIDS offentleg før i 1985. Då hadde allereie 6000 amerikanarar døydd av viruset sin øydeleggjande verknad

Hiv-epedimien har på mange måtar vore ulik koronapandemien. Den involverer alle slags tabu. Sex, rus, blod og menneskje i randsonane. Det var mykje skam, hemmeleghald og stigma involvert. Mange levde (og døde) med viruset utan å fortelje det til ei sjel. Det blei ofte dikta opp andre dødsårsaker om eit familiemedlem døde av AIDS.

I to år var eg dagleg leiar i ein organisasjon for HIV-positive, Pluss. Der fekk eg det heile tett inn på livet. Såg flotte, sterke menneskje bukke under og dø. I løpet av dei to åra døde bortimot 70 menneskje eg kjende. Mange av dei nære vener. Det var som å vere i ein krigssituasjon der det stadig kom inn melding om nye falne. Dei var krigarar som sloss på mange frontar, men same kor modig og hardt dei kjempa, kunne dei ikkje sigre.

Nyleg fortalde den verdskjende skodespelaren Tom Hanks at han var korona-smitta. I 1993 sat eg på kinoen i Volda og hulka då eg såg same mann på fabelaktig vis tolke hovudrolla i filmen «Philadelphia». Han spelte ein suksessrik advokat som fekk sparken i eit velrennomert advokatfirma då det kom fram at han var homofil og hiv-positiv. Og eg tenkjer: «Om Hanks sjølv hadde vore hiv-positiv på 1980-talet, hadde han vore like åpen om det som med korona-smitten?»

Eg har eit hav av tid til å tenkje i desse dagar når eg stort sett bare har meg sjølv som selskap. Blant anna på mange eg kjende den gongen; den eminente ballettdansaren som begeistra publikum med luftige sprang og elegante piruettar. Innvandrarkvinna som flykta med dei fire barna sine då opprørssoldatar tok livet av mannen hennar. Presten som kvar sundags-ettermiddag etter gudstenesta kom innom Pluss. Han var livredd for at kyrkjelyden skulle få vite noko og trengde ein fristad. Direktøren som opplevde Pluss som einaste plassen han kunne kaste maska. Ho som blei smitta av mannen sin og fortalde familien at han døde av hjartestans fordi dei ville hate han om dei fekk vite den eigentlege dødsårsaka. Alle saman døde fordi det ikkje fanst medisin den gongen.

Koronaviruset spør ikkje etter legning eller kjønn. Det diskriminerer ikkje. Denne gongen er det ikkje dei og oss. Det er kven som helst. Eg var heldig den gongen. På mirakulaust vis slapp eg unna.

I skrivande stund har nærmare 135 000 menneskje dødd av koronaviruset. Lat oss inderleg håpe at dødstala aldri nokon gong blir så dramatiske som for HIV-epedimien. Ein epidemi som aldri fekk, eller får, i nærleiken så mykje merksemd som det skremmande korona-viruset som no herjar med kloden vår.

Mer fra: Debatt