Debatt

Nok utredning, tid for handling

DEBATT: For å få til satsing på biogass er det mange aktørar som må samarbeida. Dette har vist seg vanskeleg i vår region, skriver Henrik Halleland (KrF).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Henrik Halleland, gruppeleder for Stavanger KrF

På veg mot det grøne skifte, kan vi i Stavangerregionen kome ut som ein vinnar på andre sida om vi tek rette valg. Regionen vår har eit sterkt landbruk- og havbrukmiljø med stor produksjon, husdyrgjødsel og slakteavfall er naturressurser som må utnyttast lokalt.

Eit klart grep som nå kan tas er å starta bygging av biogassanlegg i fylket. I samband med statsbudsjettet for 2020 oppretta landbruksdepartementet eit utvalg som skulle utreda muligheten for biogass i jordbruket. Konklusjonen var klar; biogass har eit stort potensiale. Som konsekvens av dette blei tilskudda auka i jordbruksforhandlingane for 2021.

I Rogaland har vi eit utbygd gassrøyrnettverk, som gjer at ein kan produsera gass inn på nettet og frå distrikta i regionen. Dette er på ein måte eit konkurransefortrinn for heile regionen. For å få til satsing på biogass er det mange aktørar som må samarbeida. Dette har vist seg vanskeleg i vår region. Fylkesmann, fylkeskommune og Lyse er sentrale aktørar som har klare målsettingar, men foreløpig blir det bare vist til utredningar og rapportar.

Det har lenge vore ei målsetting å auke andelen biogass i Rogaland. Per dato er biogassandelen frå jordbruk og havbruk ikkje meir enn ein prosent av totalproduksjon på gass. Dette er for lågt og må aukast.

Stavanger kommune har vore positive til å investera penger til nye biogassprosjekt i kommunen, men det er eit problem at andre sentrale aktører ikkje følger dette opp.

Stavanger Krf meiner tida nå er over for utredningar og nye rapportar. Teknologien er kjent og fleire prosjekt står klare til og realiserast. Om få år kan Rogaland auka biogassandelen betydeleg og bidra til ei positiv utvikling på veg mot det grøne skifte.

Mer fra: Debatt