No er det tid for klimadugnad!

DEBATT: Vi har eit ansvar for å sjå til at klimaomstillinga verda må gjennom blir rettferdig. No er det på tide at vi tek ein skikkeleg klimadugnad!

Av: Anne Kristin Bruns, Kommunestyremedlem KrF

For KrF handle det om vårt forvaltaransvar. Vi har fått ei klode som vi skal forvalte til det beste for komande generasjonar.  Klimakrisa er ei av vår tid sine største utfordringar, og vi kan allereie kjenne endringane i klimaet på kroppen. Likevel er det ikkje vi som har det verst, men verda sine fattigaste. Det er urettferdig, og det krev handling. Det er tid for klimadugnad!

For kort tid sidan fekk regjeringa overlevert kunnskapsgrunnlaget til Klimakur 2030. Den skal syne menyen over tiltak Noreg kan gjere for å kutte sine utslepp. Klimakur 2030 består av faglege råd frå ei gruppe under leiing av Miljødirektoratet. Råda vil vere eit viktig grunnlag for ein politisk dugnadsjobb. Seinare skal regjeringa leggje fram sitt eige dokument, Klimaplan 2030.

Like etter kom det gode nyhende om at regjeringa har meldt inn forsterka klimamål under Paris-avtalen, som fyrste vestlege land. Vi skal kutte utsleppa med opp imot 55 prosent! Det er viktig, og syner at vi set klimaet høgt på dagsorden.

Stavanger kommune vedtok våren 2019 ein ambisiøs klimaplan, og vi vedtok at klimagassutsleppa skal ned med 80% innan 2030. Når vi no har fått ei større kommune vil revideringa av planen vise om vi klare å halde fast på desse målsettingane.  Klima- og miljøplanen greie ut viktige klima- og miljøutfordringar vi må løyse i tida som kjem. Kommuna, næringslivet, innbyggjarane og andre må samarbeide for å redusere klimaproblema og ta vare på natur og miljø.

”HjemJobbHjem»-ordninga har vist seg å vera eit godt verkemiddel for å få fleire til å reisa kollektivt. Ordninga går ut på at alle arbeidsgjevarar på Nord-Jæren kan betale ein liten sum per tilsett for at tilsette skal få kjøpa eit periodekort på kollektivreiser til redusert pris.
 

Det som har gjort ordninga så målretta, med tanke på å oppnå nullvekstmålet på Nord-Jæren, er at ho gjeld uavhengig av kvar arbeidstakaren bur. Ordninga fangar dermed også opp pendlarar frå utanfor Nord-Jæren-kommunane. Det er ein føresetnad for å lukkas med nullvekstmålet, at desse og i større grad nyttar kollektivtransport.

 Ordninga har derimot ei svakheit. Ho har fram til no ikkje vore på ferjer eller hurtigbåtar utanom byøyene, slik at pendlarar frå til Judaberg ikkje kunne nytta seg av ordninga.

Rogaland fylkeskommune sitt samferdselsutval har innstilt på at denne svakheita skal rettast opp i sitt forslag til korleis midlane frå ny byvekstavtale skal fordelast, og at denne ordninga gjelde for heile nye Stavanger kommune er ein viktig siger for KrF. 

Endringane i klimaet råkar oss her heime med meir ekstremvêr – det blir villare og våtare når det er vått, og tørrare når det er tørt. Dei siste dagane har verkeleg vist oss det.  Men endå verre blir det for dei fattigaste i verda. Land med mindre ressursar har mindre moglegheiter til å omstille seg når avlingar slår feil eller elver endrar sine løp. Det er dei landa som er mest sårbare for ekstremvêr og for at havet stig. Det heile blir ekstra urettferdig når vi tek i betraktning at nordmenn over tid har hatt, og framleis har, eit høgare klimagassutslepp enn dei fattigare delane av verda. Vi har eit ansvar for å sjå til at klimaomstillinga verda må gjennom blir rettferdig. No er det på tide at vi tek ein skikkeleg klimadugnad!