Debatt

Middelalderkyrkjer i stein

DEBATT: Stavanger kommune har sett i gang kartlegging av kyrkjene i kommunen. Det er positivt å få ei samla oversikt, men ikkje bra om kommunen lar det gå to år utan å ta fatt i dei store oppgåvene som ikkje er ein del av restaureringa av domkyrkja, skriver Jostein Eiane.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Jostein Eiane, Stavanger KrF

Stavanger kommune har, inkludert bispekapellet, seks middelalderkyrkjer i stein. Det er to tredjedeler av alle i Rogaland og ein stor del av alle i Norge. Regjeringa har gjennom fleire budsjett prioritert vedlikehald og for neste år ser det også, etter påtrykk frå KrF, bra ut. Trass i at behovet for ytre vedlikehald er stort fekk Stavanger ingenting i fjor. Eg lurer på om kommunen har søkt. I år er det igjen sett av midlar til dei delane av kyrkjene som er utsette for vær og vind. Det siste er det rikeleg av der kyrkjene i kommunen ligg. Alle som har opplevd gudsteneste på Sørbø ein frisk novemberdag har sett at utfordringane er store.

Stavanger kommune har sett i gang kartlegging av kyrkjene i kommunen. Det er positivt å få ei samla oversikt, men ikkje bra om kommunen lar det gå to år utan å ta fatt i dei store oppgåvene som ikkje er ein del av restaureringa av domkyrkja. Riksantikvaren har kort søknadsfrist. For å få gjort noko er det avgjerande at ein ikkje lar høvet gå ifrå seg som tidlegare.

Slik eg har forstått det er fleirtalspartia i Stavanger opptatt av å sikre statleg finansiering av rehabilitering av domkyrkja og dei andre middelalderkyrkjene. Dette støttar KrF både lokalt og sentralt. Eit resultat av m.a. engasjement frå KrF er at vedlikehaldet har fått eit stort løft dei siste åra, m.a. ved at Utstein Kloster, Hesby, Talgje og Sørbø kyrkje har blitt kalka med midlar frå Riksantikvaren. Heilt frå Knut Arild Hareide si tid som miljøvernminister har dette hatt prioritet.

Det ligg framleis eit stort ansvar på kommunen. Norge er eit steinland der eldre bygg ofte er laga i stein. Kleber og kalk, som på kyrkjene, er byggjeteknikkar importert frå Sør-Europa der været ligg meir til rette for desse bygningstypane. Når no kyrkjene er kalka krev dei meir vedlikehald og folk med kunnskap til å utføra vedlikehaldet. Lokale krefter som har ansvaret på Talgje tek sørveggen kvart år. Dette er noko ein må ta høgde for når ei stor kyrkje som domkyrkja vert kalka.

Ei stor oppgåve som ligg føre er Hesby kyrkje på Finnøy. Her har det ikkje vore tatt det store lyftet som t.d. ved Utstein kloster og Talgje kyrkje. Ein kuriositet er det at det ikkje er fyrste gongen at byggjearbeid dreg ut på denne kyrkja. Allereie på 1300- talet vart det etter lang tid med stillstand gjort eit forlik mellom biskopen som skulle få arbeidet gjort, og fru Ingebjørg som skulle betale. Det resulterte i ny vestvegg med bua lysopningar i.

Før kommunesamanslåinga rakk Rennesøy kommune å kalke halve Sørbøkyrkja innvendig. Resten står halvgjort etter at sementen er fjerna frå fugene. Sørbøkyrkja er av dei eldste kyrkjene saman med domkyrkja bygd på 1100 – talet. Dette typen kulturarv er noko av det mest verdfulle vi har ansvar for, så her må arbeidet sluttførast. Som Talgje treng denne kyrkja også ytre vedlikehald årleg.

Stavanger kommune har ikkje gjort stort etter kommunesamanslåinga. Fleirtalspartia har tvert imot utsett kyrkja for store kutt og varsla meir kutt. Dette går ut over vedlikehald og det vil ikkje vere nok folk til å gjere dei oppgåvene kyrkjene har. Argumentet har vore at Stavanger bruker meir per person enn t.d. Bergen og Oslo. Meir relevant er det å sjå på kor mange som bruker kyrkjene, kva oppgåver dei har og kva kyrkjer som er i kommunen. Dei nye kommunedelane er øyrike med mange kyrkjer i forhold til innbyggartalet og med ansvar for ein viktig del av vår nasjonale kulturarv; middelalderkyrkjer i stein.

Mer fra: Debatt