– Radikale islamister bør verken få statsborgerskap eller oppholdstillatelse i Norge, sa Per-Willy Amundsen i 2010.

Mens vi ventar på Amundsen

DEBATT: No sit vi på rekkje og rad og ventar på at han skal seie «unnskyld».

Av Jarl Wåge, skribent

No sit vi her på rekkje og rad. Klare som egg. Og ventar. Og ventar. Nei, ikkje på Godot. Han fekk jo aldri ut finger’n. Ingen anar kvar han blei av. Vi ventar på Per-Willy Amundsen. Ventar på at han skal stå fram i alle kanalar og seie: «Unnskyld».

Det har seg nemleg slik at Per-Willy Amundsen, stortingsrepresentant og ein av Frp sine mange eks-justisministrar, for ei tid tilbake oppførte seg veldig ujustisministrete. Igjen. Det var mistanke om mord i Kristiansand. Den drepte var Dan-Eivind Lid. SIAN-medlem og med i Hans Jørgen Lysglimt Johansen sitt «parti» Alliansen. 

Amundsen, som no er nedjustert frå kongens bord til justiskomiteen og rolla som Frp sin justispolitiske talsperson på Stortinget, var som kjent lynraskt ute og peika ut potensielle mordarar då han skreiv på Facebook: «Har det gode hatet kostet menneskeliv?» Han gjekk også langt i å ymte om at det var «voldsvenstre» som stod bak og at han i valdsvenstre mellom andre inkluderer element i partiet Rødt.

Det er truleg ikkje justispolitisk praksis i Frp å kaste mistanke over uskuldige personar i samband med alvorleg kriminalitet, men Amundsen tykkjer tydelegvis at det er heilt innanfor. Om Amundsen meiner at partileiar i Rødt, Bjørnar Moxnes, er eitt av valdselementa, er ikkje brakt på det reine.

LES OGSÅ: Råka midt i tunglærtheita

Ja, nettopp; han Siv Jensen kalte Kommunist-Bjørnar i landsmøtetalen sin på Gardermoen nyleg. Apropos kallenamn. I eit tilsvar til ein tekst eg fekk publisert her i avisa, skreiv Siv Jensen for ikkje lenge sidan: «Wåge er nokså lik president Trump hva gjelder kommunikasjonsstil og det å tillegge meningsmotstandere kallenavn. Det er en fordel å lukke øynene når man møter seg selv i døra.» 

Like etterpå slo ho altså til med følgjande trumpske kallenamn på sine politiske motstandarar: «Vingle-Jonas, Ulve-Audun, Bompenge-Lan» og altså «Kommunist-Bjørnar». Den kraftige singlinga vi høyrde var frå då ho like etterpå leika blindebukk og dundra inn i ei glasdør. Om ho sjølv høyrde singlinga herskar det tvil.
Men tilbake til ventinga på Amundsen. Tre menn i Kristiansand er no sikta for drapet på Dan-Eivind Lid. Politiet understrekar, i motsetnad til Amundsen, at det ikkje er noko som tyder på at mordet var politisk motivert. Alle tre er kjenningar av politiet og del av eit kriminelt miljø.

23. oktober melde Filter Nyheter at ein av dei sikta også har vore aktiv i høgreekstreme miljø og at han har vore i politiet sitt søkelys på grunn av dette. Han skal også, ifølgje Filter Nyheter, ha delt tekstar frå nettsida til naziorganisasjonen Den nordiske motstandsbevegelsen og kome med nedsetjande utspel om muslimar, innvandrarar og jødar. Altså ein av Lid sine meiningsfellar. Også overfor Filter Nyheter påpeikar politiet at det ikkje er mistanke om eit politisk drap.

I sin iver etter å sverte politiske motstandarar såg altså Amundsen sitt snitt til, i samband med det tragiske drapet, å ymte om at det hadde skjedd eit politisk attentat og at grunnen var at den drepte var tilknytta SIAN. «Man kan mene hva man vil om SIAN,» skreiv han på Facebook, «men alle har rett til frie ytringer.» Så strammar han sine justispolitiske musklar for liksom å legge ekstra vekt bak kravet når han skriv vidare: «Derfor forventer jeg at politiet setter inn alle nødvendige ressurser for å oppklare saken». Deretter påpeikar han for ein fare valdsvenstre er for demokratiet før han avsluttar med følgjande pip: «Jeg håper i det lengste at dette ikke er et politisk motivert drap». 
Den siste setninga heng der og dinglar som ein ubrukeleg blindtarm etter at den justispolitiske talspersonen på sensasjonelt lite justispolitisk vis ymta frampå om kven som hadde drepe Lid.

LES OGSÅ: Jarl Wåge: All ekstremisme er totalitær

Og sidan har ingen sett Amundsen. Det er forresten ikkje sant. For nokre dagar sidan dukka han opp for å fortelje det norske folk at han vil foreslå at Stortinget skal fjerne den såkalla rasismeparagrafen; § 185 i straffelova. Paragrafen går ut på at folk som forsettleg set fram hatefulle eller diskriminerande ytringar skal straffast med bot eller fengsel. Ikkje overraskande frå den kanten. I sommar nekta han å akseptere at Noreg er eit rasistisk land.

Så her sit vi altså og ventar. På at Amundsen skal leggje seg like flat som enkelte framleis hevdar at jorda er. På at han skal sjå oss i auga og seie høgt og tydeleg (gjerne med litt skjelving i stemmen så vi veit at han meiner det): «Unnskyld». Så skal han føye til: «Det var galt av meg å kaste mistanke om mord på ei gruppe menneskje som eg der og då meinte fortente å få svi litt». 

For så å avslutte på følgjande vis: «Eg har heilt klart oppført meg på ein måte som ikkje er ein justispolitisk talspersom og eks-justisminister verdig. Om det i ettertid skulle vise seg å vere politiske motiv bak mordet, burde eg uansett ha venta med å uttale meg til det var klart».

Tanken har slått oss mens vi ventar på tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen: «Kanskje er det han som er den eigentlege Godot?»