Lesetips for oktober: Ein revisjonsrapport!

KRONIKK: Stavanger fortener ros for denne satsinga.

Av: Sølvi Ona Gjul, Stavanger Arbeidarparti

Kan ein rapport om eldrepolitikk frå Rogaland revisjon vera noko å lesa for vanlege folk? Ja, i alle fall om du vil bli gamal her i fylket og ønskjer å greia deg sjølv så lenge som råd. Arbeidarpartiet vil støtta opp om god hjelp til sjølvhjelp, men vi vil også at alle skal vera trygge på at dei får god omsorg når dei treng det. Rapporten om satsinga på betre eldrepolitikk i Stavanger kom i juni og er interessant lesnad. Eigersund, Hå og Sandnes var med i tilsvarande prosjekt, og desse kommunane skal møtast no i haust for å dela erfaringar.

Satsinga i Stavanger fekk namnet Leve hele livet og starta i 2012. Grunntanken var å utvikla den kommunale helse- og omsorgstenesta slik at eldre får støtte til å leva eit aktivt liv med høg grad av eigenomsorg. Prosjektet har fire innsatsområde: Helsefremjande og førebyggande tiltak, velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og kvardagsmeistring. Målretta og tidleg innsats skal utsetja funksjonssvikt og hindra at eldre blir passive mottakarar av pleie og omsorg. Det er lagt til grunn at dei fleste ønskjer å bu heime og greia seg sjølve så lenge som råd, og satsinga vil kunne gjera dette mogleg for fleire. Med det vil også utgifter til helse- og omsorgstenester bli reduserte. 

Stavanger har sjølv vurdert satsinga undervegs. Det var også ønskjeleg med eit blikk utanfrå, og på oppdrag frå kontrollutvalet gjennomførte Rogaland revisjon ein såkalla forvaltningsrevisjon. Føremålet var å undersøkja om satsinga er implementert i praksis og om brukarane har fått kvalitetsmessige gevinstar i tråd med målet om å støtta dei eldre til eit aktivt liv. Og Rogaland revisjon fann mange teikn på at dei overordna måla blir nådde. Eitt viktig funn er at innslagspunktet for når dei eldre treng hjelp, er utsett. Eit anna er at arbeidet med kvardagsmeistring har lukkast godt: Mange brukarar får kvardagsrehabilitering eller opplæringstiltak, noko som gir redusert behov for heimesjukepleie.

LES OGSÅ: (+) Avtroppende ordfører Christine Sagen Helgø om sine åtte år som ordfører

Stavanger fortener ros for denne satsinga! Rapporten konkluderer då også med at mykje er svært bra og i tråd med målsettinga. Eg gir honnør til dei som har hatt ansvaret til no, og særleg til alle tilsette som har gjort det mogleg å få god framgang i prosjektet!

Men rapporten peikar også på viktige utfordringar framover. Det er til dømes store forskjellar mellom helse- og sosialdistrikta når det gjeld arbeidet med kvardagsmeistring, og det er ulike haldningar til dette mellom dei tilsette. Også dei eldre sjølve har ulike haldningar til mål om eigenmeistring: For nokre er hjelp til sjølvhjelp eit teikn på kvalitet, andre ønskjer at ein pleiar skal gjera oppgåva for dei. 

Rogaland Revisjon gir Stavanger mange råd, mellom anna at tiltaka bør styrkjast for å auka nettopp bruken av kvardagsrehabilitering og opplæringstiltak. For å få det til, må det både skapast felles kultur og arbeidsform med eigenmeistring som utgangspunkt, og det må arbeidast for å justera forventingar til tenestene frå brukarar og pårørande. Eg vil peika på nokre forbetringsområde eg meiner det er særleg viktig å gripa fatt i:  

Rapporten viser store forskjellar mellom kommunedelane, og Madla og Tjensvoll er komne lengst. Erfaringane herifrå må brukast i læringsarbeidet vidare. 

Samarbeidet mellom helse- og sosialkontoret og dei ulike heimetenestene må bli betre. Her er det gjerne nødvendig å vurdera om den såkalla bestillar-utførar-modellen er den mest tenlege.

Samarbeidet mellom dei som arbeider med kvardagsrehabilitering og dei ulike heimetenestene, må styrkjast. Det bør leggjast til rette for at fysio- og ergoterapeutar gir rettleiing til alle som er involverte i rehabiliteringa. 

Kompetanse- og kulturbygging må prioriterast gjennom praksisnære tiltak som også omfattar helsefagarbeidarar og vikarar. 
Rapporten viser at eldre og pårørande har ulike haldningar til satsinga. Dersom vi skal motivera eldre til å førebu seg til ein aktiv og sjølvstendig alderdom, må vi greia å nå dei tidleg med informasjon om fordelane og samstundes gi tryggleik for at hjelpetiltaka finst når dei trengst. Helsehuset og kommunen sine nettsider gir solid informasjon om ei rekkje gode tiltak, m.a. i Aktivitetskalenderen om aktivitetar i kommunedelane. 

LES OGSÅ: Derfor gikk 340 personer på én rekke i Stavanger sentrum

Leve hele livet skal følgjast godt opp! Men vi må også stå på for å sikra at dei som har behov for omfattande hjelpetiltak, får det dei treng. Altfor mange ventar framleis på ein sjukeheimsplass, sjølv om talet er redusert no i haust. På Rennesøy har vi i praksis ikkje hatt ventelister – slik ønskjer eg det skal vera for heile kommunen. Elles vil fleire i heile, faste stillingar vil vera eit viktig tiltak for å redusera sjukefråvær både ved sjukeheimar og i heimetenestene, og det vil også gagne brukarane ved at dei blir kjende med dei som møter dei i kvardagen. Pårørande er ein ressurs, og gjennom tidleg og godt samarbeid og smidige ansvarsroller mellom dei og kommunen, vil dei stå lenger i «jobben» slik at eldre kan bu heime lenger. Så må eg nemna eit viktig innspel frå Stavanger Døveforbund: Døve må få tilbod om sjukeheimsplass saman med andre døve, og dei tilsette der må kunne teiknspråk. Om du ikkje kan kommunisera med andre, blir du svært einsam. 

I dag er det konstituerande møte det nye kommunestyret i Stavanger kommune, og der blir eg truleg vald til leiar i utvalet for Helse og velferd. Eg gler meg til oppgåva og går til jobben med stor respekt for alle som arbeider i og med dette feltet.