Nyheter

Kva no, Moria?

KRONIKK: KrF gjer ein forskjell når det kjem til å kjempe for verdas flyktningar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Ingrid Eiane Setvik, Stavanger KrF

For snart 20 år sidan steig Moria fram på verdas kinolerret, i filmen Ringenes brorskap. Der var det mørke. Dei svarte avgrunnane i dvergrikets gruver, der til slutt Gandalf forsvinn ned i det svarte i kamp mot vondskapen, og all håp forsvann saman med fallet hans, ned i det botnlause.

Dei svarte avgrunnane i Moria i 2001 var berre på film. No 20 år seinare er dei på ekte. Alt som ligg att i Moria i Hellas er no mørke, fortviling og håpløyse. Det vesle dei hadde, vart rive bort over natta. Leiren som husa 13.000 menneske var laga for å huse 3000 menneske. Eit område fylt av gjørme, søppel og kloakk, der menneska levde i dagleg frykt med kriminalitet, eit høgt antal sjølvmord og seksuelle overgrep. Migrantane veit no ingen ting, heller ikkje for dei neste timane. Dei har inga ly, inga mat og inga klede. Svart oske og røyk er alt som er att.

I vår var Stavanger kommune med og signerte oppropet om å evakuere barn frå Moria. No er det klart til å hente dei planlagde 50, og mange stemmer i Noreg engasjerer seg, og ynskjer å bidra i denne krisa, og seier at 50 er ikkje godt nok.

Stavanger KrF forutset at Stavanger kommune følger opp, og seier høgt og tydeleg at me vil gje utsette barn og familiar ein ny heim og eit nytt liv i Stavanger. Stavanger KrF ynskjer at me seier som Oslo, Tromsø, Trondheim og Bergen, at me kan gjerne ta 50 kvar. Både Høgre og MDG i Stavanger har kome med forslag om at Stavanger må opne dørene for flyktningar frå Moria, og Stavanger KrF støtter dette.

Asyl- og innvandringspolitikk er vanskeleg, og kva som er best felles europeisk politikk, som kan løysa dei sprengte grensene i randsonene av Europa, og kor ansvaret skal ligga, er komplisert og stort. Likevel viser skiljelinjene i partia seg tydeleg i korleis og i kor stor grad me ynskjer å ta ansvar for dei fattigaste og mest utsette i verda. Eg håper at alle dei som no postar ei ramme rundt profilen sin på facebook, med orda «50 er ikkje nok» hugsar sitt engasjement når me går til val neste år. For det er styrkeforholdet på Stortinget som gjeld, dersom me ynskjer ein opnare og meir human asyl- og innvandringspolitikk.

Helgheim i Frp seier at det ikkje er Noreg sitt ansvar å rydde opp i Hellas sine problem. Me kunne sist veke lese at Sivertsen i Stavanger Frp ser på det som uaktuelt å ta i mot Moria-flyktningar i Stavanger. Høgre har nett lagt ut sitt forslag til nytt stortingsprogram der dei legg opp til ei tøffare linje i asyl- og innvandringspolitikken, og Senterpartiet har fleire gonger kome med forslag om å kutte ned på talet kvoteflyktningar til Noreg.

Dei partia som ynskjer at me tar eit større ansvar for flyktningane i verda, er i mindretal i Stortinget, og kjempar tøffe kampar for dei fattigaste. SV gjorde det i førre regjering, og Venstre og KrF gjer det no.

Verken Venstre eller KrF i regjering meiner at «50 er nok» Men med 4,2 % prosent har KrF, saman med Venstre klart å få gjennomslag for dette. Dette målet hadde aldri blitt nådd, og hadde ikkje vore mogleg utan oss i regjering. KrF har og fått gjennomslag for å hente 3000 kvoteflyktningar i året. Dette er tre gonger fleire enn under raudgrønt styre. KrF sto i bresjen for å sikra ein avtale før jul i fjor for ureturnerbare asylsøkarar som har vore lenge i Noreg. På grunn av KrF kunne og Noreg fjor oppfylla målet om 1 % av Noregs brutto nasjonalprodukt (BNI) til bistand, og var eit av landa med størst auke i verda.

KrF gjer ein forskjell når det kjem til å kjempa for verdas flyktningar. Me er langt frå det einaste partiet som har eit sterkt engasjement i å få ein meir human flyktningpolitikk, men me er ein av partia som kvar dag arbeider for å dra politikken i ein meir human retning, og at me skal kunne dele nokre av dei godane me har fått her i nord.

«You shall not pass», roper Gandalf til uhyret i Morias mørke i filmen. Dette ropet møter flyktningar i Moria i dag. Ingen skal få passere, og komme inn til Europa.

Det er ikkje me i Stavanger som kan bestemme kor mange som skal få komme inn til Noreg, men me som lokalpolitikarar kan seia til regjeringa at me er klare, og at me ynskjer flyktningar og menneske frå Moria velkomne til å starta ei ny framtid i Stavanger.

Mer fra: Nyheter