KrF sine prioriteringer for Stavanger

DEBATT: Haldninga og forståinga for gaming og e-sport er i ferd med å endre seg i positiv retning.

Av: Henrik Halleland, gruppeleiar, KrF, Anne Kristin Bruns, kommunestyremedlem, KrF og Marie Ljones Brekke, kommunestyremedlem, KrF.

Nyleg var det eit langt budsjettmøte i Stavanger kommunestyre. Stavanger KrF la då fram sitt eige forslag til budsjett og vi vil gjerne dele med dykk lesarar kva som var våre hovudsaker.

Vi stilte oss i hovudsak bak kommunedirektøren sitt forslag til budsjett, men med nokre endringar. 

KrF ønske å styrke og ikkje styre det frivillige arbeidet. Frivillige lag og organisasjonar representerer et stort potensial for å sikre innovasjon og utvikling av tenester. Frivillige lag og organisasjoner kan, i langt høgare grad enn i dag, bidra i det førebyggande og oppsøkande arbeidet.  Gjennom det arbeidet kan ein også identifisere nye områder, der frivillig sektor kan utføre kommunale oppgåver. Eit godt eksempel på dette er Lyttevenn i skulen (www.lyttevenn.no)  For KrF er frivilligheit i offentlig sektor nytenkande og viktig, og her treng vi endå fleire bilete av korleis dette kan sjå ut framover.  

For KrF er det viktig at folk kan bu i heile kommuna. Nokre av tiltaka  som kan hjelpe til med nettopp dette er kommunikasjon. Difor vil vi oppretthalde 50 %  av havbruksfondet til to viktige vegprosjekt i kommunen, Øyfast og Vassøy bru. Samtidig ynskjer vi å sette av 80 millioner kroner til sentrumsutvikling i Vikevåg i 2021. 

Det er heilt avgjerande at kommuna i langt større grad klarer å gjennomføre budsjetterte investeringar. Det vil påverke heile kommuna og ha stor betydning for heile regionen.

KrF ønsker ikkje ein kommunalisering av tiltak som fungerer godt. Difor vil vi tilbakeføre dei 3 millionar av kutt i driftsbudsjettet for kyrkjeleg fellesråd. For innbyggarane våre er utbygging av kyrkjesenter som har vore planlangt viktig. Difor set vi av pengar til Hausken- og Hafrsfjord kyrkjelydssenter. 

KrF meiner at det er viktig med ei god og forutsigbar ramme for skular og barnehagar. Vi vel å ikkje å kutte spesialundervisning før vi ser at behovet for spesialundervisning blir redusert. Difor reverserer vi dei planlagde kutta til Lenden, PPT og Stolt.

KrF ønsker ikkje å prioritere gratis SFO for førsteklassingane, men vil heller at søskenmoderasjon blir sett i samanheng med plass i SFO og barnehage. Vi vil jobbe for at private skular også skal få økonomiske rammer til å ha gratis SFO. 

KrF ser den positive effekten av at kommunen har sitt eige mobbeombod og vil difor auke denne stillinga frå 50 til 100 prosent. 

Alle er vi pårørande på ein eller annan måte, og KrF ønske å støtte Pårørendesenteret ved å opprette en barne- og ungdomskontakt, nettopp fordi unge pårørende er en utsatt gruppe. Amathea, rådgivingstjeneste for gravide gjer ein viktig samfunnsoppgåve gjennom lågterskeltilbodet for kvinner og menn som ønsker rådgjeving i forbindelse med uplanlagd graviditet, og dette arbeidet vil KrF styrke. 

For KrF er en verdig alderdom ei hjartesak. Da må vi legge til rette for at eldre skal ha moglegheit til eit aktivt liv og klare seg sjølv best mogleg, så lenge som mogleg. 

KrF vil arbeide for at ideelle aktørar skal få ein større rolle innanfor levering av offentlege tenestar ved å styrke bruken av reserverte anbod for ideelle, og styrke forutsetningane og rammevilkåra for dei ideelle. For å gje alle som trenger det eit tilbod i tråd med deira behov må vi bygge ut eit mangfaldig hjelpe- og omsorgstilbod. 

KrF vil forlenge avtalen med Frue Aldershjem inntil 2025, for å gje tid for utviklingsarbeidet med nye modellar. I et nært samarbeid med kommunen oppfordre vi Frue Aldershjem å vidareutvikle nye buformer for eldre, til dømes Omsorg +, som er bustader for eldre som har tilsette heile døgnet med ein husvert. I aktivitetssenteret vil ein ha moglegheit for sosiale fellesskap og tilgang til felles tenestetilbud.

For KrF er åndeleg omsorg ein viktig del av omsorga for mennesket. For å kunne møte dei åndelege behova hjå brukarane må dei tilsette ha kunnskap om korleis menneska kan bli møtt med åndeleg omsorg. KrF ønsker også å styrke dette arbeidet med to diakonstillingar, etter modell frå Tasta sjukeheim.

KrF er glad for at haldninga og forståing av gaming og e-sport er i ferd med å endre seg i positiv retning. KrF vil styrke e-sportsatsinga i den kommande perioden, i første omgang ved å sjå på moglegheiter for etablering av e-sportsenter i vår kommune.

KrF vil etablere eit minibadeland i ein av kommunen sine symjehallar. Eit slikt minibadeland ville vere ei fantastisk løysing medan vi venter på eit større anlegg.