Debatt

Kor mange glas toler barnet?

KRONIKK: I motsetning til oss vaksne kan ikkje barnet forlate festen, eller heimen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Anne Kristin Bruns, leiar, Stavanger KrF

«I denne jula blir det ikkje servert alkohol til julemiddagen heime hjå oss», seier ein ven av meg. Denne klare og viktige meldinga gav ho til sine foreldre då dei skulle feire jul saman. Familien har fleire born i småskulealder.

Jula betyr for mange fredfulle og rolege dagar med familie og vener. Slik er det ikkje for alle. La oss hugse på det og vise omsyn til kvarandre når vi no går jula 2020 i møte. Ei annleis jul på mange måtar. Kanskje det også skal gjelde alkoholserveringa når barn er til stades? Det er barna si høgtid.

Eg les gjennom annonse til Av-og-Til der spørsmålet er «Kor mange glas toler barnet?»

Når eg les historia til Emma kjenne eg det i magen. Emma er 7 år, det er julafta og ho kjenner at det er spenning i kroppen. Blir denne jula annleis enn den i fjor? Ho set seg i stova og ser på barne-TV. Foreldrene står etter kvart opp, mora set seg i sofaen saman med Emma, og ho kjenner den gode kjensla i kroppen. Ho tenker at dette kan gå bra. Diverre blir det ikkje slik utover dagen. Det blir servert alkohol til middagen, og Emma må pakke opp gåvene sjølv. Går etter kvart opp i senga og gøyme seg under dyna fordi stemmene og støynivået i stova er høgare og høgare. Ei slik julefeiring skal ikkje barn ha. Frykt, redsel, einsemd og knuste forventningar, ein dag då barnet skal vere sentrum for feiringa. Det er eg som vaksen og forelder som er ansvarleg for klimaet i heimen, alle dagar.

Born er totalt avhengige av dei vaksne rundt seg og like best når foreldra oppføre seg som dei gjer til vanleg. Difor kan det vere skremmande når dei som står nær endre åtferd. I motsetning til oss vaksne kan ikkje barna velgje å forlate festen, eller heimen.

Omlag hundre tusen born i Noreg bur saman med vaksne som har eit jamt høgt alkoholkonsum. Samtidig veit vi at mange drikk meir i høgtida og helg­ane, når fridagane er fleire og tida betre. Borda blir fylt med alkohol og inntaket aukar kraftig, ofte med born til stades. Vi har også sett at omsetninga i vinmonopolet er rekordhøgt denne jula. 
Rundt dei mange middagsbord sit også vaksne som har utfordringar med alkoholen. Nokon kan ha vanskelege periodar i livet, der dei prøver å gløyme sorga med å drikke meir. Andre er gjerne endeleg tørrlagde, men det er eit sterkt press i høgtida som kan få ting til å kome ut av kontroll igjen. Korleis reagerer vi på folk som ikkje drikk? Er vi skeptiske, kritiske eller beundre vi dei for det valet dei har teke? Treng vi å påpeke når nokon ikkje har fylt opp glaset? Det er ein god vane å vise omsyn og respekt for kvarandre sine val. Spørsmålet om kor mange glas ein toler er aktuelt å stille i fleire samanhengar. Alkoholpåverka vaksne endrar ofte veremåte. Nokon bli meir tøysete, andre meir aggressive. Endra veremåte kan være ei skremmande oppleving for dei små. Sjølv «lykkepromille» kan opplevast vanskeleg å forstå. Sjølv om me som vaksne tenkjer at dette gjer oss glade og lykkelege, er det ikkje rett og riktig at barn skal måtte uroa seg for kor mange alkoholeiningar den vaksne drikk. Eg ønske ikkje å moralisere, men sette fokus på korleis barn oppleve når vaksne endre åtferd.

La oss alltid stille spørsmålet: Kor mange glas toler barnet?

Mer fra: Debatt