Kommentar

Kva er eigentleg Vestlandet?

Viken er død, Akershus, Østfold og Buskerud lever, men korleis står det til med fylka i vest ingen makta å tvinga saman? Kan Vestland verta Vestlandet med Bergen og Stavanger i fredeleg samarbeid?

Det kosta 760 millionar kroner å tvangssamanslå for så å tvangsoppløysa Viken – storfylket som berre ein kommunalminister frå Senterpartiet kunne elska. Snart skal innbyggjarane i Søgne og Songdalen røysta over lausriving frå Kristiansand. På Sunnmøre rista Haram av seg Ålesund etter fire år med tvangsekteskap. Hedmark og Oppland ser ut til å ha funne fred med kvarandre i Innlandet, men korleis står det til i vest? Der Vestland i ubestemt form vart forma av Hordaland og Sogn og Fjordane i 2020? Korleis verkar fylket Vestland på landsdelen Vestlandet, der Rogaland og Møre og Romsdal framleis er eigne fylke?

Sett bort frå kjefting om kraftinntekter har det vore stille frå Vestland. Rett nok har strilar, sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar fleire hundre år med røynsle i å vera undertrykte av Bergen, og det ser ut til å gå bra i eitt og same fylke òg. Det er nok pågåande strid mellom fogderia Sogn, Sunnfjord og Nordfjord til å gløyma at Bergen er den nye fylkeshovudstaden deira. Tradisjonen tru kranglar Florø og Førde om kven som eigentleg er byen i det tidlegare fylket – på same vis som Bergen har problem med å godta at statusen som hovudstad rauk i 1299. Den same drivkrafta synte seg då Rogaland sa nei til å verta ein del av Vestland. Og den sterkaste drivkrafta i neiet frå Rogaland var at Stavanger aldri vil finna seg i å vera eit bergensk underbruk.

Bergen har Oslo som nokon å hata, Sandnes finn seg ikkje i å vera veslebroren til Stavanger og Stavanger har Bergen som sitt Oslo. Med ujamne mellomrom tek politikarane likevel opp det som økonomiprofessor Victor Norman kallar den kritiske massen på Vestlandet. For å motarbeida Oslo-dominansen trengst det motvekt – og den finst berre på Vestlandet. Folketal på 1,4 millionar, to universitet og høgskular på fleire nes, arbeidsliv og økonomi som berre Oslo-regionen kan tevla med. Problema er fjordane og fjella som gjer at den nest største byen i landet (Bergen) og den tredje største tettstaden (Stavanger og Sandnes) ikkje heng saman som ein felles bu- og arbeidsmarknad. Eller er det meir?

Det er mykje meir. Eg høyrer til dei som får hjernekløe av «identitetspolitikk», men me kjem ikkje utanom å greia ut om bergensk pompøsitet og stavangersk nyrikdom etter at den mindre byen i sør tok over det økonomiske hegemoniet. Innimellom skriv lokalpolitikarane under på dokument om samarbeid mellom dei to byane, slik dåverande Stavanger-ordførar Leif Johan Sevland (H) og like dåverande Bergen-byrådsleiar Monica Mæland gjorde i 2010. Før ho vart send i regjering hadde Kari Nessa Nordtun òg ein ambisjon om å betra tilhøvet til sin gamle studieby Bergen. Kvifor skjer det seg likevel alltid?

Kvifor gjer det så godt å sjå Viking slå Brann (to av to gonger førre sesong)? Identitet og bergensk motstand mot stavangersk vekst. Det er freistnaden frå politikarane i Bergen på å skrota Hordfast, det ferjefrie sambandet mellom Stord og Os som saman med Rogfast kan gjera det mogleg å kjøra mellom Bergen og Stavanger på to timar. Medan me er i gang med å byggja tunnel under Boknafjorden, skapar bergensarane dårleg stemning ved å blanda inn Bybanen over Bryggen og betre veg til Voss. Kva meir enn tunnel-vegring er i vegen for å gjera Vestland til Vestlandet? At Bergen var sterk motstandar av at Stavanger skulle få universitet? Medisin- og/eller psykologi-utdanning i Stavanger? Nei, seier Bergen. Nevrokirurgi? At me i Stavanger skal operera i hovuda på kvarandre har heller ikkje vore greitt for bergensarane.

Og for å provosera oss er dei i ferd med å setja grensa for landsdelen nord for Boknafjorden, medvitne som dei er at det den største fornærminga for siddisar og sandnesgaukar er å verta oppfatta som anna enn vestlendingar. Vestlandet har ein felles identitet der me anten er litt Jon Fosse og går tause ved fjorden, eller som Einar Førde der me fornærmar kvarandre. Bergensarane er noko for seg sjølv, basert på at dei er ein tysk-nederlandsk utpost med skotske innslag. Alt dette kan me leva med, men kvifor ikkje som eitt fylke?

Eg har budd i Bergen i ni år, studert og arbeidd der og har Bergen som den andre byen i verda eg er heime i. Eg har budd der lenge nok til å skjøna og lika at det pompøse er bergensk ironi; dei bles opp og overdriv der me andre vestlendingar stikk hol på ting. Dei går ikkje i prosesjon 17. mai for å feira Grunnlova, dei feirar Bergen. Austlendingar vil aldri ta ironien når Brann-fansen syng «Gullet ska hem». Likevel: Kvifor får me det ikkje til saman? Historieprofessor Morten Hammerborg, litteraturprofessor Janne Stigen Drangsholt og forfattar og journalist Sven Egil Omdal diskuterte nyleg dette med Vestland, Vestlandet og Bergen som hovudstad for landsdelen. Samtalen deira på Litteraturhuset i Bergen i fjor haust kan tena som ein bakkanal før vidare samtalar kjem på politisk nivå. For å unngå at me skal vera viljelause satellittar som krinsar om Oslo, som historieprofessor Hammerborg sa det, må Vestlandet vera meir som ein føderasjon enn ein landsdel der me andre krinsar om Bergen. I statsvitskapen trekk ein gjerne fram Tyskland som ein typisk føderasjon med sterkt sjølvstyre. Med Berlin som hovudstad, Frankfurt som finanshovudstad, Karlsruhe som sete for forfatningsdomstolen og Hamburg som den viktigaste byen for handel. Frankrike er døme på det motsette der alt handlar om Paris.

Eit Vestland som vert Vestlandet og strekk seg frå Egersund til Ålesund krev at Bergen går med på å dela fleire funksjonar med seg, slik Hammersborg, Stigen Drangsholt, Omdal og me andre er samde om. Hjernar, svulstar og hjarte må opererast i fleire byar, ikkje berre i Bergen. Vestlandet må ha meir enn eitt hovud. For oss siddisar går det greitt å leva under Oslo-sentralismen, me snur ryggen til som me alltid har gjort, men sentralisme med Bergen som ein hovudstad på Vestlandet? Aldri.





Hold deg oppdatert. Få dagleg nyheitsbrev frå Dagsavisen

Mer fra Dagsavisen