Debatt

Ja til sol i energihovudstaden!

DEBATT: Mange forskarer har tru på sola som energikjelde.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Kari Vestbø, leiar miljøpolitisk utval, Stavanger SV og Eirik Faret Sakariassen, gruppeleder, Stavanger SV

Me treng sola til å lyse opp i kvardagen. Det er mykje å uroe seg for og litt solvarme kan kanskje glatte litt på bekymringsrynkene. Ei av dei store rynkene kjem av klimakrisa, og her kan sola bidra med verkelege løysingar. Solenergi er klimavennlig energiproduksjon utan naturinngrep. Dei siste ti åra har det blitt installert meir solkraft enn kolkraft i verda. Som energihovudstad må Stavangar vere frampå og ta del i denne solskinnshistoria.

Sjølv her i regnvåte Stavanger er det nemleg nok sol til at det er lønsamt med solenergi. At det regnar ein del, bør ikkje bekymre. Forskarar frå SINTEF har funne ut at solstrålene går gjennom regnet og at regn difor ikkje påverkar effekten.  Kaldt klima er ein fordel, for solcellepanel er meir effektive og varar lengre når det er kaldt. Ved Norges arktiske universitet  har ein funne ut at solceller kunne produsert nok strøm til heile den private bilparken i Tromsø mesteparten av året.

KRONIKK: «Nå må vi bygge i Stavanger»

Ved å installere solcellepanel eller solfangarar på tak og fasadar, kan energi frå sola gi elektrisitet og varme til bygg. Noregs vassdrags- og energidirektorat meiner at potensialet for solenergi i Noreg er på 7 TWh. Solenergi-teknologien blir stadig billigare. Det betyr at strøm frå solcellepanel kan konkurrere med å kjøpe strøm frå nettet når ein tar utgangspunkt i heile levetida til solcellepanelet. Dessuten er kostnadane til drift og vedlikehald låge dei første 20–30 åra.

Reduserte kostnadar er ein av grunnane til at det blir bygd ut meir og meir solenergi i Noreg. I 2018 auka den samla solenergikapasiteten i Noreg med 52 %. Nokre kommunar har også  bygd bygg med solenergi. Framtida.no gjennomførte i 2019 ei undersøking blant norske kommunar. Av dei 179 kommunane som svarte, var det 11 prosent som har fått eit eller fleire bygg med solenergi. Då Brynseng skole i Oslo blei bygd i 2016, blei det installert solceller. No produserer skulen, på ein mørk februardag, 2/3  av dei  kilowattane skulen treng i løpet av ein dag.

Stavanger kommune har vedtatt ein ambisiøs klima- og miljøplan med mål om å kutte utsleppa av klimagassar med 80 %. Planen vil fase ut alle fossilbaserte energikjelder i kommunale bygg innan 2020 og «som hovedregel ta i bruk solenergi som del av løsningen i alle nye bygg». I Stavangerplattformen har SV saman med Ap, MDG, FNB, Sp og Rødt sagt at det på nye offentlege bygg skal vere solceller og/eller grøne tak, der det er hensiktsmessig.

DEBATT: Ingen skal møte kreft og korona alene

Stavanger kommune inngjekk i 2019 ein avtale med Naturvernforbundet om ei solsatsing i regionen: «Solsats». I dette prosjektet vil ein sjå på mogleg bruk av solenergi både for privatkundar, i landbruket, i kommunale og offentlege bygg,  samt andre bedriftsbygg.  Stavanger SV meiner at kommunen, med utgangspunkt i dette arbeidet, bør lage ein eigen plan for satsing på solenergi. Denne planen bør seie korleis kommunen kan gjere nytte av solceller i eigne bygg. Oslo kommune har per i dag 11 bygg med solenergi, og byrådsleiar Raymond Johansen har uttalt ein ambisjon om å byggje ut solenergi på alle kommunale bygg. Her kan energihovudstaden la seg inspirere av Oslo.

Ein kommunal plan for solenergi bør også innehalde kva kommunen kan gjere for å leggje til rette for investering i solenergi i private husstandar og næringsbygg. Mange bustadeigarar har investert i solenergi dei siste par åra. Likevel ligg Noreg på sisteplass i Europa når det kjem til satsing på solceller i private bustadar. Mange personar ønskjer å bidra til ei meir bærekraftig framtid, samstundes som ein kan spare utgifter til energi, og dette må kommunen støtte opp om.

Kanskje er det i stor grad sola som skal redde oss i framtida? Mange forskarar har stor tru på sola som energikjelde. Finske og tyske klimaøkonomar har utarbeidt ein modell for korleis verda kan bli utsleppsfri innan 2050. Dei meiner elektrifisering og solkraft er nøkkelen. Solenergi kan bli den viktigste drivaren i det nye energisystemet, og forskarane hevdar at heile 69 prosent av verdas energi kan kome frå solenergi i 2050. «En global overgang til 100 prosent fornybar energi på tvers av alle sektorer – kraft, varme, transport og vann-avsalting – er oppnåelig innen 2050,» står det i innleiinga til rapporten Global Energy System based on 100% Renewable Energy.

LEDER: Smittsom overvåking

I Norge vil vasskrafta framleis vere vår viktigaste kjelde til elektrisitet, men solenergi er i ferd med å bli eit viktig bidrag i verda si omstillinga til grøn energi. Energihovudstaden bør ta del i denne utviklinga og første steg må vere å lage ein plan for dette. Ved å investere i solceller kan kommunen bidra til å auke den totale tilgangen på rein, fornybar energi. Stavanger SV meiner at kommunen som energihovedstad må ha høge ambisjonar for satsing på solenergi. Me treng solskinnshistorier og dette kan bli ei det er godt å varme seg på i krisetider.

Mer fra: Debatt