Debatt

Gledeleg jul

KRONIKK: Førejulsmaratonet nærmar seg endeleg mål. Snart er juleopne butikkar julestengde. Då er det berre å håpe at alle har fått kjøpt sitt. At det ikkje blir som med han som på julafta kom på at han ikkje hadde kjøpt noko til kona.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Jarl Wåge, skribent

«Snø meir. Snø meir.» Vi ungane stod ute på vegen i heimbygda mi i Ytre Nordfjord og ropte taktfast opp mot himmelen. Det var nokre snøfjon i lufta, og vi hadde så inderleg lyst på kvit jul som uskuldsrein ramme rundt alt vi med sitrande, utålmodig forventing såg sånn fram imot.

Det var siste søndag i advent. Skitnesøndag, som det heitte den gongen. Vi slapp å ha på oss sundagsklede, og innomhus hadde dei vaksne fått melding frå den allstyrandes om at dei ikkje trengte å halde denne eine kviledagen i året heilag. Så der var det vasking, gnikking, gnuring, baking, steiking og brasing på hyperaktig nivå for å bli ferdig med alt som måtte vere ferdig til den store kvelden.

LES OGSÅ: «Det e`sjynt å kjøra buss»

Foreldra mine dreiv landhandel. Aldri var det så hektisk som før jul når vi skulle skaffe alle i bygda alt dei hadde bruk for til julehøgtida. Det blei alltid lange og strevsame dagar. På julafta roa det seg ned. No kom folk innom for å supplere og kjøpe ting dei hadde gløymt. Det var noko eige med stemninga den dagen. Alle ønskte kvarandre god jul, og det låg forventnigar i lufta. På slaget klokka tolv kom Fru Inselseth innom med smørbrød, julekaker, lefser og kakao til oss stakkarane som måtte jobbe på julafta.

Vi var aldri heime før det var ettermiddag. Då måtte slitne vaksne gjere dei siste førebuingane. Snart breidde pinnekjøtlukta seg i huset. Og sjå om det ikkje blei jul. Kvart einaste år. Reine minnefabrikken for bruk når det er tid for nostalgi, mimring og tilbakeblikk.

Også i år nærmar juleførebuingsmaratonløpet seg mål. Betalingskorta som runde etter runde har susa gjennom betalingsterminalar i eit tempo Ingebrigtsen-børne bare kan drøyme om, skal snart få kvile. I vekevis har det vart. Eit maratonløp som blir lenger og lenger år for år. Det offisielle startskotet gjekk då julegranene blei tende. Og som alltid «når nettene blir lange og kulda setter inn», fylgde handelstanden opp med skinande og glitrande julegater. Dei tende ikkje tusen julelys som i songen, men hundretusenvis og gjorde mørketida litt mindre mørk.

Ein heil hær av menneskje i alle slags serviceyrke har ekspedert, servert og frisert oss etter alle kunstens reglar. Dag ut og dag inn har dei stått på pinne for oss kundane for å skape stemning, hygge og kjøpelyst.

LES OGSÅ: Kom. Lat oss brenne koranar

Dei har smilt og sagt «Hei, takk skal du ha, ver så god og ha ein fin dag.» Uansett. Same korleis deira eigen dag måtte vere. Om kunden er uhøfleg og ikkje svarer. Om hen snakkar i telefon på veg forbi kassa og fullstendig ignorerer personen som ekspederer. Kunden har nemleg alltid rett.

«Kan eg hjelpe deg?» smiler dei om vi er hyggelege og imøtekommande eller uhøflege og vanskelege. Om vi klagar på prisen, prutar, prøver på alt muleg utan å kjøpe noko og så bare går vår veg utan å seie «Ha det». Same kva slags tålmodigheitsprøve vi set dei på; dei ønskjer oss ein fin dag. Like forbanna.

Ikkje berre skal dei gjere adventstida vår hyggelegare og enklare. Når dei sleper seg heim etter lange arbeidsdagar, skal dei skape enda meir stemning i eigen heim. Det skal vaskast gølv, bærast ved, settast opp fugleband og pyntast tre. Englar skal dale ned både frå og i skjul, og det skal tennast lys så ingen krok er mørk. Og neste dag er det på`an igjen og like blid.

Førejulsmaratonet nærmar seg endeleg mål. Snart er juleopne butikkar julestengde. Då er det berre å håpe at alle har fått kjøpt sitt. At det ikkje blir som med han som på julafta kom på at han ikkje hadde kjøpt noko til kona. Det einaste som var ope, var ein bensinstasjon. Den jula låg det ei termoskanne frå Shell under treet til henne. Ho var ikkje blid, for å seie det mildt.

Når julefreden, og skuldrene, endeleg han senke seg i dei tusen heimar, når bordet er dekt og julemiddagen fyller huset med lukt, sånn lukt julemiddagen skal fylle huset med, er det bare å ønskje at det blir ei inderleg god jul for oss alle. Same kva slags jul vi vel å feire. Lat oss håpe at tindrande barneauge held fram med å tindre. At dei, når dei ein gong er i andre enden av livet, har gode og lyse juleminne å mimre om.

Og lat oss midt i feiringa stopp opp bitte litt og sende ei takk og «ei gledeleg jul» frå alle oss til alle dei som har sagt «Hei, takk skal du ha, ver så god og ha ein fin dag». Gledeleg jul.

Mer fra: Debatt