Folk er betre førebudde

DEBATT: Om straumen eller vatnet blir borte, eller du skulle bli isolert som følgje av ekstremvêr, er det greitt å ha mat, drikke, varme, legemiddel, hygieneprodukt og tilgang til informasjon.

Av: Elisabeth S. Aarsæther, direktør i DSB.

Alle husstandar bør vere førebudde på å greie seg sjølve i minst tre døgn. Nesten åtte av ti nordmenn seier no at dei kjenner til desse råda frå DSB. 

Koronapandemien har påverka oss alle, og det har vore – og er – ei tøff tid for mange. Takk vere god respons på meldingane frå styresmaktene, har dei fleste heldigvis unngått alvorleg sjukdom og død blant sine nærmaste.

Vi som jobbar med å førebyggje ulukker, kriser og andre uønskte hendingar, er veldig glade for at fleire no, i kjølvatnet av den første fasen av pandemien, ser ut til å vere betre førebudde enn før.

I ei fersk spørjeundersøking utført av Ipsos for DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) seier 77 prosent at dei kjenner til tilrådingane frå styresmaktene om at alle husstandar i Noreg skal vere førebudde på å kunne greie seg sjølve i eigen heim i minimum tre døgn, om straum, tele-/mobilnett og internett fell ut. Tilsvarande tal frå i fjor haust var høvesvis 65 prosent rett før Eigenberedskapsveka 2019, og 71 prosent rett etter denne kampanjen. 

DSB har dei siste par åra aktivt oppfordra folk til å førebu seg på å greie seg sjølve i minst tre døgn, slik at ein er best mogleg rusta i ein eventuell krisesituasjon. Om straumen eller vatnet blir borte, eller du skulle bli isolert som følgje av ekstremvêr, er det greitt å ha mat, drikke, varme, legemiddel, hygieneprodukt og tilgang til informasjon. På sikkerhverdag.no finn du konkrete forslag til kva du bør ha i hus.

Ofte er det ikkje så mykje som skal til. Vi veit at mange hushald har både god beredskap og mykje nyttig kunnskap. Men éin ting få av oss har på lager, er vatn. Difor er det gledeleg at nesten tre av ti no seier at dei har lagra beredskapsvatn. Det er framleis for få, men vesentleg fleire enn i fjor. 

Noreg er ikkje større enn at alle – det vil seie både ansvarlege styresmakter, næringsliv, organisasjonar og befolkninga (altså deg og meg) – må ta ansvar for å skape eit trygt og robust samfunn.

Sjølv om Noreg er eit trygt og stabilt samfunn, minner koronapandemien oss på at når kriser råkar oss, må ansvarlege styresmakter prioritere dei som treng det mest. Og slik vil det også vere i andre kriser. 

Om fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan vi setje hjelpa inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.