Debatt

Ein festdag for syklistar

DEBATT: Ideen om sykkelstamvegen kom i utgangspunktet frå Stavanger KrF for over ti år sidan.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I dag er det ein festdag for heile Nord-Jæren, når samferdselsministeren vår Knut Arild Hareide kjem til byen for å opne den nye Sykkelstamvegen.

Dette er ikkje ein festdag berre for sykkelpendlarane, men for alle. Dette blir eit løft for heile regionen og viser at satsinga på sykkel verkeleg viser igjen. Som ein del av bymiljøpakken blir det no mogleg å kome seg  lettare fram på sykkel mellom Stavanger og Sandnes. Strekninga som i dag blir offisielt opna er 3,8 kilometer lang, frå Jåttå til Sandnes grensa, men den totale strekninga skal bli 13 kilometer. At fleire nyttar sykkel til og frå jobb bidreg svært positivt i forhold til folkehelse og framkomelegheit, samtidig som det er miljøvenleg.

Eg fekk min fyrste sykkel rett før eg skulle starte i 1.klasse. Den var raud og fin og eg var veldig stolt. Vegen til skulen var over tre kilometer lang, ikkje på ein fin asfaltert «motorveg», men ein grusete og smal bygdeveg. Då vi var småbarnsforeldre valgte vi å vere utan bil eit heilt år og kom oss fram med sykkelvogn og kollektiv. Det gikk fint, sjølv om kollektivtilbod var mindre på nittitalet, og det er ei viktig erfaring å ha med seg.

Eg har sett borna mine stråle og rope ut i gledeshyl når dei endeleg knekte sykkelkoda, og tørka mange tårer etter skrubbsår. Sykling ble familieaktivitet og trimtur, pendling til jobb i sol og motvind i all slags ver. No har eg over fleire år hatt tilgang på el-sykkel som har gjort at eg har fått ei heilt ny oppleving av å sykle på jobb i kjole og høghela sko utan å bli svett.

Etter eit politisk møte er det fantastisk å sette seg på sykkelen. Vi har ein ufatteleg fin natur og klima for nettopp å bruke sykkelen endå meir. Dette er mi sykkelhistorie. Kva er di sykkelhistorie?

Ideen om sykkelstamvegen kom i utgangspunktet frå Stavanger KrF for over ti år sidan, då Åsleik Rannestad i Stavanger bystyre foreslo ein sykkelmotorveg mellom Stavanger og Forus. Han var framsynt nok til å sjå behovet for å kome seg raskt fram på sykkel ved utviklinga av Forus som arbeidsplass. Det ville vere lettare å nytte sykkel til jobben om det var lagt godt til rette for det med ein eigen sykkelmotorveg. Forslaget kom inn i ulike kommunale planar og  i løpet av prosessen er dette no blitt til Sykkelstamvegen.

No er deler av denne vegen klar, og det er med stor glede at vi skal kunne nytte oss av denne strekninga. Hovudmålet med Sykkelstamvegen er å legge tilrette for overføring av arbeidsreiser på Nord-Jæren frå personbil til sykkel, særleg til arbeidsplassane i Forus/Lura området. Den vil også fungere som effektiv sykkelveg frå bydelen til byssentra i Stavanger og Sandnes.

For KrF er det viktig å framleis gjere det lett og ikkje minst trygt å sykle i trafikken. Difor vil vi framleis jobbe for at det blir etablert sykkelvegar langs jernbanespor og andre kollektivtrasear slik som langs Gandsfjorden.
Det skal vere særleg merka for sykkel i rundkøyringar og delt inn i gang– og sykkelfelt på sykkelstiar. Samtidig ser vi at det fungere svært godt med «brumlefelt» som ein del av vegbanen, og dette vil vi ha fleire stader.
Utbygging av nye sykkelstiar på Finnøy og Austra Åmøy er viktig satsing både for skuleborn og andre som nytte seg av sykkel som ein naturleg framkostmiddel.

No går det mot kaldare tider og vi går ein haust og vinter i møte. Klimaet her gjer at vi stort sett har sykkelføre heile vinterhalvåret, og det gjer at KrF har stor tru på at når heile Sykkelstamvegen står ferdig vil dette bli eit svært viktig tilskot til den framtidige måten vi kjem oss fram på. Dette er bærekraftig og nyttig.

Mer fra: Debatt