Debatt

Domstolane og Frps kuvending

DEBATT: Hor med ord er ikkje greitt, heller ikkje når det kjem frå statsrådar og stortingsrepresentantar, skriver Jenny Klinge.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Jenny Klinge, Justispolitisk talsperson, Senterpartiet

Før sommaren var det jubel i mange tingrettar og jordskifterettar fordi Frp garanterte at dei saman med oss i Senterpartiet, Arbeiderpartiet og SV ville berge alle førsteinstans-domstolane frå samanslåing. Bakgrunnen er at regjeringa vil leggje ned ca to tredelar av tingrettane og mange jordskifterettar. Tradisjonell sentralisering frå den kanten altså, men det blir presentert som ei distriktsreform.

No i haust har Frp plutseleg bestemt seg for å skrive om historia. No er dei opne for å forhandle bort domstolane i budsjettforhandlingane med regjeringa. Både Frp og regjeringa forvrenger kva dette handlar om, i eit mangfald av lesarinnlegg og utspel for tida. Påstandane deira er at det å slå saman rettskretsar ikkje er det same som å slå saman domstolar. Dei seier at alle domstolane dermed skal bestå og i tillegg behalde same bemanning som i dag.

Problemet er dette: Dei har ikkje belegg for å hevde at domstolar ikkje blir nedlagte når ein slår saman rettskretsar. Hor med ord er ikkje greitt, heller ikkje når det kjem frå statsrådar og stortingsrepresentantar. Ein tingrett er ein domstol med eigen domstolleiar og ein eigen rettskrets. Dersom det skal setjast rett fleire stader i denne rettskretsen, kan det gjerast i denne tingretten, på tilhøyrande underavdelingar eller i leigde lokale; altså på andre rettsstader som anten er bemanna eller ubemanna.

Viss regjeringa får det som den vil med vippepartiet Frps velsigning, vil om lag to tredelar av dagens tingrettar omgjerast til slike underavdelingar. Desse vil då ikkje lenger vera tingrettar, men bli underordna den eine tingretten som får behalde domstolleiaren og tingrettsstatusen. Same prinsippet gjeld for jordskifterettane.

Førebels ligg det heller ikkje an til at det blir bestemt ei minimumsbemanning for dei rettsstadene som mistar tingretts- og jordskifterettsstatusen. Garantiar frå regjeringspartia, Frp og også frå Domstoladministrasjonen er hule lovnader som bør smake vondt i munnane deira. For kva i all verda er grunnen til å sentralisere tingrettane om ikkje føremålet er å endre fordelinga av bemanning over tid? Drar vi parallellar til politireforma, var ikkje lovnadene særleg mykje verdt om at alle gjenverande lensmannskontor og politistasjonar skulle bli styrka. Men lovnadene bidrog til å minske motstanden i debatten før vedtaket.

Det finst ikkje eit fagleg begrunna behov for å utvide rettskretsgrensene, med mindre tanken er å leggje ned dei små tingrettane. At justisministeren ikkje vil lovfeste minimumsbemanning ved dei nye underordna rettsstadene som er tenkt etablert,  er eit klart og tydeleg signal om at føremålet er nedlegging.

Veldig mange i domstolane er skuffa over Frp no, og det bør også deira eigne lokalpolitikarar vera. Desse siste burde ha føresetnad for å forstå at å leggje ned domstolar i distrikta ikkje er ei distriktsreform.

Mer fra: Debatt