Datasentre, demokrati og makt

DEBATT: Me må ha ein statleg stragi for etablering av datasentre.

Av Jo Jenseg, leiar i LO i Stavanger og Omegn

Regjeringa vil har fleire datasentre til Norge meldte Aftenposten i februar 2018. Dei ønskar at så mange som muleg av dei datasentra som skal opprettast i verda blir lagt til Norge. Kommunar og andre står i kø for tilby tomter og kraftselskapa for å tilby kraft. Ein blir lova at dette skal skape mange arbeidsplassar. Det blir vist til at Norge har mange fordelar ein kan tilby når det gjeld etablering av datasentre, god infrastruktur, kjøleg klima, gratis kjøling ved bruk av sjøvatn eller vatn frå innsjøar, stabilt demokrati og EU-tilpassa regelverk. 

Stabilt demokrati betyr kanskje at ein ser for seg at politikarar ikkje vil komme med endringar i rammebetingelsane for å drive datasentre og eit EU-tilpassa regelverk at ein ikkje kan knytte vilkår til etableringane for å sikre at arbeidsplassar blir i Norge og at me beholder og utvikler kompetanse her. Då vil det norske folk ha lite å tjene på at mange slike sentre blir lagt til Norge sjølv om det kanskje er nokre få som kan gjere gode pengar på dette.

Datasentre er svært kraftkrevande og det er begrensa kor mange datasentre me vil ha kraft nok til å etablere i Norge. Då må me ha ein strategi for kva me skal bruke krafta vår til og ikkje selge ho etter eit «første mann til mølla»-prinsipp. I staden for å tilby dei store internasjonale gigantselskapa som Facebook og Google våre naturresurser på billigsalg så bør me i større grad utfordre deira makt og behandle data sjølv i langt større utstrekning.

Implement Consulting Group har, på oppdrag frå regjeringa, nyleg gjort ei analyse av ringvirkningar av gjennomførte og potensielle etableringar. Den visar at dei 18 datasentra som eksisterer i dag bidrar med 2376 jobber i norsk næringsliv. Då er det tatt med jobbar skapt både ved direkte og indirekte virkningar, inkludert jobbar skapt ved konsum, såkalla induserte virkningar. Datasenterselskap som Green Mountain presenterer imidlertid fantasifulle estimat over arbeidsplassar dei kan skape om dei får etablere seg. På Rennesøy skulle det skape 1500 arbeidsplassar og på Kalberg opptil 10.000 arbeidsplassar inklusive ringvirkningane. Altså meir enn fire gonger så mange som 18 datasentre skaper i dag! 

Dei fleste av dei eksisterande datasentra har norske eigarar, men og f.eks den internasjonale teleselskapet Orange er å finne på eigarsida. Me veit at internasjonale giganter som Google er interessert i å etablere seg i Norge (Skien). Dei veit me betaler lite skatt i landa dei etablerer seg i og kanaliserer overskotet til skatteparadiset Bermuda. Det er usikkert kor mykje datasentra legg igjen i form av skatter til Norge. Kva får me eigentleg igjen for redusert elavgift og fritak frå maskinskatten? 

Ifølgje rapporten frå Implement så hadde datasentra salgsinntekter på 1,6 milliarder i 2019 med ein installert kapasitet på 135 MW. Men inntektene dei skaper vil kanskje først og framst hamne i lomma på norske og internasjonale eigarar, i tillegg til at kraftselskapa jo vil få betydelege inntekter frå datasentra. 

Skal me bli noko anna som må me ha ein statleg strategi for etablering av datasentre. Me må passe oss for at me ikkje bare skal levere kraft, kjøling og lagringsplass, men sørge for at me sjølv behandler data i størst muleg grad. Me må bruke det me har lært frå tidlegare industrisatsing, stille vilkår for etableringar i form av at det bidrar til lokal teknologiutvikling, gjerne i samarbeid med våre utdanningsinstitusjonar. Det lille Norge stilte tøffe krav til dei utanlandske aktørane som ville ha ei bit av Nordsjø-kaka. Det var vilje til politisk styring og ein strategi for å utvikle eit eige operatørselskap som gradvis blei den viktigaste aktøren på norsk sokkel. Nå ser det ut som at rådande politikk er å stå me lua i handa å gjere oss lekre for dei utanlandske gigantane.

Me behandler jo alt masse data i Norge, ikkje minst gjennom offentleg virksomheit som NAV, Forsvaret, Skatteetaten, sjukehusa og Oljedirektoratet.  Kommunar og fylkeskommunar gjer det sama. Nokre forbund innan LO har tatt til orde for å opprette «Statssky», ein statleg lagringsteneste som både skal sikre våre offentlege data og gjere oss uavhengige av private og internasjonale datalagringstenester. Tyskland har oppretta Bundescloud. Å ha nasjonal kontroll over våre data er ikkje bare eit spørsmål om sikkerheit. Håkon Edøy Hanssen i Attac peikar på at det demokratiske spelerommet vil bli innsnevra om me ikkje tar kontroll over våre eigne data og infrastruktur. 

Datasentre er svært kraftkrevande og skal me etablere ein statssky i Norge så må me sikre at me kan levere nok kraft. Statnett har mottatt datasenter-forespørsler på totalt 7000 MW. Rekna om til strømforbruk tilsvarer det 61,2 TWh årleg som er nesten halvparten av Norges samla forbuk i dag. Skal det bli rom for annan kraftkrevande industri, som kanskje gir fleire arbeidsplasser, så seier det seg sjølv at me ikkje kan seie ja til alle etableringar av datasentre. Ein statleg plan for disponering av kraftressursane er heilt nødvendig. Det må vere balanse mellom datasentre og annan industri slik at me får fleire bein å stå på.

Plasseringa av datasentra blir og viktig. Dei avgir store mengder spillvarme som ein kan nyttigjere seg i industri, til varme til husholdningar eller til f.eks drivhus. Men då må dei vere plassert slik at me får nyttigjort oss så mykje som muleg av spillvarmen, dvs nær der den skal brukast og gjerne slik at det gir grunnlag for fleire arbeidsplassar. Det vil vere ille om mesteparten av denne energien går i fjorden og ennå verre om den blir sluppe ut i våre innsjøar med tilhøyrande miljøkonsekvensar.

Den hviterussiske forfattaren Evgeny Morozow, som mellom anna har skrive «The Net Delusion: The Dark Side of Internet Freedom», tar til orde for at digital infrastruktur bør gjerast statleg og at innbyggarane bør eige sine eigne data. Den høgdigitale verda treng ikkje vere nyliberal seier han og meiner at me har tapt rasjonalet bak velferdsstaten av syne.

Øystein Eriksen Søreide, administrerande direktør i Abelia, er skeptisk til ønsket om digital sjølvråderett og meiner at dette kan stoppe utveksling av data og hindre forsking på helse og at norske selskap kanskje ikkje vil få tilgang til data frå andre land som dei har nytte av. Men og Søreide ser utfordringa ved at eit lite knippe selskap har slikt enorm makt over opplysningar om oss. Han ser imidlertid for seg at ein kan utvikle internasjonale avtaler om dette.

Me må gå ut i frå at Søreide her mellom anna tenker på datahandelsavtalen det nå blir forhandla om i WTO. Her ser det ut til at dei internasjonale gigantselskapa får det som dei vil ved å fjerne politisk handlingsrom og hindre reguleringar. Norges posisjon i desse forhandlingane ser dessverre ut til å støtte opp om dei internasjonale gigantselskapa sine interesser snarare enn sikre demokratisk kontroll og å forsvare våre nasjonale interesser.

Krafta vår, distribusjonsnettet for kraft, vegane og jernbanen tilhøyrer oss alle og bør vere eigd av det offentlege. Kor me skal bygge vegar, kraftlinjer og jernbane må bli styrt av våre felles behov og vere underlagt demokratisk kontroll. Datasentre og fiberkablar er og infrastruktur og bør vere i offentleg eige og under demokratisk styring. Noko anna vil bare lede til at det er nokre få sine økonomiske interessar som får styre kva infrastruktur me skal bygge ut. Og at Google og Facebook styrkar grepet om våre data. Snarare bør med bidra til å redusere dei store IT-gigantane si makt og kontroll. Eit første bidrag frå oss vil vere å ikkje tilby våre naturressursar til desse selskapa.