All ekstremisme er totalitær

DEBATT: Det er to kampar som må kjempast om de vidunderlege kloden vår skal overleva, skriver Jarl Wåge.

Skrevet av: Jarl Wåge

La det vere klinkande klart. All ekstremisme, anten den er høgreekstrem, venstreekstrem eller religiøs, er antidemokratisk og totalitær. Målet er å spre hat, frykt, splitting, konfrontasjonar og, i verste fall, massakrar og blodbad. Vi må aldri la oss lure av ekstremistar som gjev eit skin av å kjempe for fridom og fedreland. Dei er forføreriske løgnarar alle som ein.

Forrige helg blei SIAN-medlem og medlem i antisemittiske Alliansen, høgreekstremisten Dag-Eivind Lid funnen død i sin eigen bustad i Kristiansand. Eit dødsfall som no blir etterforska som mord. Eit kvart drap er eitt for mykje, og det fyrste som slo meg då eg høyrde om det, var: «Eg håper ikkje det er eit politisk motivert mord».

Ein av Siv Jensen sine stolte gutar, stortingsrepresentant Per-Willy Amundsen, ja, nettopp; han som Erna Solberg fann verdig til å sitte ved kongens bord som justisminister, tok ein Øystein Sunde og smidde, bokstaveleg talt, «mens liket var varmt». Han var grytidleg ute og skreiv mellom anna på Facebook: «Har «det gode hatet» kostet menneskeliv? Hatet fra ekstremvenstre må tas på alvor. Voldsvenstre er en fare for demokratiet» Lenge før politiet eller nokon andre ante kva som hadde skjedd, klarte altså eks-ministeren å peike ut potensielle mordararar. Og han stoppa ikkje der. Han definerte like godt kven han reknar som valdsvenstre: «Det er elementer i partiet Rødt som bruker vold for å fremme sitt budskap. Rødt som er selverklærte kommunister.»

«Kommunist» ser forresten ut til å vere det mest populære skjellsordet blant høgreradikale for tida. Ein merkelapp dei stadig klistrar på sine politiske motstandarar. Til og med eg, eit stakkars gudsord frå Ytre Nordfjord, blir stadig kalla kommunist. 

Ikkje bare i Noreg toppar ordet kommunist ti-på-topp-skjellsordlista. Her om dagen kalla sjølvaste Donald Trump visepresidentkandidat Kamala Harris både monster og kommunist. Då han blei vald til president i 2016 feira Ku Klux Klan og andre høgreekstreme grupper sigeren med strak arm og Sieg Heil. Det var som om dei hadde fått ein av sine eigne i Det kvite hus.

Kanskje var dei ikkje heilt på jordet. Trump har stadig avslørt ekstreme haldningar. Som då han hevda at «there are very good people on both sides» etter at høgreekstreme demonstrerte i Charlottesville og tok livet av ein motdemonstrant. Det gjorde han òg då han fekk tåregassa fredelege Black Lives Matter-demonstrantar vekk frå Det kvite hus for å ha ein bisarr fotoseanse med ein Bibel i handa foran ei kyrkje. 

LES OGSÅ: Lokal-demokratiet må styrkes

Det lengste steget mot ytre høgre tok han då han i ein presidentkandidat-debatt nekta å ta avstand frå den militante ekstremistgruppa Proud Boys. I staden oppfordra han dei til å tre tilbake og halde seg klare. Ikkje rart dei stolte gutane var ekstatiske etter ei slik oppfordring frå presidenten.

Donald Trump har lenge drive reinaste sverte-kampanjen mot Guvernøren i Michigan, Gretchen Whitmer. Mellom anna for hennar strenge tiltak mot COVID-19. For ei stund sidan leverte han følgjande tweet: «Liberate Michigan». No ser det ut som om ei gruppe høgreekstremistar har tatt han på ordet. Dei har blitt arresterte for å ha planlagt å kidnappe og drepe guvernøren og samtidig gå til åtak på sentrale og vitale mål i delstaten. Sjølvsagt står ikkje Trump bak dette, men ein skal vere temmeleg blenda av O store, oransje sol om ein ikkje vil innsjå at han kan ha inspirert terroristane.

Eg forstår så inderleg godt sorga og sinnet som får BLM-rørsla til å ta til gatene i USA kvar gong afro-amerikanarar blir brutalt drepne av politifolk og mordarane slepp unna med milde straffer. Men det gjer meg fortvila og forbanna når eg ser korleis mange av demonstrasjonane endar opp med at ei ekstrem gruppe plyndrar butikkar, brenn bilar og raserer bysentrum. Det einaste dei oppnår, er at Trump og hans støttespelarar avfeiar heile BLM-rørsla som venstreekstremistar. Noko dei sjølvsagt ikkje er.

Like fortvila og forbanna blir eg når eg ser liknande ting ske i vår eigen andedam. Det er flott og nødvendig med motdemonstrasjonar kvar gong SIAN gjennomfører sine latterlege brenne-Koranar-stunt i norske byar. Men ofte blir desse motdemonstrasjonane øydelagde av folk som gjer akkurat det SIAN ønskjer; tyr til hærverk og vald så dei får dei store overskriftene.

Nokre av desse valdselementa er rasande og krenka muslimar. Dei har lov til å vere både rasande og krenka, men stunta er lovlege, og dei må lære seg å halde seg på matta og ikkje mate trolla.

Enda verre er det når islamistar verda over går i krenkemodus og truar med vald og terror om nokon skulle finne på å kritisere profeten Muhammed eller teikne karikaturar av han. Det skjedde i 2005 då Jyllands-Posten publiserte karikaturar av Muhammed. Redaktøren måtte gå under jorda og blei utsett for drapsforsøk.

Enda verre var åtaket mot satiremagasinet Charlie Hebdoe i Paris i 2015 etter at dei hadde publisert Muhammed-karikaturar. Terroristar tok seg inn i redaksjonen sine lokale, og tilsamen 12 menneskje døte av terroren.

Vi er i det 21. århundret. Folk har uavgrensa tilgang til blanke ark og fargestiftar til. Då må dei pinadø få lov til å teikne kva dei vil utan at verda går av hengslene. Sjølvsagt er det forståeleg at enkelte blir såra og krenka. Bli endeleg det. Og sei i frå. Men snakk med ord. Ikkje med våpen.

Det er to kampar som konstant må kjempast om den vidunderlege kloden vår slik vi kjenner han, skal overleve: Kampen mot forureining og klimaendringar. Og kampen mot ekstremisme; eller rein ondskap som eg kallar det.