Å hjelpa den som treng det mest

KRONIKK: – Er det dei som treng det mest som ropar høgast?, undrar Sølvi Ona Gjul.

Av Sølvi Ona Gjul, Stavanger Arbeidarparti

Dette er ambisjonen til samarbeidspartia som styrer Stavanger, men er det dei som treng det mest, som ropar høgast? Eg trur mange av dei er tause. Koronasituasjonen har gjort det meir vanskeleg enn elles å vita kven som treng det mest. Media har hatt mange oppslag om verksemder og organisasjonar og folk som har krevjande tider, men vi veit ikkje nok om dei som truleg strevar mest i kvardagen. Til dømes familiar med funksjonshemma barn – korleis har kvardagen vore for dei i denne tida? Og korleis har døgna vore for barn som frå før hadde det vanskeleg fordi ein vaksen i familien tyr til valdsbruk når det buttar imot? Desse barna fekk det neppe lettare med heimeskule og heimekontor og restriksjonar for sosial kontakt og aktivitet. 

Orda i overskrifta er Ivar Aasen sine, og kommunedirektøren siterte heile diktet då han la fram forslag til handlings- og økonomiplan for 2021–2024 for eit par veker sidan. Men korleis kan vi få vita kven som treng det mest? 

Det er særleg viktig at vi prøver å få oversyn over dei som lever i ein kvardag med vald for å kunne gi nødvendig hjelp. Det trengst innsats frå mange hald for å få slikt oversyn, sjølv om det neppe er realistisk at vi får fram all informasjon. Barnehagar og skular, fastlegar og helsestasjonar, familievernkontor og barnevern må vere særleg vakne for signal frå barn og unge om slike utfordringar. Fleire kan sikkert hjelpe til, t.d. Alternativ til vald, Krisesenteret, familievernkontora, Helsehuset. Kanskje kunne vi få i stand samarbeid om eit felles prosjekt med støtte frå staten? Koronakommisjonen skal levera rapport til våren, og ein del av oppdraget til kommisjonen er å avklara økonomiske og sosiale konsekvenser av pandemien og smittetiltaka. Konsekvensane vil nok utgreiast på nasjonalt nivå – vi treng eit meir nærsynt blikk. Stavanger kommune skal straks i gong med å oppdatera planverket, og vi skal framleis ha ein eigen plan for førebygging av vald i nære relasjonar. Eit oversyn over situasjonen bør vere eit grunnlag for planen. 

Å hjelpa dei som treng det mest, er altså ambisjonen vår. I den politiske plattforma er dette understreka alt i innleiinga. Der står det m.a. at vi vil ha ei meir rettferdig retning i politikken, vi vil redusera forskjellar og byggja ut gode felles velferdstenester, og vi vil sikra trygg og god oppvekst for barn og unge. Men det er ei krevjande oppgåve: Regjeringa sin politikk går i feil retning – forskjellane aukar. Det ser ut til at regjeringspartia trur på sprinkle-effekten: Når det regnar på presten, dryp det på klokkaren. Men skattelette til dei aller rikaste gjer ikkje kvardagen lettare for dei som har minst! 

Kommunalministeren har lova at kommunane skal kompenserast for utgiftene knytte til covid-19, og det må vi tru han på. Men det er ikkje til å koma frå at kommunane får mindre pengar enn på lenge med forslaget til statsbudsjett. Og det er i kommunane utjamninga først og fremst skjer – om vi ser bort frå skattepolitikken, då. På helse- og velferdsfeltet handlar det både om barn og unge, om folk som er midt i livet og om dei som er godt oppe i åra. Nokre treng tenester som er særleg ressurskrevjande, og her har regjeringa år for år kutta i den statlege støtta. Då ordninga vart innført i 2004, dekte staten 80 % av utgiftene over kr. 700 000. I 2013 var innslagspunktet heva til kr. 975 000, og i løpet av dei siste åra er det heva kvart år. I forslaget til statsbudsjett for 2021 er det heva med kr. 46 000 til kr. 1 430 000. Dette inneber at kommunane gradvis har fått stor auke i utgiftene, også fordi talet på dei som treng slike tenester, aukar. For små kommunar kan det som er små endringar for regjeringa, bli ei tung bør i ein skranten kommuneøkonomi. Stavanger får neste år kr. 7 700 000 i auka utgifter som direkte følgje av heva innslagspunkt. Så gjeld dette dei som treng det mest – altså prioriterer vi dei i vår kommune! 

Samarbeidspartia vil at alle som treng det, skal få plass på sjukeheim. Og utviklinga går rett veg: Per 30. august var det berre sju som ikkje hadde eit heildøgnstilbod og måtte få hjelpa heime medan dei venta. Arbeidet med å sikra plass til alle som treng det, er i gong – byggjeprogram er vedtatt for utviding ved sjukeheimen på Finnøy med 24 plassar, og for første trinn på Ramsvigtunet med 30 plassar. Målet er å ha plassane klare til bruk innan utgangen av 2022. Men vi treng også å utvikla gode tilbod til dei som treng hjelp i mindre omfang. Oslo kallar sitt opplegg for Omsorg Pluss, omtalt i gjeldande planverk for Stavanger. Vi bør utvikla vår eigen versjon, kanskje i samarbeid med ideelle verksemder?

Og så må eg ta med eit viktig punkt: Mange er blitt urolege for endringar som gjeld såkalla STOLT-avdelingar i Stavanger (avdelingar for særskilt tilrettelagt opplæringstilbod). Eg kan forsikra om at alle elevar i Stavanger-skulen skal ivaretakast i samsvar med krava i opplæringslova. Elevar som ikkje har forsvarleg utbytte av den ordinære opplæringa, skal få ei sakkunnig vurdering frå PPT og eit enkeltvedtak om spesialundervisning som både skal seia noko om kva kompetanse eleven treng, kva innhaldet i opplæringa skal vera, korleis og kvar opplæringa skal givast, kva omfang opplæringa skal ha. Og barnets beste skal leggjast til grunn! Det tok vi inn i Grunnlova i 2014, der står dette i §104: Ved handlinger og avgjørelser som berører barn, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn. 

STOLT-avdelingar er nok til beste for nokre elevar, og spesialundervisning ved nærskolen til beste for nokre (t.d. i ei lita gruppe, i einetimar, eller i klassen, eller i ein kombinasjon), gitt at det er forsvarlege rammer og kompetanse i begge tilfelle. Både elevar og foreldre skal vera trygge for at Stavanger vil gi opplæringstilbod i samsvar med lova og ut frå konkrete vurderingar av kva som er til beste for eleven.