Debatt

Ingen skal haldast utanfor

Det handlar om gode kvardagsliv for alle.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Anne Kristin Bruns

«Det har vore vanskeleg å sjå verdien av meg sjølv, men det siste året har eg forstått at eg er god nok til noko fordi nokon få har sett på meg og ikkje på rullestolen. Då eg vart vald som lokallagsleiar følte eg at eg var ein ressurs og begynte å forstå at kunnskapen og erfaringane eg hadde var viktige». Dette seier leiaren for KrF i Hjelmeland Ingrid Pedersen. Ho er rullestolbrukar og avhengig av at samfunnet er universelt utforma.

Det er mange utfordringar som møter henne i kvardagen. Ho seier er at matbutikkane er for tronge, fortauskantar for høge og at det er vanskeleg å ta buss fordi det ikkje er rampe eller lem. Så til meir nødvendige behov som at offentlege toalett er for små, og at ein ikkje kan lukke døra.

Vi har så lett for å gløyme nettopp dei som av ein eller annan grunn har funksjonsnedsetjingar når vi sjølv ikkje har same behov som dei. Da min far brått vart avhengig av ein gåstol, blei eg merksam på kor dårleg tilpassa omgjevnadane var for ein som hadde ein funksjonsnedsetjing. Sjansane er store for at dei aller fleste av oss vil ein gang ha behov for universell utforming.

Vi i KrF ønsker å bygge et samfunn der ingen blei utelate. Det gjeld dei som sitter i rullestol, men det gjeld også eldre som ikkje klare å bruke den nye digitale teknologien.

I august 2021 la regjeringa fram sin handlingsplan «Bærekraft og like muligheter – et universelt utformet Norge 2021- 2025». Der heiter det at ein skal legge universell utforming til grunn i planlegginga av omgjevnadar og busetnad, at dei ivaretar folkehelse omsyn i planlegginga, og at kommunar har en aktiv og heilhetleg tilnærming til utvikling av aldersvenlege kommunar. Hensikta er å legge til rette for likeverdig deltaking i samfunnet for alle innbyggjarar, uavhengig av funksjonsevne og livssituasjon. En viktig suksessfaktor for dette er at tenester som blir tilbode, er universelt utforma. Ein annan suksessfaktor er at det offentleges kommunikasjon og samhandling med brukarene skal skje på et klart og godt språk.

Det handlar om gode kvardagsliv for alle.

I bystyret på måndag vedtok vi temaplan for universell utforming i Stavanger kommune. I den planen legg Stavanger kommune til grunn FN-konvensjonen for rettigheiter til personar med funksjonsnedsetjing. Der blir universell utforming definert som utforming av produkt, omgivnader, program og tenester på en slik måte at de kan brukast av alle menneskjer i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpassing og en spesiell utforming. Her må vi som kommune bidra til nettopp dette.

Då er det flott å lese i planen at gjennom utbygginga av det nye rådhuset har prosjektgruppa hatt god erfaring med å ha ein person som har dedikert ansvar for å ivareta krav og omsyn til universell utforming gjennom heile prosessen. Stavanger kommune vil bygge videre på denne positive erfaringa ved å inkludere ein koordinator for universell utforming i alle større byggeprosjekt. Dette lover godt framover.

Universelle løysingar gjeld også digitale løysingar. Når mykje av tilgangen på informasjon skjer via det digitale, er det viktig at det er moglegheiter for framleis å kunne møte menneske, stille direkte spørsmål, ringe eller betale med bankkort.

Ein ven av meg sende nyleg ein SMS der ho spurte om det er slik at bankterminal skal takast bort frå røntgen og legevakt. Det er mange som «ikkje kan data». Det var eit hjartesukk frå ei som treng at det finnes tilbod for dei som ikkje klare å tileigne seg dei digitale løysingane som for mange av oss går lett.

Det å møte behova til den veksande gruppa av eldre er også ein viktig del av det universelle samfunnet. Vi må legge til rette for at menneskjer kan leve lange og meiningsfylte liv. Vi må forebygge einsemd og utanforskap for dei som har levd eit aktivt liv og kanskje erfarer at alderdomen set nye og annleis grenser for kvardagen. Som fleire eldre har sagt, så blir det så lange og stille dagar når dei ikkje er så sterke eller klare så mykje som før.

For KrF handlar det om at vi treng eit brukarvenleg og inkluderande samfunn der ein vil gje fleire tilgang til viktige samfunnsarenaer.

For KrF handlar det om at vi treng eit brukarvenleg og inkluderande samfunn der ein vil gje fleire tilgang til viktige samfunnsarenaer. Både direkte og indirekte vil dette kunne medføre en positiv helsekonsekvens, slik det står i planen. Indirekte ettersom inkludering og deltaking har positive helsefordelar. Direkte fordi aktivitetane som blir gjennomført som mellom anna arbeid og fysisk aktivitet, er direkte helsefremjande. For vårt parti, handlar det om å skape eit godt samfunn med god livskvalitet for kvar enkelt. Den kristendemokratiske ideologien inneberer eit menneskesyn der likeverd, fellesskap, mangfald og solidaritet er sentrale verdiar. Då har vi ansvar for at det blir slik også i den praktiske politikken.

Mer fra: Debatt