Debatt

Ja til fortsatt gratis ferje!

Stavanger KrF har kjempa hardt for å klare å snu sitt eige fylkeslag i denne saka.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

– Må alt vere heilt gratis? Vedkommande som spurte var nok kanskje litt oppgitt over gratisbølgja i Stavanger; gratis buss, gratis skulemat, gratis SFO og no det siste alt «maset» om gratis ferje. Men kvifor er dette med gratis så ferje viktig for oss? Svaret er å visa til kva ringverknadane av gratis ferje har betydd i lokalsamfunna våre.

Victor Norman-rapporten; NOU 2020 Det handlar om Noreg – utredning om konsekvensar av demografiutfordringar i distrikta, peiker på gratis ferje som eit positivt verkemiddel som har betydning for demografien, altså kvar folk vel å busetje seg. Dei aller fleste av dei ikkje-landfaste øyane nord i Stavanger, Finnøy kommunedel, opplever dramatisk nedgong i folketalet. Sidan 1980 har Ombo hatt ei nedgong på nærare 30 %, Sjernarøy 25 %, Halsnøy knapt 20 %, Bokn og Byre vel 20 %. Fogn har totalt ei lita oppgang på 5 %, men dei siste 13 åra viser negativ folketalsutvikling her også.

Samtidig med kommunesamanslåinga i 2020, fekk næringslivet endra arbeidsgjevaravgift til staten frå 10,6 % til 14,1 %. Ei vesentleg og negativ endring som viste direkte igjen på resultatlinja for alle næringsdrivande.

Våre små veglause lokalsamfunn toler ikkje å bli kasta rundt i politisk spel.

Då det vart snakk om gratis ferje til små veglause samfunn, var det mest så me ikkje kunne tru det. Det var det mest verdifulle handslaget som er gitt til små, veglause lokalsamfunn nokonsinne. Dette av di verdiar skapast når det vert lagt til rette for dette; optimismen snur, investeringa aukar, det vert fleire sikre jobbar, og det gjev ringverknadar i alle ledd. I aksjonsgruppa som jobbar mot reversering av gratis ferje har me arbeida med å synleggjera kva positive ringverknadar gratis ferje har og har hatt, og desse gjeld også for øyane nord i Stavanger;

  • Gratis ferje er sannsynlegvis det mest målretta tiltaket som er iverksatt frå storsamfunnet si side for at små samfunn skal kunne vekse og utvikle seg vidare.
  • Gratis ferje er det enkelttiltaket som har skapt desidert størst framtidstru i våre små veglause samfunn.
  • Gratis ferje er det sterkaste tilgjengelege verkemiddel for å stabilisere og auke innbyggartala i lokalsamfunn utan fastlandsforbinding.
  • Gratis ferje aukar etablerings- og investeringslysta blant næringsdrivande, både i lokalsamfunnet, og frå etablerar utanfrå.
  • Gratis ferje stimulerer og aukar det samla aktivitetsnivået i lokalsamfunnet, meir enn noko anna enkelttiltak.
  • Gratis ferje forenklar den daglege flyten i transporten og senker terskelen for å bevege seg til og frå fastlandet.
  • Gratis ferje har ført til auka interesse for lokalsamfunna våre, noko som gjev meirverdi i alle ledd, og det har auka samhandlinga med fastlandet.
  • Gratis ferje har gitt gevinst i heile næringslivet som langt overstig alle eventuelle meirkostnadar gjennom auka verdiskaping.
  • Gratis ferje har gitt oss tru på at det overordna politiske systemet i Norge fungerer, og er ei stadfesting av eit politisk vidsyn som tek demografiutfordringane i distrikta på alvor.
  • Gratis ferje er ein stor siger for fornuften, og ein aksept for at ferjer til lokalsamfunn uten fastlandsforbinding, skal likestillast med vegen til resten av landets lokalsamfunn som ikkje er avhengig av ferje.

At fylkespolitikarane i fleirtalet ikkje viser vilje til å sjå kva dette politiske verkemiddelet har skapt, og skaper, av positive ringverknadar, har sett i verk ein storm av frustrasjon og sinne i våre lokalsamfunn. Det er det siste me treng.

I gamle Finnøy kommune var det mange tiltak og prosjekt som vart satt i gong for å stimulera til bulyst og auka folketalet. Det einaste tiltaket som ga resultat, var vedtak om veg. 30. oktober 2009 opna Finnfast til Finnøy og Talgje. Ser me folketalsutviklinga på Talgje og Finnøy i eit 40-års perspektiv, har Talgje hatt ei befolkningsauke på over 140 %, Finnøy har hatt ein auke på knapt 45 %. Våre små veglause lokalsamfunn toler ikkje å bli kasta rundt i politisk spel. Me veit at den endelege stabiliteten me treng, er eit vedtak om veg. Dei siste åra har vore ein konstant kamp for samferdsel inn til øyane våre. Samfunna ropar etter den stabiliteten som Øyfast-prosjektet kan gje oss.

Fram til då, er gratis ferje det beste handslaget frå storsamfunnet om at dei fortsatt vil at det skal vera liv på øyane her.

Stavanger KrF har kjempa hardt for å klare å snu sitt eige fylkeslag i denne saka, og me står fast på at dette var svært god politikk for øyane nord i Stavanger. Når fylkespolitikarane i fleirtalet ikkje er til å rikka, er me svært glade for signala frå regjeringa om at dei vil sikra at denne gode politikken vert endra frå å vere ei fri løyving til fylka, til å bli festa med lov, slik at dette gode verkemiddelet som gratis ferje er, vert sikra heilt for lokalsamfunna våre.

Mer fra: Debatt